Jordnært: Sauene er tillitsfulle og klare til å bli sett inn i floren for vinteren. Kristin Lemme er odelsjente på Voss, og likar arbeidet med dyr.

Klesmerket FLOR vil hylla arbeidskvinna, og gründer Kristin Lemme sitt mål er å få fleire kvinner inn i landbruket. Med fjøsjakke i fine fargar gjekk ho til topps i Nordea si gründerjakt.

Anne Rivenes, frilansjournalist

Ein sommardag for sju år sidan kom Kristin Lemme heim frå kontorjobben, og såg at gjerdet på garden måtte fiksast. Ho sette i gang, utan å skifta først.

– Eg spurte meg sjølv, kvifor er me så tradisjonelle når det gjeld arbeidsklede? Det går jo fint å gjera gardsarbeid i kjole!, seier Lemme.

Fin på jobben – også i kjeledress

Dermed var idéen sådd. Kvifor ikkje laga fine og funksjonelle arbeidsklede for kvinner i landbruket? Hadde det ikkje då blitt trivelegare å jobba på garden? Jau, alle Kristin diskuterte idéen sin med, var fulle av entusiasme og støtte. Første samarbeidspartnar vart Torgunn Hegland.

– Ho hadde starta opp klesmerke før, og såg raskt potensial for smarte arbeidsklede for kvinner. Men me var begge opptekne i anna arbeid, og idéen vart liggjande på vent, seier Lemme.

Frå freestyle til fjøsdress

Kristin Lemme er odelsjente til eit sauebruk på Voss, og har utdanning innan prosjektleiing. I mange år var jobbarenaen store idrettsarrangement, som freestyle-VM på Voss og ungdoms-OL på Lillehammer.
Her var det ho møtte reklamemannen Johan Høstmælingen, som hadde vore engasjert av Bondelaget til å jobba med rekruttering av kvinner i landbruket. Han fall for Flor-idéen og kasta seg heilhjarta inn i arbeidet med utvikling og konkretisering.

– Flor betyr fjøs på Voss og andre delar av Vestlandet, og namnet kan også spela på blome og blomstring, forklarar gründeren.

Trygt med fleire på laget

Også vossingen Patrik Søreide kom med på laget, og designar Ingrid Brandseth, med moteutdanning frå Milano, tok utfordringa med å setja Kristin Lemme sine idéar ned på teiknepapiret.

Kva har vore avgjerande for å bringa Flor frå idé til ferdig produkt?

– At eg har fått med meg flinke folk som har trudd på idéen. Når me er fleire i lag, er det heller ikkje så skummelt å satsa, seier Kristin Lemme og smiler breitt.

Designhjelp: Ingrid Brandseth (i front) i firmaet 150 Yards Ahead har utforma kleda etter Kristin Lemme sine forklaringar.

Til topps i «Gründerjakten 2018»

Det store vendepunktet og drøymestarten fekk Flor-gjengen i Nordea sin konkurranse «Gründerjakten 2018». Av 177 påmeldte vart Flor først ein av ti finalistar. Deretter, mykje takka vera Johan Høstmælingen sin suverene presentasjon, gjekk Flor heilt til topps og innkasserte den prestisjetunge sigeren.

– Premien var heilt utruleg viktig. Ei heil årsløn betalt av Nordea, slik at eg kan jobba med Flor på fulltid. Dessutan får me god rådgjeving undervegs, seier Lemme, som har jobbtittel Nordeagründer fram til mars, i tillegg til å vera dagleg leiar i Flor.

– Det kulaste med Flor er at dei set fokus på kvinner i mannsdominerte yrke. Det har eg tru på, for me treng fleire kvinner i mannsdominerte yrke. Sånn sett trur eg at produktet er skalerbart til andre bransjar enn primærnæringa, sa Brynjolv Anke, konserndirektør for bedriftsmarked i Nordea, då vinnaren vart utropt.

