
Ein mentor på laget
Når kvardagen er ny, ansvaret stort og spørsmåla mange, er det godt med ein mentor på laget. Gjennom sitt første år som bonde, har Anita Garheim Stangeland fått rettleiing frå Merethe Mørk.
Når kvardagen er ny, ansvaret stort og spørsmåla mange, er det godt med ein mentor på laget. Gjennom sitt første år som bonde, har Anita Garheim Stangeland fått rettleiing frå Merethe Mørk.
Anne Aakhus og Even Simensen har lite erfaring med husdyr. No bygger dei fjøs til sau og storfe. Mentor Åse Ingebjørg Flateland heiar fram den unge familien.
Bente og Tore Hommeland valde økologisk drift og urfe då dei overtok heimegarden til Bente. Med eit litt utradisjonelt val har det vore fint å ha ein mentor som tenker litt likt.
Thea Helena Opheim dyrkar tretti ulike vekstar på tre dekar jord. Dyrking er ein ting, sal og marknadsføring noko heilt anna. No får ho gratis råd av mentor, Erik Halvorsen.
Lillian og Steinar har fått meir system på drifta og er betre budd førlamming etter at dei hadde mentor i 2019. Dei er meir bevisst på avl og val av vêr, og håper kombinasjonen godegenar og god drift, vil gi gode lam.