Mentor-ordninga: Lene Marie Hustveit (t.v.) er HMS-rådgivar i NLR og har ansvar for å koordinera mentor-ordninga i Rogaland. Inga Steinsland, sauebonde frå Bjoa, er mentor for Magnhild Katrine Hevrøy (t.h.), sauebonde på Karmøy.

Tryggare med ein erfaren bonde på laget

26. november 2023

Magnhild Katrine Hevrøy har eit nytt blikk på framtida, og meir kunnskap om produksjonen. Inga Steinsland har vore mentor, støttespelar og kunnskapsbank gjennom året.

Jane Brit Sande

Mentor (subst.): (eldre og) erfaren person som underviser, rettleier og gjev råd (ordbokene.no).

– Inga har vore tilgjengeleg for meg kvar dag, heile året. Det har vore heilt fantastisk, seier Magnhild.

– Sjølv når eg sender melding på ein fredagskveld, plingar det inn eit svar etter kort tid.

Magnhild har i år vore med på mentorordninga til NLR. Ho har drive heimegarden på Karmøy i snautt fire år. Der har ho 105 vinterfôra sauer. Hovudtyngda er pelssau, men bonden har også nokre villsau.
Sauebonde Inga Steinsland frå Bjoa har sjølv pelssau blant sine 340 vinterfôra sau. Ho har vore Magnhild sin dedikerte rettleiar gjennom året.
I tillegg til å vere sauebonde, er Magnhild spesialsjukepleiar på Haugaland distriktspsykiatriske senter (DPS). Mannen jobbar offshore i turnus.

– Dette lar seg kombinera takka vere familien. Alle er i sving. Eg er heilt avhengig av at nokon kan trø til når eg er på arbeid. Eg kan ikkje berre gå ifrå om noko skjer på garden.

Dagens tema: Inga nytta høvet til å snakka om pelsskinnet då ho likevel tok turen til Magnhild på Karmøy. – Sjå på lokkane. Det skal vere krøll heilt inn, og den skal vere lik over heile pelsen. Det blir poengtrekk viss det er variasjon, forklarar Inga.

Andre gong

Det er ikkje første gong Magnhild er med på mentorordninga.

– Eg hadde også ein mentor på ammekyrne andre året eg dreiv garden. Men no har eg utvida sauebesetninga mykje, og eg trong rettleiing på korleis eg kunne både betra og letta drifta. Det var mykje tungvinte rutinar og løysingar. Eg ønskte innspel og tips av andre på korleis drifta kunne endrast.

Inga var ikkje vanskeleg å be då spørsmålet om å vere mentor kom på bane.

– Det er jo litt smigrande, så det var lett å seie ja, seier ho.

Ei tung avgjersle

Dei første åra Magnhild dreiv garden, hadde ho ein flokk med ammekyr. Alle dyra var reinrasa dexter.

– Dei var flotte mordyr, og dyra var kjempegode på beita. I tillegg var dei fine til sambeiting med sau, seier ho.

Men dårleg lønsemd tvang fram ei vanskeleg avgjersle for bonden.

– Den 2. oktober i år, kom slaktebilen og tok med seg heile flokken. Det var tungt.

Magnhild hadde vore i tenkeboksen i halvtanna år før ho bestemte seg. Ho ville så svært gjerne få det til med den vesle storfe-rasen.

– Eg brukte mykje tid i lag med dyra, så dei vart veldig tamme og fortrulege. Det var ein trist dag å vera bonde då kyrne drog, seier ho.

– Men det gjekk ikkje økonomisk. Drifta kostar for mykje, og innteninga er for dårleg. Då må kjenslene leggast til sides.

Rubbhall: Magnhild sette opp ein rubbhall då ho skulle få ammekyr til gards. Dyra går på talle, og kan gå inn og ut som det passar dei. Her har ho 60 sauer.

Auka på

No har saueflokken til Magnhild vakse, i staden. Etter tørkesommaren i 2018, før Magnhild tok over, vart store deler av sauebesetninga slakta på grunn av grovfôrmangel.

– Eg starta med 50 vinterfôra, og har auka på kvart år. Eg held att dei søyene eg tykkjer er gode. Eg nyttar mykje tid saman med dyra, og det har eg att for. Dei er tamme, lette å henta på beite, og det er lett for meg å peika ut kva dyr eg skal ha med vidare, seier bonden.

– Så lenge det svarar seg kjem eg til å auka på med sau etter kvart som eg får meir dyrka jord, seier Magnhild.

Eit mål om kor stor flokken skal bli, er førebels ikkje sett. Lynne er ein viktig eigeskap bonden tar med seg i avlen.

– Nålauget for å bli med vidare blir berre mindre og mindre, seier Magnhild.

Ho set dyrevelferd så høgt ho kan.

– Det er dyra først, så oss sjølve etter på. Me brukar mykje tid i lag med dei.

Ein plan for året

Inga og Magnhild møttest første gong på oppstartssamlinga i januar. Saman la dei ein plan for året, og kva dei ulike møta skulle handla om.

– Eg ville me skulle koma gjennom alt som handlar om sau. Heile årshjulet, avl, grovfôr, bygningar, utstyr for handtering av sau, og så vidare, seier Magnhild.

