BN+

Lang erfaring: Sanna har vore fast hjelpar i sauefjøset hjå Guttorm Gudmestad sidan ho var lita. – Eg var vel fem år første gongen eg tok imot lam, fortel ho.


Sanna Dalaker går i sauefjøset når skulen er stengt. Slik får bonde Guttorm Gudmestad på Rennesøy god hjelp i lemminga.


Jane Brit Sande


I desse dagar ser tusenvis av lam dagens lys i sauefjøs over heile landet. Hjå Guttorm Gudmestad på Rennesøy i Stavanger kommune, er lemminga så vidt i gang når Bondevennen er i døra. 600 sauer skal få kring 1300 lam den kommande månaden. Då er det viktig med god hjelp.


– Vanlegvis har eg med meg ein rumensk arbeidar. I år gjekk sjølvsagt ikkje det, seier Guttorm.


Han er ein av mange bønder som er råka av dei ekstraordinære innreise- og karantenereglane som følgje av koronaviruset. Derfor passar det ekstra godt at skulane er stengt no når lemminga startar hjå han. Då har nabojenta, 13 år gamle Sanna Dalaker, meir tid til å hjelpe til.


– Kor mange år har du vore med i lemminga, Sanna?

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , ,