Landbruksministeren sikra seg avtale med Venstre og Krf, då ho putta 250 kroner meir i potten.

Landbruksministeren sikra seg avtale med Venstre og Krf, då ho putta 250 kroner meir i potten. Biletet er frå Sylvi Listhaugs besøk på Varhaug.

KOMMENTAR:

Med å auka den økonomiske ramma frå 150 til 400 millionar  fekk regjeringspartia avtale med Venstre og KrF om ny jordbruksavtale, og sikra seg med det stortingsfleirtal for sentrumsblå landbrukspolitikk.

Eirik Stople

DET MÅ REKNAST som ein siger for regjeringspartia, med landbruksministeren i spissen, at dei, ”innan familien”, oppnådde ein felles avtale om jordbruksoppgjeret. Venstre og KrF kunne nok oppnådd meir ved å ha stemt saman med dei raud-grøne partia, men det ville ha utfordra det parlamentariske grunnlaget for regjeringa. Ikkje uventa valde støttepartia å unngå ei slik belastning. At jordbruksoppgjeret blir avgjort i Stortinget er ikkje nytt, men at regjeringa blir detaljinstruert er overraskande, og bør vera ein vekkjar for regjeringa om at den er i utakt med stortingsfleirtalet.

LIKEVEL er det ein siger for Listhaug at hovudprofilen og retninga i den politikken ho presenterte i tilbodet står fast. Det betyr at partane i avtalen held oppe prioriteringa av store bruk, med premiering av auka produksjon for dei som ynskjer det.

Sett i forhold til tidlegare utspel frå tida i opposisjon, med kutt til landbruket i milliard-klassen i alternative statsbudsjett, er det positivt at ein har oppnådd den økonomiske ramma som nå ligg på bordet. Nemnte bakteppe bør likevel være ei påminning om mogeleg resultat dersom Høgre / FrP hadde hatt reint fleirtal på Stortinget.

I AVTALEN har regjeringa sine støtteparti fått med viktige postar som vidareføring av ordninga med tidleg pensjon, styrka avløysarordning, tilskot til rådgiving og HMS og ein del sentrale og viktige tiltak innanfor miljø og kulturlandskap. Partane er samde om å auka øyremerka midlar til omstilling og rekruttering i landbruket.

Vidare inneheld avtalen mellom regjerings- og støttepartia fleire detaljendringar på omfordeling av støtteordningar i forhold til tilbodet. Det største grepet er gjort for sau / ammegeit  kor tilskottet blir auka med 200 kroner for dei 100 første dyra. Samstundes vert kvantumstillegg for lamme-slakt redusert.

Produksjonstaket for mjølkeproduksjon er sett ned frå 1.200.000 liter per føretak i proposisjonen til 900.000 liter i avtalen. Ein auke frå 400.000  (750.000 for samdrift) til 900.000 liter må kunne seiast å vera det sterkaste strukturdrivande grepet i avtalen. Omsetting av mjølkekvote mellom omsetingsområde er førebels sett på vent i påvente om nærare utgreiing.

Maksimalt husdyrtilskott per føretak er i avtalen sett ned til 560.000 kroner, som er ei kraftig nedjustering av taket for maks tilskott som låg i tilbodet.

Avtalen ”sparer pengar”, både direkte som tilskot og indirekte til nedskriving av korn, ved ikkje å gi eit oppsving for kornproduksjonen. Grepet dempar prisauke på kraftfôr og slår, på kort sikt, positivt ut for økonomien i husdyrproduksjonane. Større avhengigheit av kornprisen på verdsmarknaden og redusert sjølvberging er prisen vi betaler for dette.

SAMARBEIDSPARTIA har i avtale form slått fast at forhandlingsinstituttet skal behaldast. Dette var ei særs viktig sak for støttepartia, og kunne ha blitt svekka om det ikkje hadde blitt ein avtale nå. Det er å vona at regjeringa viser større forhandlingsvilje ved neste høve, enn slik situasjonen var ved desse forhandlingane. Utan reelle forhandlingar med faglaga blir forhandlingsinstituttet meiningslaust.

DEI JUSTERINGANE som er gjort dempar, i første omgang, dei negative konsekvensane av jordbruksavtalen for mindre og mellomstore bruk. På sikt kan vi vente at avtalen forsterkar strukturendringane i jordbruket, som også er målet for avtalepartane. I felles fråsegn uttalar regjeringa og støttepartia at dei er samde i retninga i dette jordbruksoppgjeret.

ER DET sterke fokuset på billeg mat ei utvikling som folket ynskjer? Svaret er nei, i følgje ei fersk undersøking utført av NILF og Respons Analyse.

– Folk prioriterer trygg og sunn mat og dyrevelferd framfor pris og nivået på statlege overføringar til landbruket, seier forskar i NILF, Klaus Mittenzwei, i ein kommentar til avisa Vårt Land. Nå skal forskarane også studera dei folkevalde sine haldningar til landbruk – for å undersøke om politikarane er i utakt med folket.

 

Stikkord denne saka: