Arbeider saman: Kursdeltakarane gjekk saman i mindre grupper for eit større utbytte av kurset. Dyre Nessa til venstre, Magne Helmikstøl i full sving med klippinga.

Tre dagar til endes vart via til teknikkforbetring ned på detaljnivå for dei erfarne saueklipparane.

Jane Brit Sande

I fjøset hjå Børge Høiland på Helleland i Eigersund kommune, har elleve drevne saueklipparar vore på kurs. Dagane har gått til terping ned på detaljnivå.

– Det er erfarne klipparar som er på kurs. Eg sette minimumskravet til 1500 sau i året, men dei aller fleste klipper langt meir enn det. Nokon klipper opp mot 14 000 sau i året, seier Stian Espedal, tilførselsmedarbeidar småfe i Nortura.

Det er Helleland Sau og Geit som arrangerer kurset, med Espedal i spissen. Kurset går over tre dagar.

Nyttig finpuss

Dyre Nessa, saueklipper frå Fister, var på første klippekurs i 2002. Han er aktiv saueklippar i Ryfylke, og klipper kring 13 000 sauer i året. Nessa skryt av godt utbytte av å vere på kurs.

– Det er nyttig med finpuss kvart år. Og me får individuell oppfølging av instruktørane, og då har det ikkje så mykje å seie at ikkje alle har like mykje erfaring, seier han.

Nessa fekk litt av kvart å jobba med etter at instruktøren hadde inspisert teknikken.

– Eg fekk tips om korleis eg bør stramme skinnet, og korleis eg betre kan halde maskinen på dei forskjellige delane av sauen, seier Nessa.

Erfarne instruktørar

Det er to instruktørar i sving på kurset. Bonde Børge Høiland er kåra til norgesmeister fire gonger, og har lang fartstid som saueklippar. I tillegg er Jens Olav Leira, instruktør i Norsk Sau og Geit (NSG), på plass.

– Det er mykje detaljar og finpussing, seier Jens Olav Leira, instruktør frå NSG.

– Eg samanliknar saueklipping med toppidrett. Sama kor god atlet, det er alltid rom for forbetring, det er alltid uvanar å plukke vekk. Ein blir aldri heilt perfekt. Sjølv dei beste treng «coaching» for å bli betre, seier Leira.

God rekruttering

Leira er imponert over rekrutteringsarbeidet som er gjort for å få fleire saueklipparar i sving i Rogaland.

– Det vart ein liten knekk då Nortura Forus gjekk over til linjeklipp, og erfarne saueklipparar har gitt seg. Dette har snudd, og fleire nye klipparar kjem til. Det kan me takke Stian Espedal for, seier Leira.

Dette er første kurs med klipping av heilårsull som tema. Espedal fortel at heilårsulla er vanleg i Rogaland, då dyra kan gå lenge på beite, samanlikna med dyr i andre fylke. Espedal arrangerer klippekurs for både nybegynnarar og vidarekommande kvar haust.

Godt med finpuss: Dyre Nessa har lang erfaring som saueklippar. Han klipper kring 13 000 sauer i året. Han synast det er godt å få litt finpuss på teknikken.

God plass: I fjøset hjå Børge Høiland var det sett opp fleire klippestasjonar. Klippemaskinane var i sving heile dagane.

Stikkord denne saka: