
Grovt og godt: Produsentar med høgast feittprosent i mjølk haustar ofte grovfôret på eit tidlegare utviklingstrinn enn produsentar med lågare feittprosent i mjølk. Illustrasjonsfoto: Liv Kristin Sola
Ei undersøking av kva som er felles hjå produsentar som leverer mjølk med høg feittprosent, ga klare svar.
Målfrid Grødem Njærheim, NLR Rogaland
Fôringa har påverknad på mjølka sitt innhald av feitt. Ofte blir grovfôret og forholdet mellom kraftfôr og grovfôr i rasjonen dratt fram som avgjerande for feittprosenten i mjølka. I undersøkinga* kom det fram at produsentane som leverte mjølk med høgast feittprosent hadde det høgaste grovfôrinntaket. Dette tyder på at eit høgt grovfôrinntak er avgjerande for å produsera mjølk med høg feittprosent.
For å oppnå høgt grovfôrinntak er det først og fremst viktig å produsera eit grovfôr kua vil eta. Bruk av smakelege grasartar er eit godt utgangspunkt og ein god gjæringskvalitet er heilt avgjerande.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.







