Dyrlege: Siri Skagestad har blitt pensjonist etter 41 års teneste som dyrlege på Jæren. Med tre barn og åtte barnebarn, er dagane no passe travle. Utsikten frå heimen på Fuglestad er magisk. Rett før fotografiet vart teke, sveva ei ørn over området.

Bonden hadde bestilt dyrlegen til ein brokkgris. Men då han såg at det var ei kvinne som skulle operera grisen i skrittet, vart det heile for flaut.

Sjur Håland

Bonden fann ein annan jobb til dyrlegen, og grisen måtte gå vidare med utposinga under buken.

Velkommen til Jæren og 1973. Det året skjedde det ein aldri så liten landbruksrevolusjon. Siri Skagestad vart tilsett som den første kvinnelege dyrlegen sør på Jæren. Dyrlegane på Varhaug Veterinærkontor, dekka Varhaug, Vigrestad, Brusand og Ogna. Lista over gardsbruk talde 400. Talet på produksjonsdyr var på veg opp, og veterinærane hadde bruk for fleire folk.

Studerte i Tyskland

Då høvde det godt at 25-åringen Siri Skagestad nett hadde flytt heim til Sola etter ferdig veterinærutdanning i Hannover, Tyskland. Foreldra kom frå Sørlandet. Faren hennar var lærar på Sola, og Siri vaks opp med Kommunegarden som nabo. Der var det masse dyr. Siri var glad i dyr, og då eldste broren, som hadde oppdrag som NTH-ingeniør i Tyskland, hjelpte til med å få Siri på plass som veterinærstudent, var løpet lagt.

– Eg måtte lova far at eg ikkje skulle koma heim att med ein tyskar. Men det var nett det som skjedde. Med på flyttelasset var Herwig og den første dottera vår, Reidun, som kom til verda i 1971, smilar Siri.

Det var ikkje vanskeleg å få arbeid på Jæren. Ho praktiserte litt på Sola, medan ho etter ein ringerunde kom i kontakt med dyrlege Ole Dagfinn Berge på Varhaug.

– Dei trong folk, eg kunne byrja med éin gong. Dermed var eg i gang med ein arbeidsdag som skulle vara fram til 2014.

Lite skepsis

Forfattaren av denne artikkelen, er ikkje nøytral. Som 11-år ung bondegut frå Varhaug, var det uråd å ikkje få med seg det som skjedde. Ryktet om at det skulle koma ein ny dyrlege, og at det var ei kvinne, spreidde seg som eld i fjorgammalt høy i det mannsdominerte landbruksmiljøet. Skepsis var det forsvinnande lite av. Snarare tvert i mot. Siri Skagestad var ung. Ho hadde halvlangt, lyst hår, og var rett og slett ei flott kvinne som var lett å lika. Når ho i tillegg var ein særs dyktig dyrlege, var det meste på plass.

– Eg var bevisst på å vera bestemt når eg sette nåla på dei store sprøytene i dyra, det gav nok eit intrykk av at eg hadde full kontroll og visste kva eg gjorde, seier ho.

Skifta til dress

Det heiter seg i ettertid at bøndene skifta klede og drog kammen gjennom håret, når dei hadde bestilt dyrlegen og visste at Skagestad (etternamnet var vanleg å bruka då) skulle koma.

– Ein gong hadde bonden skifta til dress. Undervegs vart ruta lagt litt om, slik at det i staden for meg var dyrlege Berge som trilla inn i tunet, fortel Siri, og opnar latterdøra på vidt gap.

Bøndene tok i mot den nye dyrlegen med opne armar.

– Eg vart godt motteken over alt. Folk var gilde. Ein kveld kom eg til ein gard der det var fest. Då vart eg invitert med inn, noko eg sjølvsagt måtte takka nei til. Eg hadde jo vakt og ein jobb å gjera, minnest ho.

På jobb: Kua har jurbetennelse. Bonde Svein Varhaug mjølkar juret tomt. Siri Skagestad står klar med sprøytene. Privat foto.

Ikkje redd

Redd har dyrlegen aldri vore. Vegane var smale og mørklagde. Det første året ho køyrde praksis, øydela ho to bilar etter uhell langs vegen. Slikt blir ein herda av. Det var ikkje alltid sol og sommar. Å ferdast ute når rennedrevet kokar på Jæren kan vera farleg. Ein gong køyrde ho seg fast og måtte trassa snøstormen og gå etter hjelp. Ho var tynt kledd og fullstendig nedisa då ho nådde fram til folk.

– Etter den episoden har eg alltid hatt med ekstra klede i bilen, fortel ho.

Ei svart natt hadde ho vore på Ånestad og behandla ei ku med børprolaps. Då ho skulle vidare til ei mjølkefeberku på Ueland kom skodda sigande. Dyrlegen måtte ut or bilen og lysa med lommelykt på postkassane for å finna ut kor ho var. Jæren anno 1973 betydde båsfjøs og gjerne fleire husdyrslag rundt på gardane.

– Ja, dei hadde gjerne kyr, griser og sauer. Fjøsa var sjølvsagt mindre enn i dag. Bøndene var flinke husdyrfolk. Eg trur likevel dei var meir avhengig av dyrlegen då enn no. I dag kan bøndene behandla mykje sjølv, slik var det ikkje då, seier ho.

Naboane stilte opp

I eitt av fjøsa var kyrne så rolege og gilde at dei gjekk lause i fjøset. Ein annan stad levde dei godt med det gamle. Varmt vatn til dyrlegen stod alltid klart i ei jerngryte på vedkomfyren i kjøkkenet.

– Dyrlegane før meg hadde gjort eit godt arbeid. Bøndene var disiplinerte og hadde alltid varmt vatn, eit såpestykke og eit reint handklede klart til meg.

Jurbetennelse, husmannssjuke, kvast og grisingsfeber. Fødselshjelp til hest og sau. Vaksinering og avliving. Ein dyrlege måtte kunna alt om alle dyreslaga. Då jekken (fødselshjelp til ku) kom på marknaden, vart arbeidet letta. Siri sleit ut to jekkar i løpet av karrieren. Bonden stod parat til å hjelpe. Trong dei fleire folk, kom kona ut og var med. Naboane var like i nærleiken, og kom som på kommando om det var naudsynt.

– Bøndene stilte opp for kvarandre med den største sjølvfølgje. Eg trur nok den biten har endra seg gjennom åra med større einingar og lengre avstand mellom bruka, seier ho.

Vaniljesaus i baksetet

Bustaden ligg på Fuglestad på Brusand. Herwig var arkitekt med heimekontor. Familien vaks. Etter kvart vart det tre barn. Reidun, Bjørn Erling og Sissel. Bøndene var mektig imponert over den unge dyrlegen som med vaksande mage under den lyseblå kjeledressen la inn magnetar i kugapet og låg langflat på fjøsgangen med armane inn i fødselskanalen på kua for å få finna begge framføtene på kalven. Av og til var barna med, særleg dei to yngste. Siri køyrde innom mjølkeutsalet på Varhaug Meieri og kjøpte små beger med vaniljesaus som dei kosa seg med i baksetet. Etter eit oppdrag hjå Sven Lode på Hårr, gløymde ho at Sissel var ute på gardsplassen og leika.

– Eg køyrde friskt vidare utan henne, men såg heldigvis i spegelen at ho sprang etter bilen og vifta med armane.

Graskrampe

Våren var særleg travel. Utover på 1970-talet var det vanleg å gjødsla eng og beite sterkt med nitrogen. Ein konsekvens var den frykta graskrampen. Kyrne kunne stupa på båsen eller ute på beita. Einaste behandling var å tilføra magnesium rett i blodet. Det kunne stå om minutt.

– Det var ei travel tid. Me kunne vera fleire dyrlegar ute på krampebehandling samstundes. Ein gong hugsar eg at det kom melding om fire krampetilfelle i løpet av ein halvtime.

Vibrerande bryst

Den første tida var det også vanleg at folk kom på kontoret med smådyr. Ein katt skulle avlivast. Siri misforstod og sette ei vaksinesprøyte.

– Kor lenge går det, spurte katteeigaren, med klump i halsen.

– Sprøyta verkar etter fjorten dagar, svarte dyrlegen.

Den første mobiltelefonen var ein diger koloss som var plassert i bilen. Personsøkaren hadde ho i brystlommen. Den vibrerte kraftig når telefonen ringte i bilen. Ein dag stod ho i eit fjøs saman med bonden og kava med ei kalving då det vibrerte gong på gong. Då kom følgjande kommentar frå bonden:

– Dæ va fælt så urolege pattar du hadde i kveld!