• Utfordringa på strak arm: Vil du til topps er det berre å tørre å satse.

Då Hildegunn Steinskog og mannen gjekk kvar sin veg, valde Hildegunn å drive garden vidare åleine. Ikkje fordi ho må, men fordi ho vil – og kan.

Liv Kristin Sola

– Det heile kom i grunnen så bardust på då det først skjedde, at eg ikkje heilt rakk å tenke på alle utfordringane, seier Hildegunn Steinskog, om samlivsbrotet for godt tre år sidan.

Hildegunn vaks opp i lag med tre sysken på ein gard i bygda Gjesdal, i kommunen med same namn. Ho var akkurat blitt 16 då ho fekk seg kjærast. Dei flytte i lag før ho fylde 17.
Hildegunn treivst i jobben som butikksjef då foreldra byrja snakke om å selje garden. Då tok Hildegunn familien med seg og flytte heim. I 2006 overtok dei garden for å drive med mjølk og etter kvart sau. Etter kvart slutta ho i jobben og vart bonde på heiltid i lag med mannen. Men på nyåret i 2015 var det slutt, etter 20 år i lag. Hildegunn stod att med eineansvaret for barna og ei krevjande avgjersle. Skulle ho kvitte seg med garden eller ta utfordringa og satse vidare åleine? Ho valde det siste.

God støtte

Hildegunn var aktiv i alle delar av drifta og hadde ansvaret for papirarbeidet og god oversikt over økonomien. Mykje vart annleis då ho vart sitjande med heile ansvaret åleine. Ho fortel om støtte og gode råd frå familie, vener og naboar, og ikkje minst frå gode vener og kollegaer i kuklubben.

– Eg kjenner meg heldig som har Svebestad og Peder Skåre, Liv Egeland og Stian i Nortura. Dei har tru på meg og har vore heilt fantastiske, seier ho, – og ikkje gløym Ålgård Landbrukssenter, Felleskjøpet Klepp, Landbrukskontoret og «RobotJonny», som dukkar opp mest før eg rekk å ringe om problem med mjølkeroboten, legg ho til.

 

Gløymer å vere sosial

– Avløysarordninga er ingen luksus. Dei må nyttast til å ha fri i lag med ungane, seier Hildegunn, som prøver å ta fri to til tre veker om sommaren.

Når barna er hjå faren fyller bonden dagar og kveldar med arbeid. Ho vurderer nøye når ho skal prioritere avløysing. Med to om drifta kunne dei avlaste kvarandre og klare både fjøset og logistikken med lekser og fritidsaktivitetar. Det daglege arbeidet vart skjøtta sjølv om ein vart sjuk.

– No må eg berre halde meg frisk. Om eg vert skikkeleg sjuk vert eg heilt hjelpelaus, seier ho.

Hildegunn er glad eldstedotter Therese trør til i fjøset når det trengst.

– Eg treng pengane, kommenterer Therese, som er elev ved hestelinja på Øksnevad vidaregåande.

Eit tøft år

– Eg har stor arbeidsglede og kan jobbe lange dagar, men saknar vaksentid – fri i lag med vener, utan dårleg samvit for at eg skulle ha gjort noko nyttig. Det hender eg blir mest desperat, må snakke med folk.

Hildegunn slår ut med armane.

– Eg kan vere freista til å kaste over servicemannen eller tankbilsjåføren: Ikkje gå – snakk med meg!

Ho ler, men legg ikkje skjul på at det er krevjande. Ho må velje barna, dyra – og så seg sjølv. I den rekkefølgja. Same året som ho vart åleine om drifta mista ho ei to år eldre søster. Etter ein treårs kamp mot kreften var det slutt. Hildegunn stod svært nær syster si, og tomrommet er stort. Det hender bonden må lette på trykket. Då set ho seg ved datamaskinen og skriv. Det skjer gjennom bloggen mammamooo og facebooksida med same namn.

– Det er terapi å få det ut or kroppen, medgir ho.

 

Om bonden og garden:

Hildegunn Steinskog driv med mjølk på Gjesdal i Gjesdal kommune i Rogaland. Fjøset vart bygd om frå bås til lausdrift med mjølkerobot i 2012. Etter ein skilsmisse i 2015 valde Hildegunn å drive vidare åleine. Ho slutta med sau for to år sidan og trappar ned mjølkekvoten frå 220.000 liter til 120.000, av økonomiske årsaker, medan kjøtproduksjonen vert auka.

Hildegunn driv grasproduksjon på 155 dekar.

Ho har eineansvar for dei tre barna Therese (18), Daniel (11) og Hedda (9), og familien har tre hestar.

Satsa på robot

Eit par år før ho vart åleine, vurderte dei å slutte med mjølk og satse på ammekyr. Men dei valde mjølk, og bygde båsfjøset om til laudsdrift og robot. Hadde dei ikkje gjort det, hadde Hildegunn truleg ikkje mjølka i dag. Det hadde blitt for krevjande med tre ungar å følgje opp med lekser og fritid.

– På mange måtar er det godt at det vart slik. Dei vala og investeringane me gjorde gjer det mogleg for meg å vere heiltidsbonde og drive med det eg likar best.

Ho har 30 kyr og 50 kalvingar, flest i september/ oktober, men også litt om våren.

– Slik kan eg levere sommarmjølk og samstundes nytte dei gode beita på garden, konkluderer bonden.

Det går godt i fjøset. Dyra er friske, kyrne tek kalv og mjølkar godt. Ho har gode vegar inn i marka for å utnytte gjødsla og beita best mogleg. Hildegunn ville gjerne fortsette med sau og prøvde i to år etter at ho vart åleine. Men lamminga vart for krevjande. Det var ingen andre til å ta det daglege fjøsstellet eller nattevakta i sauehuset. Samstundes måtte ho sørgje for mat og reine kle til ungane, samt lekser og gymtøy, fritidsaktivitetar og bursdagsselskap.

– Det gjekk ikkje. Eg måtte gje meg, seier Hildegunn.

 

Nye vegar

I samband med ombygginga leidde dei inn to mjølkekvotar, kvar på 50.000. Avtalar som Hildegunn no vil gje slepp på. Økonomien gjer det krevjande å gå heilt nye vegar, men med lågare kvote og færre kyr vil ho fôre fram alle oksar til slakt og auke kjøtproduksjonen på garden. Ho har nok grovfôr og gode beite og vurderer ein strategi med lågare yting og fleire kalvar, kjøtfekryssingar og meir strategisk avlsarbeid i eigen buskap.

– Eg har mange val, men må vurdere økonomien i dei ulike alternativa og kor arbeidskrevjande det vert.

Ho har erfaring med kastratar, men det er dårleg butikk når dyra kjem på slakteriet.

– Eg må selje dei sjølv skal det bli pengar av kastratane. Det har eg ikkje tid til – ikkje no. No skal eg fôre fram gode slakteoksar på kortast mogleg tid slik at eg får mest mogleg pengar ut av dette, konkluderer bonden.

Avhengig av lister

Med ein mindre til å arbeide og ein krevjande økonomisk situasjon, har Hildegunn funne seg ein ny partnar, nemleg grease-pumpa.

– Rekneskapen viste høge utgifter til vedlikehald av maskinar. Det skal eg endre på, seier Hildegunn.

Maskinparken er gammal og slitt. Noko er seld, anna utstyr har ho vald å behalde og ta godt vare på. Vedlikehald står høgt på dagsorden og ein dose grease er blant punkta som står øvst på sjekklista.

– Eg er heilt avhengig av lister. Alt står på liste; Smørelogg, fjøslogg og viktige fristar eg må hugse. Når alt eg må gjere er kryssa av, kan eg stenge døra med godt samvit.

Ho prøver å bli flinkare til å oversjå rot. Men ho har det i blodet. Då vert det enklare å halde orden enn å la vere.

– Eg må har reine dyr, ein rein arbeidsplass og eit ryddig hus, seier ho.

Halde løfter

– Det er mange som vil meg vel og gir gode råd. Det skal så lite til – berre ein venleg stemme, ei oppmuntring og eit smil, kan endre dagen min, seier Hildegunn, og siterer ei nyttig påminning ho fekk frå ein av mekanikarane ved landbrukssenteret.

– Hugs at dei fleste i servicebransjen har noko dei vil selje. Men vit at du kan gjere mykje sjølv og du kjem langt med godt vedlikehald.

