Bybonde: Irene Holta Tjøstheim heime i tunet på Tasta.

– Litt nerdete, seier Irene Holta Tjøstheim om seg sjølv. Frå første september blir ho ny organisasjonssjef i Rogaland Bondelag.

Sjur Håland

Den nye organisasjonssjefen pløyer med glede gjennom eit offentleg høyringsutkast eller fem. Eventuelt mentalt stress etter travle arbeidsdagar blir best handtert ved eggesorteringsbordet heime på Tasta.

– Alternativet til eggsortering er ein god tur på hesteryggen. Det er terapi i slikt, seier ho.

Holta Tjøstheim tek over stillinga etter Olav Sande, som trer over i pensjonistane si rekkje etter ni år i tenesta.

– Ja, takk, eg elskar kaffi, seier ho, i møte med Bondevennen, og tek smilande i mot eit brennheitt pappkrus med svart kontorkaffi.

Eggproduksjon

38-åringen med røter frå Ryfylke er godt plassert på Tasta i Stavanger saman med mannen, Glenn Finnestad, og tre aktive jenter mellom fem og tolv år. På garden driv dei med eggproduksjon på ei konsesjonsbesetning med 7.500 høner. I tillegg har dei nokre mål med tidlegpoteter.

– Miljøbur?

– Spørsmålet måtte koma! Me har miljøbur, men skal byta ut innreiinga med lausdriftssystemet Aviar i oktober. Me får første innsettet i nytt system i desember.

Garden har dei teke over etter Glenn sine foreldre. Den nye organisasjonssjefen har hatt oppveksten sin midt i storbyane Stavanger og Trondheim. Kanskje kjem landbruksinteressa alt frå barne- og ungdomsåra. Besteforeldra sin gard i Ryfylke har gjort inntrykk. Farfaren tok småjenta med til ein nabogard med kyr på båsane. Her lærte ho å mjølka. Seinare vart ho engasjert i Natur og Ungdom.

– Engasjementet mitt for jordvern vart vekt. Eg stod mellom anna på barrikaden og demonstrerte mot E6-utbygginga i Melhus, fortel ho.

Master i plantevitskap

Holta Tjøstheim har agronomutdanning med bachelor i husdyr- og plantefag. Vidare er ho rusta med ei mastergrad i plantevitskap frå Ås. Masteroppgåva vart skriven i Bioforsk sine lokale på Særheim i Klepp.

– Det var heilt konge. Kulturlandskapet frå vindauga gjorde nok sitt til at eg flytte tilbake til Stavanger.

– Korleis vil dei som kjenner deg, beskriva deg?

– Som ganske målbevisst, vil eg tru. Eg blir lett engasjert og kan bli høglydt i debattar. Så er eg glad i menneske generelt og i barna mine spesielt.

Ho har vore engasjert lektor på vidaregåande skule i Randaberg. Seinare var ho landbrukssjef i Rennesøy i fem år, med tilleggsoppgåver blant anna innan byggesaker og arealplanar. Vidare gjekk ferda vidare til arbeid som plan- og forvaltingssjef i Hå kommune, før ho siste året har vore assisterande dagleg leiar i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

– Eg har lært mykje. Blant anna har eg sett kor viktig det er å vera tidleg på ballen i kommunale og regionale prosessar. Oppgåvespennet har vore stort og kjem godt med i den nye jobben. Siste året har eg mellom mykje anna vore med og laga gjødselplanar for NLR-medlemmar.

Dørgande keisamt, vil enkelte hevda om faglektyren som Holta Tjøstheim meir enn gjerne fordjupar seg i. Både høyringsuttalar og saker knytt til Jordlova, Plan- og bygningslova og Konsesjonslova er interessante lesestoff.

– Litt nerd, er eg nok, smilar ho.

Pedagogisk

– Er nerdetendensane viktig for den nye jobben?

– Absolutt. Nokon må jo lesa alle dei offentlege dokumenta. Eg har lite i mot det. Å vidareformidla innhaldet i sakspapira til styret i Rogaland Bondelag på ein pedagogisk god måte blir blant oppgåvene mine. Det gler eg meg til.

– Kva fekk deg til å søkja?

– I utgangspunktet hadde eg vore kort tid i den eksisterande jobben, og hadde ikkje tenkt å søkja. Men freistinga vart for stor. Landbrukspolitikk er spanande, og det å nå få vera med bak kulissane i jordbruksforhandlingane, blir stas, rett og slett.

