Store verdiar i samarbeid

jan 25, 2018Reportasjar

Suksessfaktorar: Reidar summerer slik. – Kunnskap, interesse og erfaring, støtte frå dei som sit på pengane, godt samarbeid med slakteriet og satellittane, rekruttering frå ei besetning. Stabile satellittar som «kan gris», god helsestatus, eigen dyrebil, nøye på tidspunkt og rutinar.

Eit nav, seksten satellittar, 944 årspurker og 25.000 smågris + kunnskap, fellesskap og erfaring = suksess.

Liv Kristin Sola

Reidar Lindset sit ved pulten, omkransa av permar og lister. Grisehuset, som er navet i Rypdal purkering AS, ligg på Rypdal i Tresfjord i Vestnes kommune på Sunnmøre. Kontoret er prega av system og fungerer som styringssentral for ringen.

– Har du ete? Spør han, og dekker til kveldsmat.

Han innrømmer at dagane kan bli lange. I tillegg til ansvaret som dagleg leiar i purkeringen, jobbar han som lærar ved Gjermundnes vidaregåande skule.

Avansert logistikk: Reidar Lindset har ansvaret for at alt går etter planen, at satellittane får purkene til rett tid og med god helse. På veggen heng ei tavle full av tal og informasjon. Kvar gruppe av satellittar har si eiga farge på permane.

Storsatsing i regionen

Purkeringen vart etablert i 2005 av Edvin Lindset, bror til Reidar, med god hjelp frå Asbjørn Ramselien frå Nortura. Grisehuset stod ferdig i oktober same året. I januar 2006 vart første pulje kjørt ut til satellittane.
Bygget på 2500 m2 står på fråskild tomt. Konsesjonen er på 450 avlspurker. Fjøset har eit midlertidig gjødsellager på 30-40 m3. Gjødsla vert pumpa over i eit utvendig lager med eit volum på rundt 2500 m3.
Navet er grunnlaget for produksjon av 25.000 smågris i året og representerer ein samla slakteverdi på 46 millionar kroner, før moms. For Nortura betyr det ei slakteinntekt på åtte millionar. All omsetting av smågris og levering av slaktegris og purker til slakt, skjer til Nortura Førde og Nortura Steinkjer.
Bjarne Nerheim har hovudansvaret for drifta i grisehuset. Reidar har kontakt med satellittane og ansvar for logistikken – med registreringar, papirarbeid, og planlegging av drifta.
Ringen har seksten satellittar i området frå Surnadal på Nordmøre, via Ørsta i sørvest, til Isfjorden i aust. Purkene roterer mellom satellittane som er sett sama slik at kvar gruppe vert tilnærma like store og passar inn i ei køyrerute. Kvar av dei fire gruppene omfattar fire satellittar og 76-78 purker. Storleiken på satellittane varierer mellom ni og 31 purker.

Tett samarbeid med veterinær

Navet har to vekers drift. I satellittane er det åtte vekers drift og 6,5 grisingar i snitt per år. Dei fleste satellittane har i tillegg andre produksjonar på garden. Torsdag og fredag anna kvar veke vert purkene i ei av gruppene bytta ut. Purkene som kjem attende til navet vert kontrollert av veterinær og delt i to puljar i bedekkingsavdelinga.

– Kvar av purkene har med seg helsekort frå satellitten som viser behandlingar og merknadar, fortel Reidar.

Registrering i Ingris gir god oversikt og nyttig informasjon. I tillegg er det viktig å vurdere spenekvalitet, spesielt på ungpurkene. Reidar er nøgd med at førekomst av grisingsfeber (MMA) er redusert i ringen.

– Driftsleiing har mykje å seie for helsa til purka og dermed også for smågrisen, erfarer Reidar.

Purker som skal ha fleire kull vert vaksinert mot raudsjuke og parvosjuke. Drektige purker vert colivaksinert før dei vert flytta til satellittane.

Inseminering og rekruttering

Når purkene er attende i navet, er det tid for inseminering. Insemineringa varer i ti dagar før purkene vert flytta til neste avdeling for å gi plass til neste gruppe. Drektighetskontroll skjer tretti dagar etter inseminering.

– Det er viktig å unngå stress i perioden frå åtte til 28 dagar etter inseminering. Stress aukar faren for omløp og kan gi færre foster, seier Reidar.

