Felles interesse: Sondre (t.h.) og kameraten Tor er begge spesielt saueinteressert. Dei møtast ofte og praten går for det meste i sau og landbruk.

Ti år og sauebonde

29. mai 2020

Sondre Gimre er ein heilt vanleg tiåring, med eit litt uvanleg ansvar på sine unge skuldrer. Han driv med sau i garasjen til mor og far.

Liv Kristin Sola

Sondre Gimre og kameraten Tor Harveland er å finne i garasjen. Men det er korkje syklar, rennebilar eller andre tekniske utfordringar gutane bryner seg på. Sondre har nemleg saueflokken sin i garasjen.
Tiåringen har seks vaksne søyer som fekk elleve lam i vår. I tillegg har han tre fjorårslam som ikkje vart para. No ventar den unge bonden på ein vêr han nyleg fekk frå ein sauebonde i bygda.

– Då har eg tjueein dyr med stort og smått, seier Sondre.

Kjekt med sau

Sondre er ti år. Tor er åtte. Sondre bur på gard med mjølk, framfôring av oksar og smågrisproduksjon. Difor valde han å drive med sau.

– Sauer er veldig kjekke dyr og det er spesielt kjekt i lamminga. Det er kjekt å ha noko å halde på med, seier ungguten.

Han innrømmer også at det er greitt å ha ein produksjon som han kan drive utan altfor mykje innblanding frå foreldra. Tor har også tre søyer og fem lam, men han må dele plass med dei seksti vinterfôra sauene til faren. Dei to kameratane er søskenbarn. Far til Tor er onkel til Sondre.
For to år sidan fekk Sondre to kopplam av onkelen, saulammet Ulli og eit vêrlam. Då hausten kom kjøpte guten fem vårlam. Sondre fekk nytta beitet og pare sauene hjå ein sauebonde i bygda.

Liv og død i fjøset

Dei første lamma kom 17. mars. Kvar einaste morgon dei neste fem vekene ringte vekkarklokka til Sondre klokka seks. Då var det ut or senga og rett inn til sauene for å sjå om det var lamming på gang. Slik sett kom koronakrisa ganske passande for den unge bonden.
Dei seks drektige søyene var lyste til tretten lam. Sondre har lært seg å kjenne korleis lamma skal ligge.

– Er det feilstillingar må eg få dei ut fort, slik at dei ikkje døyr, seier Sondre. I år fekk alle sauene friske lam, bortsett frå ei med tvillingar. Det eine var dødt og det andre var veldig svakt.

Tiåringen brukte mykje tid på lammet, leika litt med det og prøvde å få det til å suge mjølk frå spenen, men utan hell. I tre dagar handmjølka han søya fleire gonger om dagen for å gje lammet.

– Så plutseleg ein dag så drakk det sjølv, seier tiåringen.

Det såg ut til at Sondre skulle få løn for innsatsen, men neste dag fann han lammet dødt.

– Det var litt dumt. Eg vil jo helst at dei skal leve, men eg trur det må ha vore noko gale med dette lammet, seier Sondre.

Likevel, litt motgang knekker ikkje ungguten. Han veit at det går litt opp og ned, spesielt i lamminga.

– For eksempel i fjor, då eg hadde eit dritår, seier han.

Praktisk læring: Sondre må bruke mykje av det han har lært på skulen skal han lukkast med sauehaldet. I tillegg lærer han så mykje meir enn mange andre tiåringar.

Kraftfôrautomat til bursdagen

Med ein liten saueflokk i garasjen vert det mykje manuelt arbeid. Dyra skal ha silo, kraftfôr, vatn og påfyll av halm.

– Vatn er viktig. Ein vaksen sau drikk fjorten liter om dagen, fortel Sondre.

Den første tida måtte tiåringen bære bøtter med vatn frå krana på gardsplassen. Med ni søyer som alle drikk fjorten liter kvar dag, vert det nokre liter kvar dag.

– Det gjekk fint. Eg blir jo sterk av å bera, seier Sondre.

Silo hentar han frå plansiloen til kyrne. Fram mot lamming fekk søyene éitt kilo kraftfôr. Etter lamming trappa han ned til 0,5 kilo. Lamma har fri tilgang til kraftfôr frå automaten. For det var ein kraftfôrautomat til lamma som stod høgst på ønskelista då Sondre fylte ti år i desember.

Vil ha kontrollen

Sondre veit han har mykje å lære og han har mange erfarne bønder i bygda som gjerne gir råd. Ikkje minst er det viktig å vaksinere og behandle til rett tid no når beitesesongen står for døra. I sommar skal flokken beite heime på garden. Til vinteren skal han pare søyene med sin eigen vêr. Då vert han heilt sjølvstendig.

– Vêren er ein kryssing mellom Charolais og Spæl. Eg håper den vil gi lette lammingar, og at lamma veks bra etterpå, seier Sondre.

Dei to unge bøndene har sett seg på kvar sin stol i garasjen. Dyra er mette og friske og gutane er ferdige med dagens innsats. På bordet står det boksar med cola og litt sjokolade.

– Me sit mykje her og snakkar om sauene og om landbruk, seier Sondre.

Han har ofte vener og klassekameratar med seg heim. Sjølv om han bur «på landet» er det ingen andre i klassen som bur på gard.

Matte i praksis

Dei få dyra som er slakta har dei køyrt til slakteriet og levert sjølve. Enn så lenge har det mest berre vore utgifter med saueflokken. Tiåringen kan korkje godskrive løn eller få tilskot, men han kan arbeide.
Frå han var ganske liten har han hjelpt far i fjøset og mor med kalvane. Sondre er spesielt nøye med å sjekke at dyra er friske og melder frå om han ser dyr som ikkje er heilt i form.
No vil han tredoble saueflokken og ser fram til å tene litt pengar på drifta si. Då treng han meir plass. Til hausten skal Sondre lage ein ny binge i garasjen og støype fôrbrett mellom bingane. Då blir fôringa enklare. Sondre har rekna på det og meiner han har plass til tretti vinterfôra sauer.
Matte er favorittfaget på skulen og i fjøset får femteklassingen bruke mattekunnskapen sin. Her må han rekne på fôr og dyr og planlegge korleis han skal drive arbeidet vidare.

– Hender det du blir litt lei og spør mor eller far om å stelle sauene?

– Hæ?!

Sondre og Tor har følgjande råd til andre unge som vil drive med sau:

  • Du må ha lyst.
  • Du må like å jobbe.
  • Du må gidde å stå opp ommorgonen.
  • Du må tørre å ta ut lam og sjå dødfødde og døde lam.
  • Du må forstå at dyr må slaktast.
  • Du må halde kattar vekke frå sauehuset når søyene er drektige.