Enkelt liv: Då Solbjørg og Jan Magne Staurland fekk tilbod om å kjøpe garden på Litlaland var dei ikkje i tvil.
– Du får jo ikkje så mange moglegheiter som dette i livet. Så då me såg plassen her, så måtte me berre ta den sjansen, seier Jan Magne.
Villsauen
Solbjørg og Jan Magne Staurland oppnår kvalitetstilskot på 99 prosent av villsaulamma, men meiner det er kjøtfylde, feitt og den finfibra muskulaturen som er viktig for kvaliteten, vel så mykje som vekt.
Liv Kristin Sola
Kvar vår når det nærmar seg lemming, flytter Solbjørg og Jan Magne Staurland frå Vikedal til garden Litlaland inne ved Fjellgardsvatnet. Her har dei 130 villsauer, nokre ender, gjæser, høns, kalkun og påfugl. Eit par hestar og border colliar.
– Når du først har litt dyr, kan du like godt ha fleire. Me er jo bundne her uansett, seier Jan Magne.
Det første dei gjorde var å fikse den vel to kilometer lange grusvegen frå Hundseid, som var delvist rast ut og øydelagt. Og dei har lødd meter på meter med støttemurar og planert ut fôringsplassar til sauene. Dei har eiga sag og nyttar tømmer frå eigen skog.
Mot vår: Årringane går på innmark og får ekstra godt stell og tilsyn. Det grønkar i bakkane, men fjelltoppane ligg framleis kvite – og speglar seg i Fjellgardsvatnet.
Gardsfakta – Litlaland:
Solbjørg og Jan Magne Staurland kjøpte småbruket Litlaland i 2000 av Solbjørg sine foreldre. Garden vart fråflytta i 1969, og var sidan bruk av Solbjørg sine foreldre som sauebeite. Familien har budd på garden i sommarhalvåret sidan ungane var små.
Dei har rundt 130 vinterfôra sauer, 20 livlam og fire verar. Totalt areal er rundt 3900 dekar, inkludert 1000 deka skog og 88 dekar med beite og gammal slåtteng. Alt grovfôret blir kjøpt inn.
Dei dyrkar potet og grønsaker, frukt og bær, og har ein flokk med høns, gjess og ender, samt eit par islandshestar og ein border collie.
Solbjørg er heimesjukepleiar og Jan Magne er tilsett i 50 prosent ved Sandeid fengsel. Dei har fire vaksne barn; Jan Sverre (26), Ole Tjerand (24), Mariann (20) og Jon Torgils (18).
Mykje å ta fatt i
Dei har brukt mykje tid på å rydda tun og beite for å få kulturlandskapet tilbake til slik det ein gong var. Tistlane har dei fjerna mekanisk, med heimesveisa hakker, og alle mann i arbeid.
Ungane hadde ofte venner med seg, snekra, sprang til fjells og forsynte seg av frukt og bær frå hagen.
Dei hadde sine eigne sauer, valde ut påsettlam og slaktelam, og fekk røynt seg på mange områder.
Eit ledd i ein lang historie
Garden ligg sørvendt og jorda er næringsrik, og varmekjære treslag som alm, ask og eik veks godt. Overalt er det spor etter dei som ein gong livnærte seg her oppe, med gamle hus- og fjøstufter og rydningsrøyser. Gamle styvingstre, eller kydlestu som dei kallar det her, vitnar om ein aktivt husdyrtradisjon i området.
– På det meste var det 170 fastbuande i området rundt fjellgardane, seier Jan Magne.
Nede ved vatnet ligg åkeren klar for årets settepotet. I frukthagen er det eple, pærer og plommer. Tyske, danske og russiske sortar, nye norske sortar side om side med gamle stadeigne sortar frå eplehagar lokalt og i Hardanger. Her er bærbuskar og nye stiklingar som røter seg i pottene.
Bratt og tungvindt: Det går anten opp eller ned når ein skal bevege seg rundt på Litlaland.
Det er her dei bruker kveldane etter at arbeidet er unnagjort. Solbjørg driv fram bær og grønsaker. Jan Mange podar frukttre og får fram fleire sortar på same grunnstamme.
Eit ledd i historia: Garden har truleg vore driven sidan før svartedauden, og no har Solbjørg og Jan Magne rydda kulturlandskapet tilbake til slik det ein gong har vore.
Tilleggsfôring: Både vaksen sauer og påsettlam får tilleggsfôring gjennom heile vinteren.
For bratt for slått
Årringane beitar i dei bratte bakkane ned mot vatnet. Påsettlamma får ekstra godt stell, slik at dei er store nok til å ha lam første våren.
– Dei blir ikkje sende til fjells, men går på innmark, og for å få dei tamme til dei skal bli ein del av den store flokken, seier Jan Magne
Dei slår ikkje gras her oppe. Til det er det for bratt og tungvindt, men det hender dei hesjar litt, mest då ungane var små.
– Me kunne nok klart å halde høy til 30 sauer, men prioriterer å bruke arealet til beiting og kjøper heller rundballar, seier Jan Magne.
Gjer seg ikkje sjølv
Når snøen kjem, eller seinast i desember, får sauene tilleggsfôring med rundball i fôrhekk og litt kraftfôr. For sjølv villsauen kan ikkje klare seg utan tilleggsfôr gjennom vinteren, dersom bonden vil ha høg tilvekst og god slakteklasse på lamma til hausten.
– Det gjer seg ikkje sjølv. Gode vårbeite og tilleggsfôring er avgjerande for å oppnå god slaktevekter. Det tek tid og kostar pengar, seier bonden.
Dei har prøvd både NKS, spæl og fuglestadbrogete, men fann fort ut at det var villsauen som eigna seg best i deira driftsopplegg.
«Gode vårbeite og tilleggsfôring er avgjerande for å oppnå god slaktevekter.»
Jan Magne Staurland
– Dei tyngre rasane har meir problem i lemminga og meir sjukdom og dyrlege. Eg trivst ikkje når eg må kave med sjuke dyr, seier Jan Magne.
Det var ein av grunnane til at dei gjekk over til berre villsau. Det er ikkje mindre arbeidskrevjande, men ein annan type arbeid med fôring fleire stader og tilsyn på beita.
– Eg trur me må tenke større om kva me definerer som god drift og god dyrevelferd. At dei får gå i flokken og vere ute i all slags ver, at dei lemmer ute, har veldig lite sjukdom eller lammingsvanskar og har passeleg med lam. Det er god velferd, seier Jan Magne.
Fargespel: Villsauen skal vere liten og lettbeint, og den skal ha stor variasjon i både farge og teikningar. Den gammalnorske sauen er den som er mest lik dei første sauen som kom til Norge nærare 5000 år sidan.
Bruker mange verar
For å sikre genetisk mangfald, deler dei flokken i fire i paringa og bruker fleire vêrar. Verane blir normalt berre brukt ein sesong. To av vêrane står i sauefjøset. Den eine er liten i kroppen, men med sjeldan flott horn. Den andre litt større.
– Eg vil gjerne ha ein variert flokk, både i storleik og eksteriør. Dei skal ha gode bein og god kjøtfylde, seier Jan Magne.
Fellen skal verne mot ver og vind med tett og god botnull og dekkhår, og helst skal dei sleppe ulla naturleg om våren, men det er store individuelle variasjonar.
I slutten av juni samlar dei flokken ned frå fjellet for klipping og behandling mot innvollssnyltarar. Ull frå villsau har i dag ingen økonomisk verdi, men håpet er at den på sikt kan få ein verdi.
– For oss er det ein fordel at dei slepp fellen sjølve. Då sparar me tid og pengar, seier Jan Magne.
Plukkslaktar lam
Allereie i midten av august tek dei flokken heim frå fjellet, skil frå lam og slepp dei på gjødsla håbeite. Saulam og vêrlam i kvar sin flokk.
– Då blir dei rolegare og bruker energien på å vekse, seier Jan Magne.
Lamma har fri tilgang til kraftfôr, iblanda roesuper, og blir plukkslakta og levert i fire puljar.
