Piplar i gjødsla: Silje (f.h.), Simon, Alf Rune og Alf Magne Haarr har registrert at det skummar og fråder i gjødsla under spaltene. – Det var tydeleg bobling og aktivitet då me trakk ned gjødsla ved kraftfôrautomaten, melder Alf Magne. – Slike meldingar fortel oss at fermenteringa er i gang, kommenterer Andreas Capjon (t.v.).

Ved å tilsette mikroorganismar rett i gjødselkjellaren, håper familien Haarr å oppnå betre utnytting av næringsstoffa i gjødsla.

Liv Kristin Sola

Silje og Alf Magne Haarr og gutane Simon og Alf Rune tok i bruk nytt robotfjøs i desember i fjor. Dei har i år 240 tonn mjølkekvote og fôrar fram oksane til slakt. Grasarealet er på 250 dekar og graset vert ensilert i tårnsiloar og litt i rundballar.
For å spare jord har dei støypt ein 3,5 meter djup gjødselkjellar under store delar av fjøset. Kapasiteten er på 1500 m3. Under resten av spaltegolvet ligg det 60 cm djupe renner med luker som slepp gjødsla ned i eit røyr som endar i gjødselkjellaren.

Ordforklaringar:

Fermentering: Anaerob nedbryting av organisk materiale.
Bokashi: Japansk metode for å fermentere organisk materiale ved hjelp av effektive mikroorganismar (mjølkesyrebakteriar, gjærsopp og fototrope bakteriar).

Bønder på offensiven

Familien Haarr er blant ei gruppe bønder som skal mate gjødselkjellaren med mikroorganismar komande vinter. Metoden er kalla Bokashi. Målet er å fermentere husdyrgjødsla slik at næringsstoffa vert mindre flyktige og meir tilgjengelege for jordlivet og plantene. Innanfor fjøsdøra står ei kanne full av mikroorganismar og ei med steinmjøl. Steinmjøl skal hemme aktiviteten til dei mikroorganismane som skapar forråtning, slik at dei gode hjelparane får gunstige vilkår. Familien har fått ei oppskrift på korleis dei skal gjere dei reint praktisk.
– Det er fort gjort. Ein liter blanda ut i vatn, fordelt rundt på spaltearealet, forklarer Alf Magne Haarr.
Bøndene på Vigrestad let seg gjerne utfordre og er ikkje redd for å prøve nye ting, men er spent på om dei vil kunne registrere skilnad. Dei tek prøvar av gjødsla og grovfôret no i haust, og vil ta nye prøvar før vårvinna er i gang.
– Me må kartlegge dagens situasjon og finne ut om me kan måle eventuelle effektar av det me gjer, seier bøndene.

Tradisjonell gjødsling

Ein Doff med bladspreiar vert nytta til å spreie husdyrgjødsla. Fire til fem tonn per dekar om våren, to til fire tonn etter førsteslått, og to tonn etter andreslått. Det aller meste av jorda ligg nær det nye fjøset, og ein stripespreiar står høgt på ønskelista.
– Men me prioriterer knallhardt, seier Silje Haarr.

Målbare resultat

Paret er opptekne av å bygge kunnskap og få fram konkrete tal og dokumentasjon på kva som skjer. Dei har forventningar til prosjektet. Om dei lukkast, vil resultatet bli mindre tap og betre utnytting av nitrogen og karbon. Ein større del av næringsstoffa blir tilgjengelege for plantene, og mindre går tapt til luft som forureining. Samstundes vil det bli mindre lukt frå gjødselkjellaren og under spreiing.
– Slik eg forstår det, vil fermenteringsprosessen også endre konsistensen på gjødsla og gjere at den lettare sig ned i jorda og i mindre grad klistrar seg til plantane, seier Alf Magne.

Ta klima på alvor

– Me lever av jorda. Me, av alle, må forstå dei store samanhengane og ta vare på jorda, seier Silje.
Den tidlegare førskulelæraren er over gjennomsnittet interessert i klimaspørsmål. Ho er oppteken av at bøndene forvaltar jorda på vegne av fleire enn seg sjølv. Som matprodusent har dei eit ansvar også på vegne av storsamfunnet, for å drive jorda slik at ho er produktiv også i framtida.
– Eg er nok idealisten blant oss, medan Alf Magne er praktikaren, seier Silje.
Ektemannen er ikkje så langt etter. Med eit smil konstaterer han:
– Om me i framtida skal køyre på biogass frå eigen gard, skal me stå blant dei første i køen.

