image description

 

 

INN PÅ TUNET var tema under eit møte i regi av Norges Bondelag. Målet var informasjon om moglegheitene som finst. Ein bonde kan til dømes tilby dette på sin gard: Leksehjelp, støttekontakt, rusomsorg, besøksheim, kriminalomsorg, arbeidstrening og så vidare. Det er stort sett fantasien som sett grensene for innhaldet. Dette kan du lese meir om i denne utgåva av Bondevennen.

UNDER FAGKONFERANSEN hest i næring takka Karita Bekkemellem, administrerande direktør i Legemiddelindustrien, hesten og stallen for karrieren. Ifølge Hest.no la ho ikkje skjul på at oppveksten var krevjande. Ansvaret og stabiliteten stallen representerte var viktig for den unge jenta, som i dag er direktør. For mange kan første møte med dyr og landbruk vere eit Inn På Tunet-tilbod, ein stall eller ein bynær gard med økologiske varer. Her finst gode moglegheiter til alliansar med folk flest. Det er trass alt ikkje så mange prosent av befolkninga som er bønder. Me er avhengige av sympati frå mannen i gata for å få gjennomslag.

AV SOMME VERT dei kanskje skildra som alternative. Bøndene som prøver seg på noko utanom det tradisjonelle konvensjonelle jordbruket. Alle har truleg møtt han, på eit møte eller i ein skuletime. Forkledd som ein spydig eller morosam kommentar kjem skepsisen snikande inn. Skepsisen til det me ikkje kjenner til. Var alt så mykje betre før? Mykje var sikkert betre før, men tidene endrar seg anten me vil eller ikkje.

FRÅ ØVSTE HALD vert det snakka om eit grønt taktskifte. Med raske klimaendringar tvinger verda fram nye tankesett. Kutt i oljesektoren og grønare alternativ vert varsla med stadig fleire utropsteikn. Det kan sjå ut til at menneskeheita i vesten er i ferd med å fatte noko. Kan me snu tankesettet? Dei fleste kan klare seg med litt mindre materielle gode og litt meir rausheit.

BONDELAGET OPPMODAR fleire til å invitere folk til gards. For å våge, er det viktig å kjenne aksept for det ein gjer. Dersom framtidas leiarar har satt foten sin på ein gard eller i ein stall, har dei kanskje eit anna syn på landbruk. Målet må vere at folket forstår kva landbruket i Noreg inneber. At mannen i gata fattar kva bonden driv med. Dyr treng mat og stell. Så enkelt er det.

LANDBRUKET ER IKKJE stort nok til å stå splitta i forskjellige gjengar. Me trur det er endå viktigare enn før at alle står samla. Store og små uavhengig av produksjon og næring på garden.
Tida er komen for å halde saman og bygge alliansar med folket. Først då kan næringa vise styresmaktene kva eit robust landbruk verkeleg inneber.

 

Jofrid Åsland

Stikkord denne saka: