Trivsel: Seniorforeningen i Jæren forsøksring dyrkar fag, trivsel og samvær. Nå vil dei ha med seg fleire. Frå venstre: Endre Grude, Henny Grude og Ragnvald Gramstad.

Alder er inga hindring for å dyrka landbruksinteresse og godt lag. NLR sitt seniorlag på Jæren har vore aktive i tjue år. Nå vil dei ha fleire medlemmar – frå heile fylket.

Sjur Håland

Bønder går ikkje ut på dato. Medlemmane i Seniorforeningen i Jæren forsøksring held ved like landbruksinteressa og snakkar landbruket opp og fram. I tillegg har dei det gildt i lag.

Skapar miljø

– Kom inn!

Det er slik det ofte er på Jæren. Vertskapet har dekka salongbordet med fin porselen etter alle kunstens reglar. Lune kanelbollar og kaffi. Henny Grude er hobbyfotograf, og har funne fram to store album fulle av minner og dokumentasjon på at Seniorforeningen i Jæren forsøksring byr på gode og store opplevingar. Ho har med seg mannen, Endre Grude, og nestoren i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR), Ragnvald Gramstad rundt bordet.
Dei tre held fram at seniorforeininga er ein viktig miljøskapar. Reidar Husveg frå Varhaug var ein av pionerane som starta opp laget sist på 1980-talet. Han, og fleire bønder som var i ferd med å trappa ned, hadde sterke band til det som då heitte Jæren forsøksring og såg behovet for eit fagleg og sosialt fellesskap, også etter gardsoverdraginga.

– Om skøytet er underskrive og medlemskapen i NLR blir betalt av yngre mannskap på garden, er du framleis bonde, minner Endre Grude om.

Sommartur

Saman med Henny, har han vore ivrig deltakar i seniorforeininga sine arrangement i ei årrekkje. Dei siste åra er det Endre som har hatt leiarvervet. I lag med styremedlemmane, Tordis Kverme og Magne Sunde, syter han for eit eksklusivt program gjennom året, der bussturen i månadsskiftet juli august er høgdepunktet. Bindeleddet mellom seniorforeininga og NLR har vore Ragnvald Gramstad, som sjølv nyleg vart pensjonist.

– Eg blir med vidare, med same rolla som før, forsikrar han.

Kring 80 personar, som betalar 300 kroner i årleg kontingent, står på medlemslista. Med ektefeller, blir talet nær dobla. Sommarturen er alltid fullteikna.

– Me held oss oftast innanlands. Fag er ein del av programmet, men samværet, besøka og opplevingane under vegs, er viktigast, strekar Ragnvald under.

Sist i bussen

Ein av medlemmane dei fortel om, var særleg oppteken av at bøndene hadde sett nok av fôreiningar og jordanalysar gjennom yrkeslivet, og at seniorforeininga skulle vektleggja andre ting på turane.

– Men det var han som alltid skulle ha med seg detaljane frå gardsbesøket og som alltid kom sist inn i bussen etter besøka, seier Ragnvald.

Medlemane i seniorforeininga får tilsendt årsmelding og held kontakten med det gamle nettverket. Årsmøtet i Seniorforeningen i Jæren Forsøksring blir kombinert med ein busstur, og halde på haustparten på ulike stadar i Rogaland. Då er det tradisjon å invitera lokale kjentfolk og fagfolk for å få informasjon om kommunen og landbruket.

 

På tur: Her er seniorforeininga på tur til Kristiansund. Nærast kamera; Erna og Asbjørn Stokkeland. Foto: Henny Grude.

Treng nye medlemmar

Seniorforeininga vil utvida tilbodet til å gjelda heile NLR-området. Dei erkjenner at dei ikkje har vore flinke nok til å marknadsføra tilbodet.

– I år skal me ha årsmøte på Haugalandet. Då skal me gjera eit framstøyt i det området. Me vil gjerne ha nye medlemmar frå heile fylket, seier Ragnvald.

Alderen på dei spreke medlemmane er høg. På sommarturen i år, var to av deltakarane 92 år. Ragnvald held føre at medlemsskap i foreininga må gjera godt på medlemmane.

– Folk blir veldig gamle hjå oss, smilar han.

– Me har mange som har passert 80. Det hadde vore gildt å også fylt på med litt yngre folk i andre enden i tillegg, seier Endre.

Den store sommarturen er planlagd og tilrettelagd på førehand. Turdeltakarane kjem til dekka bord og oppreidd seng. Dei som ikkje fotar seg så lett, blir ivaretekne på beste måte. Alle skal med.

– Å sjå og oppleva Norge har vore målet. Det er ikkje om og gjera å reisa til utlandet når det er så mykje fantastisk å oppleva i eige land, seier Ragnvald.

– Kva er det som bind dykk i hop?

– Interessa for landbruk ligg i botn. Men me er svært opptekne av at ektefeller og kjærester som ikkje har hatt sitt yrkesaktive liv i landbruket skal trivast i lag med oss. Så er det jo utruleg kjekt å treffa kollegar og fagfolk frå andre stadar i landet, svarar Endre.

Toalettbesøk i Valdres

Men, bøndene får lov til å vera seg sjølve. Då bussen med seniorar besøkte ei seter i Valdres for nokre år sidan, måtte mannfolka inn i fjøset og kikka.

– Eg trur me var femten karar som stod og slo lens i renna, ler Endre. – Bonde er bonde, uansett.

Ein annan gong gjekk sommarturen austover langs E 18. I Larvik-området vart dei reisande oppmoda om å fortelja historier frå bondelivet som handla om lort.

– Her er folk med lang erfaring og felles plattform å mimra ut frå. Me hadde eit par fantastiske timar i bussen med dei utrulegaste historier, eg er heldig som får vera med på dette, seier Ragnvald.

Nettverket til Norsk Landbruksrådgiving gir innpass til lokale opplevingar og møte med folk som andre turistar berre kan drøyme om. Henny er alltid med på turane. Ho har fotografiapparatet i beredskap

– Det er veldig gildt. Alle tiders å få oppleva landet på denne måten og i lag med så flotte folk.

Økologisk augeopnar

Godt vaksne jærbønder har gjerne ein medfødd og inngrodd skepsis til økologisk landbruk og nye trendar. Det er fullt mogleg å røska opp i inngrodd tankegods. Då sommarbussen for to år sidan var innom Norsk senter for økologisk landbruk på Tingvoll, vart opplevinga ein augeopnar for bøndene.

– Ei fantastisk oppleving i åkrar og enger i lag med svært dyktige fagfolk, seier Endre.

I år gjekk turen til Østfold, med ein tur innom Ås.

– Men der var det berre tre kyr i fjøset. Resten var på sommarbeite. Det hadde vore gildast å sett fullt fjøs, seier Endre.