Våronn-bukse i FK-butikken

I haust kom dei første Flor-kleda i butikken. Både på eigen nettbutikk og i 16 av Felleskjøpet sine butikkar, frå Alta i nord til Fredrikstad i sør. I heimbygda Voss har Kristin Lemme opna utsalet LOKAL, der Flor-kleda vert presentert side om side med andre lokale særmerkte kvalitetsvarer.

– Til no har me to bukser, ei jakke og tskjorter. Men det kjem også ei fleecejakke no før jol, og me jobbar med ein kjeledress som kjem til våren. Me har også planar om fleire sommarprodukt, seier Kristin Lemme, som ikkje er framand for tanken om ein kvardagskjole til arbeidsbruk. Trass alt, det var kjole ho hadde på seg den dagen ho fiksa gjerdet i ein fei, dagen då idéen om Flor poppa opp.

Menn som heiar på kvinner

– Det viktigaste me ynskjer å oppnå er at fleire kvinner vil inn i landbruket. Eg skal bli bonde sjølv, og eg ynskjer ikkje at landbruket skal bli lagt ned. Det betyr mykje at me er fleire som ynskjer å halda gardane i drift og produsera norsk mat. Dessutan, også kvinner som arbeider som elektrikarar, maskinkøyrarar og røyrleggjarar ynskjer seg komfortable og fine arbeidsklede. Og me har planar om å utvida utvalet vårt, seier Kristin Lemme.

Menn har lurt på om Flor ikkje har klede til dei også. Og jau, då har dei laga t-skjorte med teksten «Eg likar kvinner i Flor(en)».

– Det er overraskande mange menn som engasjerer seg i prosjektet. Mange ektemenn, brør og fedrar har kjøpt plagg til «sine damer», for å visa at dei heiar på dei. Både menn og kvinner ser at det er bruk for eigne arbeidsklede for kvinner. Me ynskjer å laga plagg som er så kjekke å ha på seg at ein gler seg til å gå ut og jobba.

Språk er identitet

«Sjodna» (fjøsstell på vossamål) er namnet på arbeidsbukse og jakke. Buksa toler ein vassprut i fjøsen eller eit vått fange med gras, sidan den har vassavvisande stoff framme og har behageleg stretch på baksida. Lomma på sida har plass til litt verktøy, eller mjølkeflaske til kopplamma.
«Våronn» er ei solid arbeidsbukse med lommer til kniv, mobil og spiker. Den har blitt testa både på traktorsetet og på sauesanking. T-skjortene har namn som «Strå» og «Slått».

Kor viktig er namna og nynorsken?

– Nynorsk er kjempeviktig for meg, sidan me spelar på Voss og det at me høyrer til her. Språk er viktig for identiteten, meiner Lemme.

Aller helst skulle Flor vore produsert i Noreg, men det let seg vanskeleg gjera. Bedriftsetableraren er difor nøgd med at fabrikken i Kina er ein sertifisert produsent med krav knytt til bærekraft og arbeidsmiljø. At ho i det heile teke skal bidra til auka klesproduksjon, er ikkje noko ho tek lett på.

Kristin sine tre råd til gründerar

Gjennom dei mange åra som har gått frå idéen oppstod ved gjerdet på heimegarden, til arbeidskleda no er produserte og komne i bruk, har Kristin Lemme gjort seg mange erfaringar. Ikkje alt har gått etter planen. Ting har teke tid, og problem har oppstått undervegs. Og på heimesida florworks.no deler Kristin openhjartig sine små tabbar og utfordringar. Ho har lært både nytt og nyttig, og deler gjerne sine beste råd.

– For det første, få med deg folk som er flinkare enn deg. Det er lurt å alliera seg med nokon som kan meir enn deg om ulike felt. For det andre, lag ein god forretningsplan, og tenk at den skal vera relevant for deg og ditt produkt. For det tredje, ver open og ærleg undervegs i prosessen. Då får du med deg kundane og publikum på reisa di, og fleire engasjerer seg.