Med ein pris på rundt hundre kroner per dose, utgjer seminkostnadane over 600.000 kroner i året. Ringen har rundt tretti prosent førstekullspurker. Ungpurkene er fire, fem månadar når dei kjem frå avlsbesetninga til Carl Wilhelm Hage i Utvik. Dei vert inseminert ved sju månadars alder og har ein inngrisingsalder på 358 dagar.

Stadig betre resultat

Purkeringen gjekk over til LZ-purker (TN70) i 2013.

– LZ-purka har sterkt morsinstinkt og er i større grad sjølvgåande under grising. Ho ser ut til å vere haldbar og i stand til å få mange kull. Det betyr mykje for økonomien i ringen, seier Reidar.

Økonomien er avhengig av smågrisprisen. I tillegg til ein basispris per purker, betaler satellittane ei purkeleige som er tre gonger gjeldande smågrispris.
Ringen har 944 årspurker og i snitt 2,11 kull per årspurke, totalt 1972 kull i 2016. Dei beste purkene får opptil åtte kull.
I avtalen navet har med satellittane er det eit mål om tretten levandefødde ungar i snitt per kull, og ei snittvekt for smågrisen på minst 10 kilo. Dei første åra var tal på avvende smågris i underkant av elleve. Resultat siste tolv månadar viser eit snitt på 14,6 levandefødde, 12,9 avvende og 1,0 prosent dødfødde per kull.

– Dei beste i ringen har 15-16 levandefødde og om lag 14 avvende per purke, fortel Reidar.

Ringen kan vise til 27,2 avvende smågris per årspurke. Avvenningsalder er 32-34 dagar med ei avvenningsvekt på 10,1 kilo og kullvekt rundt 130 kilo. Reidar er nøgd med utviklinga, men er usikker på konsekvensane av stadig større kull.

– Dette er biologi. Auka produktivitet kan ha negative effektar som til dømes auka jurhelseproblem. Samstundes utfordrar det krav til plass i fødebingane hjå satellittane, seier Reidar.

Minstekrav til areal i fødebingane er 6 m2, men Reidar tilrår 7,5 m2.

– God plass er alltid ein fordel, kommenterer han.

 

Eigen bil: Den fargerike bilen fraktar purker mellom navet og satellittane, leverer purker til slakt og hentar ungpurker på returen. Eigen bil aukar kontakten med satellittane og reduserer smitterisiko. God helsestatus er avgjerande.

TN70: Purkeringen gjekk over til LZ-purker (TN70) i 2013. Biletet viser avdelinga for drektige purker. (Foto: Privat.)

Individuell fôring

Spedgristapet er på veg ned. Bonden trur auka kunnskap, betre fôring og eit betre tilpassa kraftfôr er blant grunnane.

– Dei fleste satellittane nyttar både Format fødsel og Format laktasjon, medan navet nyttar Format drektig, fortel Reidar.

I navet vert purkene haldvurdert og har transponder for individuelt tilpassa fôring. Våtfôret er ei blanding av kraftfôr og myse med seks prosent tørrstoff. Totalblandinga har tjue prosent tørrstoff. Blandinga vert tilsett inntil 0,2 prosent maursyre og pH i rasjonen er mellom 4 og 4,5. Navet har ein avtale med Tine som produserer Ridderosten i Tresfjord, om levering av 15-20.000 liter myse per veke.

– Våtfôringsanlegget gir høve til å nytte rimelegare råvarer, men fôreffektiviteten er svakare enn med eit tørrfôranlegg. Det vert ei vurdering, medgir Reidar.

Fellesskap viktig for miljøet

Reidar Lindset har utdanning i landbruksteknikk og byggfag på Landbrukshøgskulen på Ås. Han har mange års erfaring som lærar i gardsdrift og landbruksteknikk på Jønsberg vidaregåande skule på Stange. I 2012 reiste han heimatt til ein treårig prosjektstilling i Nortura. Prosjektet skulle stimulere til auka svineproduksjon i Møre og Romsdal.

– Midt i prosjektperioden vart det overproduksjon av gris og det vart eit paradoks å motivere til auka produksjon, minnast Reidar.

Han skildrar 2013 og 2014 som dei mest krevjande åra for svinenæringa.

– Utan purkeringen som vart etablert i 2005 hadde det truleg vore færre smågrisprodusentar i regionen i dag.

Purkeringen ga produsentane høve til å auke produksjonen utan å bygge nytt. Reidar understrekar også kor viktig det er for motivasjonen til produsentane, å ha eit fagleg og sosialt fellesskap, samt oppfylging frå Nortura.

Stikkord denne saka: