Bv42_forsideI Bondevennen denne veka treff du Ole Anton Liverud, mjølkebonde på Undheim i Time, Rogaland. Han deler sine byggeplanar, og ressursane på garden er grunnlaget for framtidig drift. Bondekona Gunhild Lovise Maudal ville gjere noko utanom det vanlege. Med tid og mot i ryggsekken, blei ho kokebokforfattar.
Rogaland Bygdeungdomslag blir 70 år i år, og dette skal markerast som seg hør og bør, med feiring i Varhaughallen. Er du, eller har du vore medlem? Då vil dei ha deg med!
Faglege innslag denne veka handlar om smitte i pelsdyrgarden, fôring i ammekuproduksjon og livssyklusen til lyssiv og knappsiv. I serien om reglane for produksjons- og avløysartilskot, kan du denne gong lesa om paragrafane 3 og 4, som handlar om tilskot til husdyrhald og jordbruksareal.