BN+

Påfyll: Piano Vaniljesaus er ein god kjelde for rask energi, både på vandreutstillingar og heime i lemminga, skal me tru Svein-Egil.


Det blir ein hendingsrik dag når kyr på Jæren skal målast, vurderast og få tildelt poeng.


Jane Brit Sande


Heile 36 mjølkeprodusentar frå fire produsentlag i to kommunar på Jæren, har meldt seg på vandreutstillinga. Svein-Egil Skartveit, fagleiar for avl i Tine, skal vere dommar hjå sju av åtte påmelde på Varhaug i Hå kommune. Lars Byberg Timpelen og Tore Joa deler resten av produsentane i Hå seg imellom. Reidar Eilef Time og Nils Petter Aarrestad er dommarar i Time produsentlag, Time kommune. På kvelden samlast bønder og dommarar til premieutdeling.


– Det er så utruleg kjekt at det er så mange bønder som har meldt seg på, seier Svein-Egil.


Han har gleda seg. Han veit det blir ein lang dag. I baksetet ligg ein klase bananar og ein kartong vaniljesaus klar for energipåfyll mellom slaga.


– No må eg berre legge meg på riktig nivå frå starten. Ikkje for streng, ikkje for snill, seier han, og trør på gasspedalen.

God start

Første stopp er hjå Hanne og Arid Varhaug Helland. To kyr skal dømmast.


– Eg trur eg ser kven faren er! Zenith, ikkje sant, spør Svein-Egil.


Hanne nikkar, og opplyser om at morfar er 5603 Lien.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , ,