Ein tysk, fjernstyrt og sjølvgåande lettvektar, slår 20 dekar eng i timen. Samleriva kjem til våren og ei rundballepresse, basert på same konseptet, er i kjømda.


Sjur Håland


Stein Lauvrud trykker på ein knapp på konsollen, bensinmotoren reagerer momentant, og slåmaskinen med dei iaugefallande piggtrommelhjula montert på ein fire meters slåttebjelke rullar inn i stuven og legg graset flatt etter seg. Eit titals bønder, prega av fire månadar med regn, står undrande på den vasstunge enga til Margunn og Per Nedrebø i Gjesdal, og ser på det som kan bli ein variant av det lettare framtidslandbruket.

Lett slått: Importør Stein Lauvrud legg lett graset på Nevlandsheia i Gjesdal flatt med fire meters knivbjelke påmontert ein Brielmaier motorslåmaskin. Maskinen kan fjernstyrast, og blir levert med GPS-styring som alternativt ekstrautstyr i løpet av eit par år. Hjula på den 430 kilo lette farkosten er 70 centimeter breie.

Utvikla for sumpmark

Slåmaskinen frå tyske Brielmaier Motomäher er utvikla for grasslått i sumpområde som det fins rikeleg av i Tyskland. Lauvrud, som driv brattlent med sau i Geilo, fekk trøbbel med å få tak i deler til sin gamle slåmaskin. Då leitte han seg fram til Brielmaier på Youtube, og besøkte fabrikken i 2013.
– Eg vart imponert over både fabrikken og folka der.
Den tyske produsenten likte også kontakten frå Norge. Dermed vart det handel. Lauvrud har så langt importert 18 slåmaskinar. 16 av dei er selde.
– For meg har dette blitt ei attåtnæring, seier bonden.

Bensin: Brielmaier-maskinen er konstruert for sumpslått og er utan kløtsj og gir. Slåmaskinen er utstyrt med ein bensinmotor som driftar tre hydraulikkpumper.

Klargjort for GPS

Med fire meters slåttebjelke er kapasiteten 20 dekar i timen. Då er farten på slåmaskinen sju kilometer i timen. Maskinen er klargjort for GPS-styring, men er ikkje godkjent for dette utstyret.
– Det vil truleg gå eit par år før denne godkjenninga er på plass og slåmaskinen kan gjera jobben heilt på eiga hand, meiner den norske importøren.

Bensin og hydraulikk

Motorslåmaskinen frå Brielmaier blir driven av ein firetakts bensinmotor med effekt på mellom 13,2 og 19,6 kilowatt, avhengig av modell. Motoren driv tre hydraulikkpumper som leverer olje til drivhjula og knivbjelken. Hydraulikksystemet er utstyrt med ein oljekjølar for å unngå varmgang. Ei avansert ventilblokk styrar oljetilførsla slik at det ikkje er behov for kløtsj eller girkasse.
– Kva er prisen?
– Ein stad mellom 2-300.000 kroner, alt etter kva utstyrspakke du vel, seier Lauvrud.
Maskinen veg 430 kilo med to 70 centimeter breie hjul. Lågt tyngdepunkt gjer maskinen eigna for engslått i bratte bakkar.

Rive til våren

– Er maskinen aktuell der konvensjonelt slåtteutstyr kan brukast?
– Då må du ha i mente at han er konstruert for sumpmark. I våtlendte område og på myr er denne slåmaskinen eit glimrande alternativ, denne blir det lite spor og marktrykk etter, seier han.
Neste år blir utstyrspakken utvida, og det blir mogleg å samle graset i streng med ei rive montert på slåmaskinen. Dei som måtte drøyme om eit alternativ til traktor og rundballepresse, treng kanskje heller ikkje venta så alt for lenge.
– Ei sjølvgåande rundballepresse er i kjømda. Det er snakk om ein tre tonn tung maskin med sekshjulsdrift, denne skal demonstrerast i Kiel no seinare i haust, fortel Lauvrud.

Neppe aktuelt

– Genialt utstyr for dei som brukar tohjulstraktor. Dette er heilt klart eit lett og godt kjøretøy, seier bonde, Per Nedrebø.
Han testa utstyret då enga deira vart slått.
– Dette er ein praktisk maskin, men ut frå det utstyret me er vane med her i vårt område, er det nok eit skritt attende, seier han.
Nedrebø held fram at slåmaskinen blir for dyr dersom han berre blir brukt ei sjeldan gong ved ekstreme slåttetilhøve.
– Men dersom klimaendringane held fram, kan dette bli framtida, kven veit, seier bonden.

Imponert: Per Nedrebø testa ut maskinen på enga si og er imponert over teknologien. Han held likevel fram at utstyret er eit skritt attende i høve til dagens maskinstandard og –effektivitet gjeldande grashausting her til lands.
– Men ingen veit om dette blir framtida, seier bonden, og siktar til den blaute sommaren og klimaendringane

Stikkord denne saka: , ,
Share This