Dyrevelferd har blitt eit heitt tema som set sinna i kok, både i og utanfor landbruksnæringa. Heller enn å måla fanden på veggen bør landbruket no koma i forkant av utviklinga og sjølv forma premissane for korleis krav om auka innsyn og kontroll skal møtast.

Føresetnadane for å koma urbane dyrefrigjerarar i forkjøpet er gode. Norsk landbruk har svært strenge dyrevelferdskrav. Dyrehelsa er god. Mattilsynet, førstelinja mellom bonden og omverda, dokumenterer langt fleire tilfelle av godt dyrehald enn av dårleg. Bøndene er kompetente og omstillingsdyktige og har sterke medspelarar i samvirke, fagmiljø og industri. Maten dei lagar er i verdsklasse. Og, ikkje minst, landbruket har høg tillit i folket.

«Først tek dei pelsdyrnæringa. Kva blir det neste?» I fortvilinga over pelsavvikling og dyrevernarar høyrer me ofte dette retoriske spørsmålet. Frustrasjonen er forståeleg, men når omverda no kastar eit skarpare blikk på landbruket, er det er viktig å halda tunga rett i munnen. Det er ingen tvil om at pelsdyrnæringa er i ein forpint situasjon. Men det er forskjell på eit forslag om å legga ned denne drifta, og på eventuelle framtidige dyrevernarkrav eller forbrukartrendar som set norsk produksjon av egg, kjøt eller mjølk under press. Me er ikkje der. Iallfall ikkje enno.

Samstundes er det openbart at landbruket står ved inngangen til ei ny tid med auka krav om innsyn. Mange har innsett at Tine-reklamen med fjellbeitande kyr utgjer berre ein del av bilete. Strengare krav til dyrevelferd vil truleg koma. Velferdsmerking av produkt, likeså. Kva med web-kamera i fjøset, slik at forbrukaren til ei kvar tid kan følgja med? Mykje tyder på at Open gard-arrangement ikkje lengre er nok. Dette må landbruket tole. Det skulle eigentleg berre mangle. Mange vil vita korleis maten dei puttar i seg har hatt det.

– Dei (dyrevernarane, min merk.) gir seg ikkje før me er veganarar heile gjengen, seier Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese (H), ifølgje Jærbladet. Fleire har vel tenkt same tanken, men ei slik haldning gir dyrevernsorganisasjonane meir kred enn dei faktisk har, samstundes som den frikjenner langt skumlare strukturrasjonaliserande politikarar. Den undervurderer også det faktum at eit fåtal bønder er delskuldige i at dyrevernarane har ein jobb å gjera.

Dyrevernarane spelar ei rolle, men det er ingen grunn til å gjera dei mektigare enn dei er, like lite som det er grunn til å gjera landbruket mindre enn det det er. Samstundes har næringa har all grunn til å styrke definisjonsmakta over kva god dyrevelferd er og skal vera.

Stikkord denne saka: