BN+



Godt smittevern for både to og firbeinte fordrar ei effektiv smittesluse i fjøset. Her får du tips til korleis den kan innreiast.


Reidun Fattnes, dyrlege i Førde i Sunnfjord.


I Dyrehelseforskrifta §6 finn du definisjonen på ei smittesluse:


«3.3.1 Hva er ei smittesluse. Ei smittesluse skal hindre at smitte kommer inn i eller ut av dyreholdet ditt. Alle næringsretta dyrehold skal ha en form for smittesluse. »


Eg reknar med at du er vel kjend med smittesluse. I nybygg og ved større endringar på eksisterande bygg er det lovpålagt å planleggja og byggja ei smittesluse. Desse smitteslusene er enklare å få til, i forhold til eldre bygg der ein må gjera tilpassingar.

Hindrar smitte

Smitteslusene er eit godt tiltak for å hindre smitte. Dei skal hindra at besøkande tek med seg smittestoff inn i fjøset. Samtidig har du som dyreeigar også eit ansvar for å hindra at eventuel smitte du har i fjøset, ikkje blir spreidd til andre besetningar. Du bør derfor syta for at fottøy og overtrekksklede som du brukar, berre blir brukt i fjøset ditt.
Alle som dreg frå gard til gard er potensielle smittespreiarar, det vera seg veterinær, seminteknikar, rådgjevarar eller liknande. Me har alle eit ansvar for å ikkje bringa med oss smitte, men det føreset også at du som dyreeigar har ei velfungerande smittesluse.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: