Frå null: Susanne, med Tuva Malene på armen, og Stig Ronny, med Tarjei på armen, har bygd opp besetninga til tolv mordyr med kalv, og ein stut. Besetninga er hovudsakleg limousin, og i år er stuten reinrasa charolais.

Stig Ronny Tveiten og Susanne Lien vil halde på det tradisjonelle preget i gardstunet. Gjennomtenkte grep gjer at drifta passar i ei moderne tid.

Jane Brit Sande

Stig Ronny Tveiten drøymte om eit eige småbruk. I 2012 fann han, og kjøpte, eit i heimkommunen Vinje. I same perioden vart Susanne Lien ein del av livet hans. Ho er frå Skien, passande nok frå ein gard med ammekyr. I 2014 kom dei første kvigene til gards. Dagane er fulle av beiterydding, renovering, modernisering – og etter kvart har også Tarjei (tre år) og Tuva Malene (snart to år) fylt dagane med leik og glede.

Gard med historie

Nett kor gamal garden er, er framleis uklårt. Susanne og Stig Ronny er overtydd om at det har vore drift så langt tilbake som 1600-talet. I tunet har dei fleire tradisjonsrike bygg; tre stabbur og ein driftsbygning, der deler av bygget er lafta. Også huset ber preg av tradisjonell byggestil, men det er modernisert opp gjennom åra.

– No er me opptekne med totalrenovering av låven, seier Stig Ronny.

– Den både sokk og seig ut til sida, men nå har me greidd få den på plass. Me har fiksa dreneringa, restaurert det gamle skalet, og låvebrua måtte murast opp på ny. Me vil at gardstunet vårt skal ha det historiske preget, men for drifta sin del må me gjere nokre moderne grep.

Då Stig Ronny tok over garden ved årsskiftet 2012/2013, var det lenge sidan det hadde vore produksjon på den 1710 mål store garden.

– Det har blitt ein heil del beiterydding dei siste åra, seier han.

– Me har rydda 30 mål innmarksbeite, og har planar om å rydde ytterlegare 60. Me vil også dyrke oppatt deler av areala som høyrer til garden. Elles er det stort sett utmark, seier Stig Ronny.

Ny låvebru: Biletet syner driftsbygningen si framside. Låvebrua måtte fornyast, og Stig Ronny har bygd den sjølv. Inn døra under brua, lagar Stig Ronny og Susanne til smittesluse og fjøskontor.

Kyr i gåve

Dei første fire dyra kom til gards i 2014.

– Dei var ei bursdagsgåve frå pappa, seier Susanne.

Dei fekk fire kviger som fekk sine første kalvar vinteren 2016. Besetninga har vakse, og no har dei 12 mordyr med kalvar, og ein stut. Besetninga består i hovudsak av limousin, og stuten er reinrasa charolais.

To bygg vart eitt

Susanne og Stig Ronny har gjort store endringar på nedsida av driftsbygningen. Dei har sprengt og planert ut tomta, slik at det er plass til å parkere traktor og maskinar. Det var ikkje mogleg før, då garden ligg i eit område der det stort sett er bakkar og berg. Bygget har blitt bygd om og fått eit ekstra halvtak, der dyra held til når dei ikkje er på beite. Susanne og Stig Ronny trur det opphavleg var to lafta bygg på kvar sin steinkjellar, og at det seinare er bygd eit skall utanpå, slik at dei to små husa vart eitt større.

– Den gamle ytterveggen, mellom desse to små husa, skar me ut og innmaten mellom dei to steinkjellarane blei bytta ut. Det blei vidare bygd på eit nybygg på mest 250 m2. Resultatet er at me no har god plass til dyra, sjølv under og etter kalving, seier Stig Ronny.

Stig Ronny peiker og forklarar korleis fjøset fungerer når dyra er henta heim. Heilt ytst er fôrbrettet. Frå fangfrontane kan dei enkelt laga til kalvingsbingar med lettgrinder. Området som går inn under den gamle delen av fjøset er liggeareal, og heile området blir dekka med halm.

– Det siste som må gjerast før me er ferdig, er vegger på kortsidene og ein port på den ytste kortsida. God takhøgd er svært viktig, grunna bruk av gravemaskin og traktor når halmen skal ryddast, seier Stig Ronny.

– Det skal bli godt å bli ferdig med alt til vinteren kjem for fullt. I vinter måtte me til med ein del provisoriske løysingar, som fungerte godt, seier han.

Dei driftige bøndene gjer det meste av arbeidet sjølve, med god hjelp av fedrane sine.

Kamera i fjøset

Susanne og Stig Ronny har travle liv. I tillegg til garden dei skal bygge opp att, og to små som er komme til, er dei begge i fullt arbeid. Susanne er tilsett i NAV i Vinje kommune, og Stig Ronny er mekanikar og jobbar offshore i Equinor.

– Det kan fort bli i travleste laget når Stig Ronny er ute. Heldigvis har me god hjelp i bror til Stig Ronny. Han passar også dyra og garden når me ikkje er heime, seier Susanne.

– Det var vel hektisk under kalvinga i fjor. Då var Tuva Malene eit par månadar gammal. I tillegg hadde me Tarjei på eitt. Det er ikkje så enkelt å springa ut i fjøset om natta når det er slik. I år skaffa me oss eit kamera i fjøset. Eg kjenner på ansvaret når eg er aleine, så eit kamera var god hjelp i desse periodane, seier Susanne.

Agronom og sertifikat

Ei helg i månaden, over to år, stilte Susanne opp på Nome vidaregåande skule, avd. Søve i Ulefoss. Saman med faren fullførte ho agronomutdanninga for vaksne.

– Det var veldig artig å gjere det saman med pappa. I løpet av dei to åra kom Tuva Malene til, og ho var med på samlingane. Det fungerte faktisk veldig godt, seier Susanne.

Stig Ronny kunne ikkje vere stort dårlegare, og tok lastebillappen i vår.

– Me har leigejord eit stykke frå garden, faktisk også i Skien, der me dyrkar grovfôr. No kan eg frakte det heim sjølv, seier han.

– Har du nokon gong angra på at du kjøpte garden?

– Nei, eg har aldri angra, men eg har lurt på om det var ein god idé, seier Stig Ronny.

– Draumen om eit småbruk har vore med meg sidan eg var liten. Eg er glad eg ikkje ga den opp.

God plass: Denne sida av nybygget er tetta igjen sidan Bondevennen var på besøk. Dyra har boltreplass på kring 250 m2.

Skar ut veggen: Den gamle driftsbygningen var ein gong to separate, noko Stig Ronny og Susanne drog nytte av når bygget atter ein gong skulle fornyast. Det kan ein sjå her, det kvite rommet bak i biletet er arealet mellom dei gamle bygningane.