En ung kvinne sitter på gresset med en laptop på fanget, omringet av kyr.

Kva feilar dyret? Eit bilde og ein spørjerunde på sosiale media etter diagnose på tilstanden til dyret er ikkje alltid det smartaste. Foto: Istock

Sosiale media kan hjelpa bønder med spørsmål om dyrehelse, men noko erstatning for veterinæren er kommentarfeltet ikkje.

Hildegunn Mugås,
dyrlege ved Hestavangen Dyreklinikk på Voss, og sauebonde.

Sosiale media er vorte ein stor del av mange sine liv, også bønder og dyreeigarar, og dyrlegar. Det fins mange forum og svært mange aktive brukarar.
Som med alt anna har dette fleire sider. Det kjem ein del gode tips og råd innimellom. Men som sauebonde og dyrlege ser eg ofte innlegg og kommentarar som er rystande.
Kommentarar som «dyrlege er kontakta, men de på forumet har sikkert svar mens me ventar» er ein av klassikarane.

Respekt for andre

Gjennomgåande er mykje nedlatande kommentarar. Mange er raske med kritikk og harde ord. Spørsmål vert lett tolka i verste meining. Det som var meint som eit råd vert tolka som noko anna. Hugs på å visa respekt og folkeskikk også på nettet. Kanskje passar ikkje innlegget med dine erfaringar, men det treng ikkje bety at det er feil.
Det er mange ulike måtar å ha dyr på. Tittelen bonde er ikkje beskytta og bønder kjem difor i mange variantar. Han som har tre sauer og lam med bleier på forstår ikkje alltid problema bonden med ___ ammekyr har, og vise versa.
Kva feilar det dyret mitt?
Dette ser me igjen og igjen. Nokon legg ut eit bilde av ein sjuk sau og ei kort omtale av problemet. I løpet av kort tid har rett diagnose vorte sett! Men det er også kome forslag om stort sett alle diagnosar ein sau kan få. Dette er frustrerande, og svært forvirrande for den som stilte spørsmål og hadde behov for hjelp.

Når ein ikkje diskuterer same sak, vert resultatet av diskusjonen fort dårleg.

Hildegunn Mugås

Dyrlege ved Hestavangen Dyreklinikk på Voss, og sauebonde.

Å sette diagnose

Noko av det fyrste ein dyrlege lærer når praksisen byrjar, er at mange har eit ynskje om å få ein diagnose fastsett over telefon og helst i løpet av to minutt. Det neste ein erfarer er at dette nær sagt er umogeleg i mange tilfelle. Årsaka er ikkje at dyrlegen ikkje har lest sitt pensum eller kjenner problema. Det vanskelegaste er å tolke informasjonen ein får frå bonden.
Med tida vert me kjende med kundane våre og har eit betre grunnlag for å vurdere den informasjonen som kjem. Dette er heilt fråverande i sosiale media. Å ta situasjonen ut frå ein kort omtale og eit bilde, er ei vanskeleg øving.
Eit døme: Ein eigar ringer og seier dyret har eit sår som må syast. Ok seier dyrlegen, og så startar utspørjinga. Dette kan erfaringsmessig dreia seg om alt frå eit risp i huda til svært alvorlege skadar. Eller: Dyret «ristar litt». Årsaka kan vera kulde, stress, smerter, eller at eit dyr har alvorleg krampe.

Typiske symptom

Det er ein del sjukdommar som har lett gjenkjennelege og klassiske symptom. Då er det enkelt å vera dyreeigar og dyrlege. Det er likevel ikkje slik at eit dyr alltid har alle dei typiske symptoma. Oftast har dei mange, men iblant nesten ingen. Då er det meir krevjande å få gitt riktig behandling.
Mjølkefeber er eit godt døme. Når kyre ligg, temperaturen er låg, øyra kalde, kalving har stoppa opp og ho ikkje kjem seg på beina – ja då er det lett å setta diagnosen. Men om ho ligg i sola på beitet, kalva for __ dagar sidan og temperaturmålaren viser __ grader? Eller kyre står, men er sint, irritert på alt rundt seg og brukar alt av krefter på å verka normal? Jo, dette kan også vera mjølkefeber.
Det gjeld også motsett. Eit dyr som har kalde øyre og ligg, har ikkje alltid mjølkefeber, sjølv om dette er typisk for nett det. Ein oppblåst buk er ikkje alltid trommesjuke, og så vidare.

Det som fungerer på Jæren fungerer ikkje på Møre og omvendt.

Hildegunn Mugås

Dyrlege ved Hestavangen Dyreklinikk på Voss, og sauebonde.

Begrepsforvirring

Ein annan ting ein fersk dyrlege lærer, er at bønder har mange ulike namn på same kroppsdel og same problem. Her er det og store lokale variasjonar. Ofte er det òg ein del som ikkje heilt kan anatomien til dyra sine. Mange ledd får pussige plasseringar. Ein del syns det er flaut å snakke om alt som har med reproduksjon og kjønsorgan å gjera. Kva var eigentleg forskjellen på bør og skjede, uterus- og vaginalprolaps? Når ein ikkje diskuterer same sak, vert resultatet av diskusjonen fort dårleg.

Sjeldan éin fasit

Ein annan vanleg kommentartype på nettet er at dette problemet har eg hatt og eg løyste det slik og slik. Og dermed vert det fasiten. Det kan vera at vedkommande er svært dyktig, men det kan òg vera heilt tilfeldig. Det er farleg å konkludera ut frå ein person si erfaring, og særleg dersom du ikkje kjenner vedkommande. Det ser også ut til at ein del set meir tillit til slike erfaringar enn råd gitt av dyrlegen sin. Det er trist og ganske skremmande.
Eit døme her er behandling mot parasittar. Dette er ein jungel, og eit område der det er vanskeleg å gje dekkande råd. Difor får ein også mange svar. Det som fungerer på Jæren fungerer ikkje på Møre, og omvendt. Eit anna døme er fødselshjelp. Dårlege råd her kan vera katastrofale for både mor og avkom!

Dyrlegar kan ikkje trylla

Veldig mange tør ikkje skriva eit innlegg utan å slenge på at dyrlege er kontakta. Og det er fint. Men det er dessverre ikkje slik at dyrlegen kan ordne alt. Nokon gonger er det ikkje liv laga, og slik er naturen. I ein del tilfelle døyr sauen av jurbetennelse uansett kva behandling ein gjev. Dyret med listeriose som har fått nerveskade kan ikkje reddast av ei sprøyte, og så vidare.
Realisme kring liv og død er iblant mangelvare. Sjølvsagt kan ikkje alle dyrlegar vera spesialistar på alt. Nokon er fantastiske på fødselshjelp, andre på indremedisin, fôring, klauvstell og så vidare. Slik vil det alltid vera. Utdanninga skal forbereda oss på alt frå fisk til høner, frå marsvin til kyr.

Fasit på god dyrevelferd

Kva er god dyrevelferd? Dette er eit tema som fort vert svart-kvitt på Facebook og liknande forum, men som i røynda ofte er mykje meir komplisert. Hugs på det når du kommenterer. Ikkje ver for dømmande, for kritisk eller for rask. Dyr og menneske fungere ulikt, og grensene for kva som er god dyrevelferd er ikkje alltid lette å setta. I dei aller, aller fleste tilfella ynskjer bonden det beste for dyra sine og har vurdert situasjonen nøye. Heldigvis.