For ting går sund og Hildegunn har fått erfaring med å reparere. Ho har lært seg å tenke kreativt for å spare pengar og klare tunge løft. Ein tur i fjøset kan by på utfordringar, vatn som frys ein kald vinterdag, gjødseltrekket som har hoppa av skinna, ei fôrvogn som treng ein reparasjon.

– Ungane veit at det kan ta tid når eg går i fjøset, og eg passer meg for å love at eg er attende på eit bestemt klokkeslett, seier Hildegunn.

 

Om å drive åleine

Best:

Eg har verdas beste jobb. Eg får jobbe sjølvstendig, lærer noko kvar dag og kjenner at eg meistrar jobben min. Eg er fleksibel på mitt vis, og kan ta ungane med på jobb.

Mest krevjande:

Økonomien og tid til å vere mor. Det skulle vore ei ordning som gjorde det lettare å velje å drive garden vidare åleine etter eit samlivsbrot.

Tips til andre:

Ingenting er umogleg, det umoglege tek berre litt lengre tid. Ta ein dag om gongen. Du klarer deg åleine, viss du vil. Ha gode rutinar. Bruk lister for å få oversikt. Ta imot gode råd – men det er du som skal ta den endelege avgjerda. Det er berre du som har heile oversikta.

Ikkje styrt av klokka

Hildegunn byr på salat og kylling. Ser ikkje på klokka. Arbeidet kan vente. Det er alltid noko som skulle vore gjort, men ho har kontroll.

– I starten hadde eg ei konstant kjensle av ikkje å strekke til. Same kor eg var skulle eg ha vore ein annan stad samstundes, seier Hildegunn.

No er det ho som har kontrollen på klokka, ikkje motsett. Etter ein kveld med kortspel eller leik ute tek Hildegunn fjøset etter at ungane er lagde.

– Eg er mor og skal kunne prioritere ungane framfor fjøset, om dei treng det. At far vart pensjonist våren 2017 var heller ikkje feil. Han står på og får gjort mykje som eg ikkje har oversikt over, som grøfting og nye grinder til dømes. Han er poteta mi, og kan fikse det meste, skryter Hildegunn.

Ho kallar det Norges mest fleksible fjøs. Søv glatt til klokka ni ein laurdag, men tek gjerne kveldsøkta rundt midnatt.

– Dyra er ikkje avhengige korkje av meg eller klokka. Dei har alltid mat og vatn og mjølker seg når dei vil.

40-åringen har eit avslappa forhold til valet om å drive garden.

– Eg er ikkje låst i dette. Me bur her og driv garden fordi me vil, ikkje fordi me må, seier Hildegunn.

– Eg vel å tru det er ein viktig jobb me bønder har, å produsere god mat. Eg kjenner at eg er stolt av jobben min.

Hjelp til omstilling

Hildegunn etterlyser ei ordning for bønder som kjem i hennar situasjon.

– Me har ordningar og tilskot for mykje i landbruket, men ingen ordningar er retta mot bønder som kjem i ein endra livssituasjon etter eit samlivsbrot, seier ho.

Midt i ei livskrise, skal bonden finne overskot til å omstille seg i ein krevjande økonomisk situasjon. Hildegunn ønsker seg ei ordning med utvida avløysartilskot eller ekstra tilskot til rådgiving om vegval og endra driftsplanar.

– Alt blei dyrare, og eg må klare åleine det som me før var to om å gjere. Oppi det heile skal eg ta vare på ungane, som er sårbare etter eit samlivsbrot. Eg skal doble arbeidsinnsatsen og samstundes vere ei god mor.

Det handlar ikkje om meir fri, men om å ha tid til å vurdere drifta, legge nye planar og tilpasse seg ein ny kvardag. Det handlar om økonomi til å søke rådgiving for å finne vegen vidare. Og det handlar ikkje minst om å ta vare på seg sjølv og ungane, dei viktigaste ressursane på garden.

– Ein må ha overskot berre for å vete kva ein lurer på. Hadde det vore tilbod om meir støtte i denne fasen trur eg fleire hadde prøvd å driva vidare åleine, også damer. Det vil ikkje hjelpe meg, men eg veit kor mykje det vil bety for andre som kjem i ein slik situasjon seinare, seier Hildegunn.