Økonomiske utfordringar: Ein fuktig sommar har ført til mindre grovfôr, auka pågang for å kjøpe fôr og høgare prisar. (Illustrasjonsfoto.)

Reduserte grovfôravlingar fører til stor pågang for å kjøpa grovfôr, og kraftig prisoppgang på fôret. Det gir økonomiske verknadar i ulike produksjonar.

Halldor Skare
Økonomisk rådgjevar, Tveit Regnskap AS

Dei fleste bønder på Sør-Vestlandet som driv grovfôrkrevjande husdyrproduksjonar, opplever i år reduserte grovfôravlingar. For mange er dei innhausta avlingane kraftig redusert, samanlikna med eit normalår. Dette fører til stor pågang for å kjøpa grovfôr, og kraftig prisoppgang på fôret. Me skal i denne artikkelen sjå litt på dei økonomiske verknadane i ulike produksjonar.

Føresetnader for vurderingane

  • Me reknar berre dei direkte produksjonskostnadane på eigenprodusert grovfôr, tek ikkje omsyn til maskinkostnadar med vidare. Kostnad er sett til kr. 1,- per Fem.
  • Det mest aktuelle alternativet for dei fleste, er å kompensera manglande eigenprodusert grovfôr med kjøp av rundballar. Etter drøftingar med leverandørar av grovfôr, legg me til grunn ein pris på kr. 675,- per rundball levert på garden i vårt område.
    Ved middels kvalitet på fôret, 150 Fem. per rundball – blir prisen kr. 4,50 per Fem.
    Ved god kvalitet på fôret, 200 Fem. per rundball – blir prisen kr. 3,38 per Fem.
    Ved dårleg kvalitet på fôret, 100 Fem. per rundball – blir prisen kr. 6,75 per Fem.
  • Kostnad til kraftfôr er sett til kr. 3,75 per Fem.

Mjølkeproduksjon

Utgangspunkt: driftsopplegg med årleg yting: 8 000 liter per ku.
Totalrasjon fôr: 48 % kraftfôr, 42 % eige grovfôr, 10 % beite
Dekningsbidrag i eit normalår: kr. 36 800 per ku / kr. 4,60 per liter.
Dersom 50 % av grovfôret må kjøpast inn til dagens høge prisar og til middels kvalitet, vil dekningsbidraget per ku gå ned til kr. 30 200 per ku eller kr. 3,78 per liter. Det er ein nedgang på kr. 6 600 per ku, eller 18 %.
Har du 30 årskyr får du ein nedgang i totalt dekningsbidrag på kr. 198 000. Dersom grovfôret held høg kvalitet, blir nedgangen i dekningsbidrag kr. 4 500 per ku, eller 12 %.
Alternativ: Vurder om det er mogeleg å auka andelen kraftfôr i totalrasjonen. Mange har alt utnytta dette maksimalt.

Ammeku

Utgangspunkt: driftsopplegg med fullt påsett av alle kvige- og oksekalvar.
Totalrasjon fôr: 18 % kraftfôr, 60 % eige grovfôr, 22 % beite
Dekningsbidrag i eit normalår: kr. 10 600 per ammeku
Dersom 50 % av grovfôret må kjøpast inn til dagens høge prisar og til middels kvalitet, vil dekningsbidraget per ku gå ned til kr. 5 600 per ku. Det er ein nedgang på kr. 4 900 per ku, eller 46 %.
Har du 20 ammekyr får du ein nedgang i totalt dekningsbidrag på kr. 98 000.
Dersom grovfôret held høg kvalitet, blir nedgangen i dekningsbidrag kr. 3 400 per ku, eller 32 %.
Alternativ: Det er mogeleg å bruka meir kraftfôr. Økonomien i produksjonen blir likevel kraftig forverra då ein erstattar rimeleg eigenprodusert grovfôr med innkjøpt kraftfôr. Ein kan bruka halm eller frøhøy for å dryge eigenprodusert grovfôr, men kostnaden per Fem blir høg.

Fôringsoksar

Utgangspunkt: innkjøp av kalv ved 3 månader alder, slaktevekt 320 kg ved 18 månader, klasse: O+.
Totalrasjon fôr: 57 % kraftfôr, 43 % eige grovfôr
Dekningsbidrag i eit normalår: kr. 8 100 per okse
Dersom 50 % av grovfôret må kjøpast inn til dagens høge prisar og til middels kvalitet, vil dekningsbidraget per okse gå ned til kr. 6 100. Det er ein nedgang på kr. 2 000 per okse, eller 25 %.
Leverer du 60 oksar i året, får du ein nedgang i totalt dekningsbidrag på kr. 120 000. Dersom ein får kjøpt grovfôr av høg kvalitet, blir nedgangen i dekningsbidrag kr. 1 350 per okse, eller 17 %.
Alternativ: Kan auka kraftfôrandelen opp mot 70 – 75 %. Det vil redusera kostnadane så lenge kraftfôret er rimelegare enn kostnad til innkjøpt grovfôr. Redusert oppfôringstid vil og redusera totalbehovet for grovfôr, det vil ein oppnå med å bruka meir kraftfôr.

Sau

Utgangspunkt: normalt driftsopplegg med innmarks- og utmarksbeite.
Totalrasjon fôr: 17 % kraftfôr, 30 % eige grovfôr, 30 % innmarksbeite, 23 % utmarksbeite
Dekningsbidrag i eit normalår: kr. 750 per vinterfora sau.
Dersom 50 % av grovfôret må kjøpast inn til dagens høge prisar og til middels kvalitet, vil dekningsbidraget per sau gå ned til kr. 500. Det er ein nedgang på kr. 250 per sau, eller 33 %. Har du 125 vinterfôra sau får du ein nedgang i totalt dekningsbidrag på kr. 31 250.

Oppsummering

  • Alle grovfôrkrevjande produksjonar kjenner det på kroppen.
  • Mjølkeproduksjonen har minst grovfôr i totalrasjonen, og er den produksjonen som får minst inntektsnedgang.
  • Ammekyr har den høgaste grovfôrandelen i totalrasjonen, og er den produksjonen som kjem klart dårlegast ut.

Ved kjøp av rundballar:

  • Kjøp tørt fôr
  • Be om fôranalyse, kvalitet og næringsinnhald er avgjerande for kva den reelle kostnaden blir
  • Fôr av dårleg kvalitet er svært dyrt
  • Dette kan ikkje skje kvart år. Hald ut!
Stikkord denne saka: ,