– Det har vore veldig praktisk at me vart samde på førehand om kva møta skulle handla om. Då kan me båe førebu oss, slik at møta blir både nyttige og effektive, seier Inga.

Magnhild var klar på kva målet for mentor-året skulle vere.

– Eg ville betre drifta og hauste erfaringar for å legge ein langsiktig plan for garden og videre drift, saman med ein erfaren bonde.

Pelssau: Magnhild heldt fram med pelssau på garden då ho tok over. No nyttar ho også Sauekontrollen, etter at Inga overtydde ho, og har betre oversikt over besetninga og utviklinga.

Inga sine råd

Mentor Inga seier at det har vore kjekt å vere til nytte.

– Og så er det jo kjekt når ein får spørsmål som ein veit svaret på.

Ein ting ho var bestemt på å få overtyda Magnhild om, var å ta steget inn i Sauekontrollen.

– Sauekontrollen er eit utruleg godt verktøy i avlsplanlegginga. Her får du oversikt og informasjon samla på ein stad, seier Inga.

– Verktøyet er også veldig praktisk opp mot dokumentasjonskrav og KSL. Ein kryssar berre av at ein er med i Sauekontrollen, og så løyser det utruleg mykje.

Magnhild vart råda til å investera i ein lesestav for å letta registreringsarbeidet.

– Tidlegare måtte eg halde kvart dyr fast medan eg leste av øyremerka. Det var veldig tungt arbeid, lite effektivt, og til tider vanskeleg å lese øyremerka når sauen ikkje ville samarbeida, seier ho.

Magnhild angrar ikkje, sjølv om var skeptisk til både lesetaven og Sauekontrollen i starten.

– «Kontroll» er jo litt avskrekkande, og derfor har eg styrt unna. Men eg ser jo at det er utruleg med fordelar, for både meg sjølv og samarbeidspartar, seier Magnhild.

– Eg ser kva dyra gir, og har ein god oversikt over individa. Eg tykkjer eg får mykje att for kostnadane. Og kvardagen med lesestaven er utruleg mykje enklare!

Inga likar det ho høyrer.

– Magnhild har tatt fleire av råda mine i bruk, og er nøgd med utviklinga det har ført til. Det er det viktigaste, seier ho.

Gler seg: Lene Marie Hustveit er HMS-rådgivar og regionkontakt med ansvar for å koordinera mentorordninga i fylket. Ho ser fram til å sjå kven som søker og kva fagområder det kjem inn søknadar på til neste år.

– Plass til fleire

Talet på mentorpar går opp for kvart år, men det er ennå rom for fleire.

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) forvaltar ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge regionalt. Ordninga blir finansiert over jordbruksavtalen. Lene Marie Hustveit er HMS-rådgivar i NLR Rogaland, og regionkontakt med ansvar for å koordinera mentorordninga i fylket.

– I år har 15 bønder i Rogaland ein mentor på laget. Nasjonalt er det 145, seier ho.

– Det er plass til fleire. Det er ikkje press på ordninga enda, iallfall. Mentoråret startar med ei oppstartssamling i januar. Her er også representantar frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge med.

– Nettverksbygging er ein viktig del av ordninga, seier Lene Marie. På samlinga er det foredrag og informasjon, og avtaleskriving.

 Unge bønder har førsteprioritet

Dersom det er mange søkarar, så skal unge bønder under 35 år prioriterast.

– Uansett om du er ny i landbruket, startar med ny produksjon eller er over 35 år, er du velkommen til å søka, seier Lene Marie.

Fylka får eit visst tal med plassar som skal fordelast, basert på talet søknadar som kjem inn. Lene Marie har alltid ein samtale med dei som har søkt etter mentor for å høyra kva som er mål og motivasjon for å vere med, og om dei oppfyller kriteria for å bli med.

– Dette er for å finna ut kva mentor eg skal sette dei saman med. Men nokon gonger kjem me heller fram til at det kan vere fornuftig å venta eit år til, seier Lene Marie.

Kan vere med fleire gonger

Det er førebels inga grense for kor mange gonger ein kan vere med på mentorordninga. Magnhild avslører at ho har søkt for neste år også – eit tredje år med mentor.

– Men det er krav om nytt fagområde og ny mentor, understrekar Lene Marie.

Dei som er mentorar, får ei godtgjersle for å ta på seg oppdraget.

– Det er ikkje ein veldig stor sum, men litt skal dei ha for å forplikte seg til å vere så tilgjengelege, seier Lene Marie.

Spennande

Lene Marie ser fram til å sjå kven som søker og kva fagområder det kjem inn søknadar på.

– Det er like spennande kvart år, seier ho. Rådgivaren må gjerne ut for å rekruttere mentorar.

– Eg nyttar eige nettverk, kollegaane mine, eller andre rådgivarar for eksempel i Tine eller hjå slakteria for å få tips til kven eg kan ta kontakt med. Me vil alle det beste for dei som søkjer og kjem med, seier ho.

– Men viss nokon kunne tenke seg å vere mentor, må dei melde seg via søknadsskjemaet på NLR sine sider.

Søknadsfrist for nye bønder og mentorar er 1. desember. Søknadsskjema på www.nlr.no/mentor

Stikkord denne saka: , ,