Fanfare og snorklipping: Som seg hør og bør, var snorklippinga innleia av ein fanfare. Einar Busterud, ordførar i Hamar kommune, fekk det ærefulle oppdraget. – Me er stolte av å husa avlsverksemda her i Hamar kommune, og den framtidsretta satsinga dette anlegget er, sa Busterud. Tidlegare har det vore eit sagbruk på denne tomta.

Norske svinebønder har slått på stortromma. Nyleg opna Norsvin Alfa Seminstasjon, eit av Europas største seminanlegg, og Norsvins største investeringa nokon sinne.

Jane Brit Sande

– Dette er ein stor dag for den norske bonden, for norsk landbruk og for norsk svineproduksjon. Denne investeringa underbygger at me har til hensikt å driva med svineavl i fleire tiår framover, sa Geir Heggheim, styreleiar i Norsvin, under opninga i Bergsetmarka i Hamar.
Norsvin Alfa seminstasjonen blir omtala som ein milepæl i Norsvin si historie. 300 råner skal produsera meir enn 500 000 sæddosar årleg. Ei råne kan bli far til 20 000 grisungar. Investeringa i anlegget har kosta 75 millionar kroner. Val av plassering er på ingen måte tilfeldig. Seminstasjonen skal ha god avstand til andre svinebesetningar. Tomta er omgitt av skog, og dermed avskjerma frå trafikk og annan husdyrproduksjon. I starten av juni skal alle dyr og all produksjon flyttast frå Stensby. Men før det, 9. mai var det tid for opningstalar, fanfare, snorklipping og omvisning med fleire hundre frammøtte.

Takka vere internasjonal marknad

Olav Eik-Nes, administrerande direktør i Norsvin, håpar nyinvesteringa kan gi meir vind i segla for Norsvin si internasjonale satsing.
– Med investeringa i Norsvin Alfa får me lagt til rette for meir produksjon til den internasjonale marknaden. Me får moglegheiten til å dekke etterspurnaden etter topp kvalitet, noko me ikkje greier i dag, seier Eik-Nes.
Topigs Norsvin driv avl på fem svinerasar, to av dei i Norge.
– 50 prosent av verdsmarknaden, seier Eik-Nes stolt.
– Utan den internasjonale interessa hadde me ikkje vore i stand til å gjere denne satsinga her. Det er fortsatt ei tøff satsing av og for eigarane av Norsvin, norske svineprodusentar.

Nøgd styreleiar: Geir Heggheim, styreleiar i Norsvin, var tydeleg stolt av Norsvin Alfa. – Dette er ein stor dag for den norske bonden, sa han.

Stolt direktør: Olav Eik-Nes, administrerande direktør i Norsvin, er stolt av investeringa. – Me får moglegheit til å dekka etterspurnaden etter topp kvalitet, sa han.

Stikkord denne saka: