BN+

God plass: Med heile 1800 kvadratmeter i grunnflate, har Elin og Terje god plass til gode fasilitetar. Her er rekka med kalvingsgardar, dei har 12 stykk.


Terje Birkeland og Elin Fjellheim prioriterte god plass til å gi dyra ein god start på livet, då dei planla fjøset. Både folk og fe ser ut til å trivast med vala.


Jane Brit Sande


Terje Birkeland og Elin Fjellheim hadde fjøsopning med meir enn 200 vitjande i veka før Bondevennen kom på besøk.


– Det var så morosamt. Det kom både kjente og ukjente, og dei kom reisande frå begge Agder-fylka, seier Terje.


Han viser veg mot det nye fjøset på garden deira på Evje i Agder. Nytt er kanskje å ta litt hardt i, då det allereie er eit år sidan dei første dyra fekk koma inn. Terje og Elin har lagt ned mykje eigeninnsats i fjøset, og ville venta med opninga til heile fjøset var i bruk.

Føretrekk tre

Fjøset er bygd i tre, og måler heile 1800 kvadratmeter i grunnflate. Med naturleg ventilasjon og heile 11 meter under møne er det friskt og luftig innandørs.


– Elin og eg var samde om at eit nytt fjøs skulle vere i tre. Mjølkefjøset er også bygd i tre. Me likar estetikken og innemiljøet som tre gir, og det veg tungt, seier Terje.


Arbeidet med tomta starta hausten 2018. Bøndene ville unngå å ofra dyrka mark og beiteområde. Terje meiner at han har sprengt ut kring 5000 kubikk med stein. Fjøset er levert av Riska Sagbruk, og er bygd i deira patenterte laftesystem. Terje anslår at det er nytta mellom 7 og 800 kubikk med tømmer, alt frå produsentar i Rogaland og Agder.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,