BN+

Bratt: Prestegardsfeltet på Fusa i Bjørnafjorden kommune, når ein tredel av hogsten er gjennomført. Neste steg er det bratte partiet over utbygde område, der ein må leggja ekstra omtanke i hogsten for å oppretthalde skogen sin sikringsfunksjon. Foto: S. Wolff


Hogsten i dei bratte fjellsidene i Fusa blir gjennomført med taubane, ekstra planlegging og omtanke.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Der skogen er sikring, er det uheldig å fjerne alt. Her må hogsten vera skånsam, understrekar Simon Wolff, rådgjevar innan skogbruk ved Bjørnafjorden landbrukskontor. Kontoret yter tenester til Samnanger, Bjørnafjorden og Tysnes. I ei spørjeundersøking til dei om lag 1000 skogeigarane i dei tre kommunane, kom det fram ynskje om meir rådgjeving innan berekraftig skogbruk og informasjon om andre treslagval.


– Gran er produktiv og enkel å ty til. Andre treslag er kan hende meir krevjande, men samstundes kan dei innebera meir lokal verdiskaping, seier Wolff. Han meiner ein kan tidobla verdien av ein tømmerstokk ved foredling i regionen, i staden for eksport ut av landet. Med bakgrunn som møbelsnekker, veit Wolff at flotte lauvtre har stor verdi for møbel- og trevarebransjen.

Naturleg forynging

Lauvtre har også verdi og funksjon i vestlandsskogen, som klima- og sikringstiltak. I Bjørnafjorden er 50 prosent av skogsarealet brattare enn 30 grader, og skogen er med på å hindre jord- og steinskred. Denne våren gjennomfører seks skogeigarar hogst på oppsida av Prestegardsfeltet på Fusa i Bjørnafjorden kommune. Dei forventar å ta ut 3.500 kubikk, og Frivik Taubane AS står for drifta. I staden for å ta seg fram med store tunge maskiner, er det taubane og manuelt arbeid som gjeld.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,
Share This