Audmjuk for ny kunnskap

Det var Ragnvald Gramstad, seniorrådgivar i NLR Rogaland, som gjorde bøndene merksame på prosjektet. Den erfarne rådgivaren trur at utviklinga i landbruket ikkje kan fortsette i same retning som i dag, og er audmjuk for ny kunnskap.
– Etter dei utfordringane me har hatt i sommar trur eg tida er inne for å rette merksemda mot livet i jorda. Me må flytte blikket frå maskinparken og sjå kva for livstilhøve me gir plantene våre, seier Gramstad.
Han undrar seg over det paradokset at me veit mykje om korleis me fôrar mikrobane i vomma til kua, men er langt unna å forstå korleis me handterer mikrobane i jorda. Rådgivaren er oppteken av ei meir optimal gjødsling og ivrar for å redusere bruk av næringsstoff som jorda ikkje treng.
– Om det viser seg at fermentert gjødsel blir ei festkake for mikrobelivet i jorda som aukar opptak av næringsstoff i plantene, samstundes som metoden reduserer tap av nitrogen, er dette eit interessant alternativ, seier Gramstad.

På lag med mikroorganismane

Mjølkesyrefermentering av husdyrgjødsel er nytt her til lands. No vert fermenteringsmetoden Bokashi testa ut hjå norske husdyrprodusentar.

Liv Kristin Sola

Bokashi er japansk og tyder Fermentert organisk materiale. Metoden vert nytta i over 120 land verda over. I Europa er metoden mest utbreidd i Nederland, Tyskland, Storbritannia og Danmark. Tanken på å fermentere husdyrgjødsla ved å tilsette mikroorganismar er ganske ny i Norge. Gjennom Prosjekt fermentering av husdyrgjødsel, skal metoden for første gong prøvast ut systematisk her til lands. I samarbeid med NIBIO, NLR, NORSØK og nederlandske Agriton, skal føretaket Bokashi Norge teste ut om fermentering av husdyrgjødsel kan gi betre utnytting av husdyrgjødsla og samstundes bidra positivt i klimarekneskapet. Prosjektet får støtte frå landbruksdirektoratet sitt Klima- og miljøprogram.

Betre utnytting av husdyrgjødsla

Fermentering handlar om ei betre utnytting av den verdifulle husdyrgjødsla. Prosjektleiar Andreas Capjon forklarer at ved å tilsette mikroorganismar kan ein påverke dei biologiske prosessane som skjer i husdyrgjødsla slik at gjødsla vert fermentert som følgje av ei oppblomstring av mjølkesyrebakteriar. Mjølkesyrene gir ein noko lågare pH, som igjen kan redusere overgang frå ammonium-nitrogen (NH4+) til ammoniakkgass (NH3). Gjennom fermenteringa vert også mykje av det flyktige nitrogenet bunde til karbon og vert dermed meir stabilt.
– Det betyr mindre tap ved lagring og spreiing, og meir nitrogen og karbon til jorda, seier Capjon.
Fermenteringa gjer at gjødsla i kjellar og lager blir meir homogen og tyntflytande, og det dannar seg små lysegrøne bobler i overflata.
– Slik kan ein unngå skorpedanning og redusere behov for å røre om gjødsla før spreiing, seier prosjektleiaren.
Prosessen løyser opp den noko slimaktige konsistensen på gjødsla og gjer at den fermenterte gjødsla lettare sig ned i jorda. Erfaringar tyder på at ein kan redusere vassinnblandinga i husdyrgjødsla ved spreiing og dermed redusere tal lass.
Gode erfaringar i andre land Karbon skal attende til jorda for å gi næring til jordlivet, som igjen vil gjere næringsstoff tilgjengelige for plantene og vera med å bygge god jordstruktur. Også nitrogen ønsker vi oss tilbake i jorda, kor den etterkvart vert tilgjengeleg for plantene gjennom prosessane som skjer i jordlivet. Erfaring frå utlandet viser at fermentert husdyrgjødsel gir redusert avgassing av nitrogen og karbon og auka effekt av næringsstoffa i jorda.
– Om det viser seg å stemme, er det positivt for klimaet og positivt for bonden sin økonomi, seier Capjon.
Prosjektleiaren viser til at europeiske bønder som over tid har nytta fermentert husdyrgjødsel, har redusert behov for innkjøpt nitrogen.

Auka kunnskap

Frå 2017 til 2019 skal prosjektet prøvast ut med gris på Mære, kalkun i Rakkestad, ku og gris i Rogaland, og ku på Tingvoll. Effekten på lukt skal prøvast ut på ein minkfarm i Rogaland. Fleire av bruka skal følgjast tett samstundes som det vert gjort forsøk på laboratorienivå på Tingvoll. Prosjektleiaren er spent på å høyre bøndene sine erfaringar. Han tek ingenting for gitt, men har eit håp om at prosjektet skal gi auka kunnskap og målbare resultat.
– No vil me læra handverket, skaffe oss praktisk erfaring og sjå om metoden kan fungere under norske tilhøve. Me er glad for å ha med NIBIO, NLR og NORSØK. Det gir oss gode føresetnadar for å få resultat som me og andre kan stole på, seier Capjon.

Stikkord denne saka: , ,