Eit praktbygg sauen verd

sep 30, 2020

Eit grundig reknestykke viste at prislappen på å bygge i tre og tradisjonell grindverksstil ikkje vart høgare enn andre alternativ. – Då gjekk me for tradisjon og miljø, seier sauebonde Ole Velde.

Liv Kristin Sola

Eit av fjøsa som Tore Hunseid-Birkeland og teamet hans har skapt er ei grindverksløe hjå Ole Velde og Marryel Hognestad Velde og barna Torvald (8) og Oda (6). Familien driv med sau i Auklandshamn i Sveio kommune i Sunnhordland.

Les om Tore Hunseid-Birkeland.

Eit levande bygg

Ole og Marryel kom til eit punkt der dei måtte ta eit val; å slutte med sau eller bygge nytt fjøs. Dei valde det siste, sjølv om begge er i fullt arbeid i tillegg til gardsdrifta. Marryel som kjøkkensjef på Kårstø og Ole jobbar som ingeniør ved Aibel i Haugesund. Då dei hadde bestemt seg for å bygge, rekna dei på kostnadar og samanlikna med stålkonstruksjonar, både med betong og sandwich. Då det viste seg at trefjøs ikkje kosta meir enn meir kommersielle konstruksjonar, var valet enkelt.

– For det første ser eit trefjøs veldig fint ut. I tillegg er det eit god klima inne i fjøset. Det er svalt og fint på varme dagar, tørt på fuktige dagar, og lunt på kalde, vindfulle haust og  vinterdagar, seier Ole.

At det skulle vere ei grindverksbygg var også heilt bevisst.

– Det gamle sauefjøset var ei grindverksløe. For oss var det viktig å halde på tradisjonen. Og Tore var konkurransedyktig både på levering og pris, sjølv om me bygde eitt år før det vart opna for ekstra tilskot til bygg i tre, seier Ole.

Tre toler eit røft klima

Bygget er 10,5 meter breitt og 30 meter langt og husar 160 vinterfôra sau. Dei søkte om tilskot hjå Innovasjon Norge i 2018 og fekk om lag 25 prosent av kostnadsoverslaget. Prosjektet kom på tre millionar. Kostnaden var omtrent likt fordelt mellom grunnarbeid og betong, overbygg og tak, og imek.

– Det må seiast at i tillegg til grinder og plastikkrister har me investert i to kraftfôrautomatar og to islandskassar. Det sparer arbeidstid og gir fleksibilitet i drifta, seier Ole.

Ny kvardag i nytt fjøs: Med nytt fjøs har far Ole og Oda (6) ein ekstra motivasjon til å satse vidare på sauen i lag med mor Marryel og Torvald (8).

Bygget stod klart ved årsskiftet for snart eit år sidan. Det vart levert som eit byggesett i modular. Dermed tok det berre ei lita veke å reise overbygget på byggeplassen.

– Måndag kom grindane som sperra skal ligge på. Onsdag kom sperra, og før helga var veggar og tak på plass, fortel Ole.

Han er ikkje skeptisk til å bygge fjøs i tre, sjølv om dei her ute i vest veit svært godt kva rått og skiftande vær er. Det har dei i rikt monn, gjerne alle årstider på same dag. Men Ole fryktar ikkje at det nye fjøset skal vere mindre robust enn andre fjøs i det røffe klimaet. Det viser dei gamle løene i tre som har stått i generasjonar.

Historisk og moderne: Sjølv i eit moderne sauefjøs fungerer den gamle byggeskikken med grindverk som berande konstruksjon.

Meirverdi i direktesal

Det var villsau på garden då dei overtok. No har familien i tillegg fått svartfjes og NKS til gards. Ole ser at dei lette rasane, villsau og svartfjes, er hardføre og passar godt i områder med kystbeiter og milde vintrar. NKS er godt tilpassa beite både på innmark og utmark, og produserer mykje, både lam og kjøt. Om sommaren beitar flokken i Valldalen i Røldal.

– Saueflokken held garden og kulturlandskapet godt i hevd. Me får med andre ord mykje friluftsliv med på kjøpet, seier Ole.

No ser familien fram til å utvikle drifta litt utover det tradisjonelle. Kjøtet tek dei attende frå slakteriet og sel blant anna som pinnakjøt og fenalår direkte til kundar.

– Me har prøvd oss litt med direktesal frå garden og ser at det er stor interesse, ikkje minst gjennom REKO-ringen. Dei små rasane har meir viltpreg på kjøtet, noko som er attraktivt blant kundar som likar lokalmat, seier Ole.

Gleda ved å produsera noko som folk vil ha er viktig. Potensialet til å gjere meir ut av drifta er noko av grunnen til at dei valde å satse på sau.

Ole synest rasane er interessante kvar for seg. I tillegg har dei ulik vinkling på avl.

– Der NKS avlar mot betre indeksar, så har eksteriør mykje å sei på dei lettare rasane. Me vil nok ha alle rasane med vidare inn i framtida. Dei utfyller kvarandre godt, seier Ole.

Fire årstider på éin dag: Vær har dei nok av er ute ved havet. Ole fryktar ikkje at det nye fjøset skal vere mindre robust enn andre fjøs i det røffe klimaet. Det viser dei gamle løene i tre som har stått i generasjonar.

Stor interesser for trefjøs i enkelte regionar

Innovasjon Norge har frå i år innført eit ekstra tilskot til husdyrbygg i tre. Ordninga kan dekke inntil tjue prosent med ei øvre grense på 400.000 kroner. Ordninga er meint å vare ut 2022.

Ordninga gjeld nytt areal i form av tilbygg eller nybygg. Tre må vere hovudmateriale i vegg og takkonstruksjonar. Ordninga gjelder ikkje for tilskot ved generasjonsskifte.

– Interessa for å bygge landbruksbygg i tre er stor. Det er så langt i år er det løyva 138 tilsegn på til saman 19,6 millionar kroner. Det er omtrent berre driftsbygningar for mjølk, storfe og sau som blir gitt tilskot. I tillegg er det løyva åtte tilskot til grøntlager, seier Oskar Aalne i Innovasjon Norge til Bondevennen.

Geografiske skilnadar

Regionar med størst rammer har også fått flest løyve. Dei fem største er:
− Innlandet, 34 saker og 4,6 mill.
− Vestland, 22 saker og 4,2 mill.
− Trøndelag, 21 saker og 3,9 mill.
− Møre og Romsdal, 11 saker og 1,9 mill.
− Nordland, 10 saker og 1,2 mill.

Aalne understrekar at ordninga skal praktiserast likt i aller regionar, og rår bønder til å å sjekke Innovasjon Norge sine heimesider eller ta kontakt med eit regionalt Innovasjon Norge kontor for meir informasjon.

– Alle prosjekt må sjåast på individuelt, men det er ingen bygg eller geografiske områder kor det generelt ikkje er ønska å bygge i tre, seier Aalne.

Han viser til at det dei siste åra er bygd opp ein sterk fagleg kompetanse på bruk av tre i bygg, også landbruksbygg. Likevel trengst det meir kunnskap om bruk av tre i landbruksbygg, noko dette tilskotet også er meint å bidra til.

Stikkord denne saka: ,