Lammetal er i snitt på 1,6-1,7 lam. Dei vel ut rundt 20 livlam som blir para første vinteren, og slaktar om lag 220 lam. Første puljen i starten av september, den siste i oktober. Saulam på ni til ti kilo kan vere runde og fine over ryggen. Dei tyngste vêrlamma blir 17-18 kilo.
– I tillegg til vekt, vurderer eg hold på kvart lam for treffe rett klasse. Kvalitetstillegget betyr mykje for økonomien i vår drift, og eg tilpassar meg slakteriet sine vektklassar. Men det tek mykje tid, seier bonden.
Sørvendt og næringsrikt: Litlaland ligg nord for Fjellgardsvatnet i Vikedal, Vindafjord. Området er dominert av forvitringsjord av fyllitt, som gir gode vekstvilkår for ulike planter og tre.
Økonomi i friske dyr
Snittalder på søyene er rundt åtte år, men det er sjeldan dei vel å halde dei lenger enn ti år. Då går ytinga ned.
– Når me snakkar om dyrevelferd og økonomi, så bør me jo òg ta med levealder. Friske og haldbare dyr er god økonomi og god trivsel. Så kan eg heller bruke tid på tilsyn og fôring, seier Jan Magne.
Ekstraarbeid skal betale seg
99 prosent av lamma klassar i O+ eller betre, med eit snitt på R-. Med dagens ordning gir det i sum eit det eit kvalitetstillegg på 111.000 kroner.
– For meg er det ein utfordring å sjå kva me kan oppnå med denne rasen. Kvalitetstillegget skal dekke den ekstra kostnaden og arbeidsinnsatsen me legg ned for å sende lam som næringa definere som kvalitetslam, seier Jan Magne.
Han meiner likevel at denne driftsforma ikkje er optimal for villsauen. For det å auke vekta med to kilo for å nå ein definert vekt, er for ressurskrevjande.
– Eg har vald å drive etter heilt andre prinsipp for å oppnå meirbetalinga i kvalitetstilskotet og sjå kor stor produksjonsevne rasen har dersom den blir stelt som andre rasar. Men ei berekraftig villsaudrift er slik dei har drive med desse dyra gjennom alle tider. Å produsere menneskemat på marginale beite med minst mogleg innsatsfaktorar, er utan tvil den mest berekraftige driftsforma. I framtida kan denne eigenskapen bli livsviktig. Alle moderne rasar vil få problem i marginalt villsauterreng, seier han.
Nøgd bonde: Jan Magne er nøgd med det dei har fått til på bruket. For han og Solbjørg handlar det om så mykje meir enn gardsdrift. Det er ein livsstil.
Tamme villsauer: Å ha tamme og tillitsfulle dyr er viktig når dei har alle dyra på utegang.
Konsekvens av endring
Bonden har merka seg NSG sitt forslag om å differensiere kvalitetstilskotet i vektklassar. I forslaget som er sendt til faglaga ber dei om ei nedre vektgrense for kvalitetstilskot på 11 kilo.
– For villsau som beitar på marginale beiter, til dømes kystlyngheit, kan denne grensa bli krevjande å nå, spesielt for saulam, seier Jan Magne.
Får NSG det som dei ønsker, vil eit villsaulam på 10,5 kilo som klassar i O+, eller R-, miste heile kvalitetstilskotet. Eit tap på 555 kroner per lam, samanlikna med dagens ordning.
– Det dei oppnår med dette, er å svekke økonomien til dei som driv arbeidsintensiv med lette rasar og auke tilskotet til dei med tunge rasar, seier Jan Magne.
– Paradokset er at dei som driv ekstensiv og ikkje har eit einaste lam i O+, tapar ingenting på denne endringa, seier han.
Bonden trur forslaget heller vil virke mot sin hensikt. Fordi dei som leverer alle lam i O+ og betre, men ikkje når vektgrensa, no risikerer å få halvert kvalitetstillegget.
– Eg trur mange, inkludert meg sjølv, vil legge seg på ei mindre arbeidsintensiv drift. Det vil rett og slett ikkje lønne seg å gjere ein ekstra innsats for å få lam i O+ med dei foreslåtte vektgrensene, åtvarar han.
Kva er optimal villsaudrift?: For Jan Magne har det vore motiverande å sjå kva resultat han kan få på villsauen når han legg inn dei ekstra arbeidstimane og fôringa som må til for å nå dei kvalitetskriteria som er sett for tilskot. Samstundes er han tydeleg på denne driftsmåten ikkje er harmonerer med god villsaudrift. – Det er ein rase som gjer seg best i ekstensive driftsopplegg på marginale beite, og minimalt med kraftfôr, seier han.
Tunet: Dei gamle bygningane står tett i det bratte landskapet. Eldstesonen er i gang med nytt lafta bygg på gamle murar (t.v.).
Villsauene: Villsau, eller gammalnorsk sau som er rasenamnet, er ein ypperleg beitar på marginale beiteområde.
Matauk: Opp gjennom åra har familien hatt mange ulike fjørfeartar på bruket, og framleis er det både gjess, påfugl, høns, kalkun og ender – til hobby og matauk.
Hobbygartnar: Når arbeidsdagen ser slutt, tek Jan Magne gjerne ei økt i grønnsakshagen. Frukttre og bærbuskar ein ein lidenskap, og han podar gjerne fleire sortar på same grunnstamme.
Politiske pengar
For å oppnå maks tilskot på 700 kroner må vekta vere mellom 15 og 24 kilo, ei vekt berre få villsaulam kan oppnå.
Dette er «politiske» midlar som blir fordelt over jordbruksavtalen, for å sikre politiske mål som mattryggleik, spreidd busetnad og kulturlandskap.
– Slakteria har allereie differensieringane på vekt og klasse, med tillegg for gourmetlam og stjerneland. Alt i favør tunge raser, seier Jan Magne.
Han forstår at industrien gjer slike økonomiske tilpassingar, men det er dei små rasane som tapar. I tillegg har crossbredrasane tilskot for ull av god kvalitet, og tilskot til avlsarbeid gjennom NSG.
– Ein ting er korleis dei fordeler nye tilskot, men å omfordele midlar som er godt etablert, skapar berre uro. Me bønder må tenke langsiktig og rekne på ting før me tilpassar oss og investerer. Då kan me ikkje, berre med eit pennestrøk, endre ei ordning som får så store økonomiske konsekvensar for enkelte bønder, seier Jan Magne.
«Me treng alle driftformar og breidden i næringa. Og må heie på kvarandre.»
Jan Magne Staurland
Ta vare på hendene
Landbruket si oppgåver er først og fremst å produsere mat. Samstundes er Norge forplikta internasjonalt til å ta vare på natur, og spesielt den sårbare kystlyngheia.
– Det er det berre villsauen som kan klare, seier Jan Magne.
– Svekker me økonomien til desse bøndene, så klarer me ikkje leve opp til avtalene.
Bonden minner om at det er samfunnet sitt ansvar å sikre at vi har hender som er villige til å produsere mat over heile landet.
– Forsvinn hendene frå dei marginale jordbruksområda, så må me gi opp desse målsettingane. Me treng alle driftsformer og breidda i næringa. Og må heie på kvarandre, seier han.
Eit val for livet: Då Solbjørg og Jan Magne kjøpte bruket på Litlaland, valde dei samstundes å flytte til fjells og bu her heile sommarhalvåret. Det ga dei tre ungane ein unik oppvekst og eit hav av moglegheiter.
Alle rasar har sin plass
Jan Magne og Solbjørg legg ikkje skjul på at det har vore utruleg mykje jobb å drive fram dette prosjektet. Og lite inntening. Men det har vore verdt det. Og dei er ikkje i tvil om at dei har funne sin rase og si driftsform.
– Økonomi er sjølvsag viktig, men er i seg sjølv ikkje ein sterk drivar. Draumar, arbeidsglede og motivasjon er ein mykje sterkare motor i alt me menneske gjer, seier Jan Magne.
Han meiner villsauen har ei framtid i norsk landbruk. På lik linje med andre rasar.
– Me tek jo alle val for oss sjølve og for vår eigen generasjon, men val me gjer i dag får konsekvensar for framtida, seier villsaubonden





