REDX på kvigene: Vil du prøva REDX er det lurt å bruka det på kvigene. Kviger tek lettare kalv enn eldre kyr, og dei har oftast høgast avlsverdi i besetningen. Her er drektige kviger på beite på Mollandsmarki i Luster kommune.
Geno tilbyr no kjønnsseparert sæd av (REDX) NRF. Det opnar for nye moglegheiter i avlsarbeidet i eigen buskap.
Oddfrid Vange Bergfjord
privatpraktiserande dyrlege i Sogndal og Luster, og frilansjournalist for Buskap
REDX gir deg som mjølkebonde mange nye moglegheiter til å planlegga avlen og mjølkeproduksjonen. Har du planar om å kjøpa kvote og auka produksjonen, kan du sikra rekruttering frå eigne dyr ved å inseminera med REDX. Då veit du at du får nok kvigekalvar.
For deg som sel kalvar eller fôrar fram oksar, er det pengar å tena på å sikra rekrutteringa til eige bruk ved å inseminera kvigene med REDX og bruka meir kjøtfesæd på vaksne dyr som du ikkje ynskjer å rekruttera etter. Kjøtfekryssingar gir ofte betre slakteoppgjer og du får høgare betaling ved sal av livdyr.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.