
Surfôrmiks: Ingrid Møgedal og Steinar Lima sjekkar surfôrblandinga til mjølkekyrne. Rasjonen inneheld gras, slurry frå potetmjølproduksjonen og ein grunnrasjon med kraftfôr. Blandinga dekker behovet til ei ku som mjølkar 20 kilo.
Sparer kraftfôr med Grovfôrprogrammet
Steinar Lima er saman med Tine i ferd med å finstille grovfôrproduksjonen og fôringa til drøvtyggarane på garden. For å ha full kontroll med grovfôrlageret og – kvaliteten - og for å spare mest mogleg kraftfôr og mineralgjødsel.
Sjur Håland
Hausten er komen. Også til Ytre Lima. Nå er talet på rundballane frå dei ulike slåttane registrert. Resultata frå fôrprøvane er på plass. Alt er samla i ein app på mobilen, så klart
– Nå skal me laga fôrlager og ein plan for korleis fôret skal brukast, seier Tinerådgivar Ingrid Møgedal, som er innom garden på eit oppfølgingsbesøk.
– Det kjipaste fôret blir brukt nå før dei fleste kalvingane startar. Det beste fôret skal brukast til kyrne når dei er i full produksjon utover vinteren, seier bonden.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