Meir synlege

Rogalandsbonden treng å snakkast opp og fram, i følgje den komande organisasjonssjefen.

– Me er for lite synlege. Landbruket treng å syna fram dei offensive og positive sidene, innimellom alle dei gongene me får kamera og mikrofonar retta mot oss og må gå i forsvar.

Organisasjonssjefen skal vera personalsjef på kontoret i Hillevåg. Ho skal halda kontakten med hovudkontoret i Oslo, vera sekretær, halda oversikt og laga gode saksframlegg for styret. Det blir hennar ansvar å setja styrevedtaka ut i praksis. Særleg viktig blir kontakten med styreleiaren, Marit Epletveit.

– Det blir enormt viktig å vera ein god sparringspartnar for henne til ei kvar tid, understrekar Holta Tjøstheim.

Svein Helge Harbo og Olav Sande har gått opp spora.

– Klart eg kjenner forventningspresset etter to svært dyktige føregjengarar. Men eg har brei erfaring, og ser ikkje på meg sjølv som ein lettvekter. Dermed håper eg å greia leva opp til dei krava som blir stilt.

Har kontroll

– Jordbruksoppgjeret er særs komplisert. Bondelagsmedlemmane vil venta at du har stålkontroll og kan svara på eit kvart spørsmål. Kan du prisnedskrivinga på korn, kvoteordninga på mjølk og arealtilskotssatsane?

– Kvoteordninga kan eg. Eg kan konseptet med den norske landbruksmodellen og kjenner prisnedskrivingsordninga for korn. Satsane på arealtilskota kjenner eg godt etter å ha forvalta tilskotsordningane i mange år. Eg har kontroll på det meste her.

Ho held fram at dei som ikkje har same interessa som henne, men som vil skaffa seg ein oversikt, kan sjekka ut landbrukspodden på Norges Bondelag si heimeside.

– Den forklarer det meste og er fantastisk god, seier ho.

– Kva svarar du om eg gir deg stikkordet optimisme?

– Me har tre jenter heime og håpar at ei av dei vil ta over etter oss. Å snakka positivt om landbruket er viktig. Negative saker og to krevjande år har sett optimismen og rekneskapa hjå bøndene på prøve. Gode erstatningsordningar og kompetent mannskap på landbrukskontora er viktig. Så må me bli flinkare til å synleggjera overfor oss sjølve og storsamfunnet alt det positive som landbruket står for. Omdømme- og alliansebygging er viktige nøkkelord.

Kjapt om det viktigaste

– Gjødselvareføreskrifta?

– Me har venta på ei revidering i mange år. Denne saka er krevjande. Ikkje minst sidan me ikkje veit kva som kjem. Me må finna alternative måtar å disponere gjødsla på. Husdyrtalet i fylket skal oppretthaldast.

– Dyrevelferd?

– Landbruket gjer mykje bra. Velferdsprogrammet for gris er mest alle med på nå. Me som skal driva med husdyr framover skal ha topp dyrevelferd og eit godt samarbeid med Mattilsynet, som må opp og gå etter knekken. Så må me bli flinkare til å ta samfunnsansvar og syna fram korleis me driv til dagleg, sjølv om det er utfordrande grunna smitterisiko.

– Økonomi?

– Marknaden betyr mykje for oss i Rogaland. Me treng å oppretthalda tilskotsordningane og få bukt med overproduksjonen. Så treng bonden å koma lønsmessig nærare samanliknbare grupper. I kroner, ikkje i prosent.

– Vegetartrenden?

– Det er jo positivt at me et meir frukt og grønt. Stor del norskproduserte varer er avgjerande. Men det blir heil feil og langt frå bærekraftig å kutta ut kjøt og mjølk.

– Overproduksjon?

– Svært krevjande for tida. Me har ein jobb å gjera når det gjeld marknadsføring og utvikling av nye produkt, saman med auka satsing på gardsutsal og lokalmatproduksjon.

– Klima?

– Landbruket kunne vore langt flinkare til å snakka om den effektiviseringa me alt har vore gjennom. Det er få næringar som kan syna til reduserte klimagassutslepp og auka produksjon slik landbruket kan. Men me skal sjølvsagt bli enda betre framover.