Passar på: Laila Haukenes skal bli inseminør på Varaldsøy Vestland. Ho hadde nyleg to veker praksis på Jæren. Inseminøropplæringa gå over fire veker, med både teori og praksis. Inge Tjelta har 40 års erfaring som inseminør på Jæren, men det var første gong han hadde med seg ein praktikant. Her er dei i Forsøksfjøset til Felleskjøpet. Inge passar på både kua og Laila.

Spissar inseminørkompetansen på Jæren

10. desember 2020 | Reportasjar

Laila Haukenes er snart klar for jobben som inseminør på Varaldsøy i Hardangerfjorden. Men først går ho i lære på Jæren.

Jane Brit Sande

I to veker har Laila Haukenes hatt praksis på Jæren. Ho har vore med Inge Tjelta, som er inseminør i Geno, på jobb desse dagane.

– Jobben er meir utfordrande enn eg hadde sett føre meg. Kvar ku er forskjelleg. Og så ser det jo så enkelt ut når inseminøren gjer det, seier Laila.

Til dagleg er ho bonde på Varaldsøy, der ho no også blir inseminør. Ho tok over heimegarden i 2013, og driv med sau og ammeku.

– At eg skulle bli inseminør i tillegg til å vere bonde, er litt tilfeldig. Men eg har alltid vore interessert i dyr. Etter litt overtaling frå veterinæren og inseminøren heime, søkte eg på stillinga hjå Geno, seier Laila.

Viktig mengdetrening

Bondevennen møter Laila og Inge Tjelta i Forsøksfjøset til FKRA på Klepp. Ho er inne i si tredje veke av opplæringa til å bli inseminør i Geno. Kurset går over fire veker, to veker med teori og øving, og to veker med praksis. Mengdetrening er viktig for å vere rusta til jobben, skal me tru Inge. Han har 40 år som inseminør i ryggsekken.

– Eg plar seie at det er ingen som blir tømmermann på to dagar. Skal ein bli god, må ein øva seg, seier han.

Det er første gong han har med seg ein praktikant.

– Eg må få skryta litt av bøndene me har møtt denne perioden. Dei har vist velvilje og tolmod, det har vore veldig viktig, seier Inge.

Laila og Inge gjer utstyret og seg sjølve klare til jobben: Hanskar, forklede, støvlar, inseminator og glidemiddel. Kua er sett fast i fangfronten. Først må Laila finne livmorhalsen, før ho finn opninga der inseminatoren skal førast inn.

– Det er dette som er vanskeleg, seier Laila. Etter litt tid, får ho Inge til å ta over.

– Det er ikkje noko poeng for meg å halde fram når kua blir uroleg. Berre sjå kor kjapp Inge var, seier Laila.

– Det var alle dei åra med trening, seier Inge.

Ein god inseminør

Kva skal til for å vere ein god inseminør? Inge er ikkje i tvil om svaret.

– Du må trivast med arbeidet, vere flink med dyra og lika å treffa mykje forskjellege folk. Det er eit variert arbeid, og du kan ikkje vere redd for å ta i eit tak, seier han.

I møte med dyra må ein vere merksam på signala deira.

– Hald roen, ikkje la deg stresse. Dyra er ulike, og det er ikkje alle som vil samarbeide med det same. Då må du lokka, og ikkje jaga dei på plass, seier han.

Laila lærer mykje denne korte tida ho får vere med Inge på insemineringsrundane.

– Det viktigaste eg har lært, er å få sjå korleis Inge handterer dyra. Han er veldig roleg, og utruleg flink. Det er fascinerande å sjå kor fort han gjer insemineringa, seier ho.  

Nye inseminørar i Rogaland og Vestland:

Nærbø og omegn:

Tore Haugland blir ny inseminør på Nærbø og omegn. Han har vore tømrar, og sambuaren driv mjølkegard.

– Det passar godt å vere inseminør i tillegg til garden, seier han.

– Det blir grassat gildt å treffa andre bønder når eg er på jobb. Eg byter jobb også av interesse. Eg likar å jobba med dyr, og er interessert i storfeavl, seier Haugland.

Søre Hå:

Jone Fosse blir inseminør med Søre Hå som område. Eit kommande generasjonsskifte på garden gjer at han no vil ha arbeid på sida av drifta.

– Sonen min skal ta over om eit par år. Denne jobben vil vere god i kombinasjon med drifta, seier han.

Han gler seg til å koma ut på gardane og treffa folk.

– Det skal bli gildt å drøsa godt med bøndene, seier Fosse.

Alver og Austrheim:

Asgeir Skurtveit blir ny inseminør i Alver og Austrheim i Vestland. Han har vore mjølkebonde i 30 år, og har i tillegg vore dyrebilsjåfør dei siste 16 åra. No skal han altså byte vekk sjåførjobben til fordel for Geno.

– Eg vil jobba som inseminør fordi det er interessant. Eg held fram som bonde, og jobben som inseminør bli lettare å kombinera, seier Skurtveit.

– Eg er framleis under opplæring, men ser fram til å gjere jobben så godt som råd, og til å treffe flinke bønder kvar dag, seier Skurtveit.