Magnar Undheim, forfattar av Jæren Smalalag – 100 år på heiaveg, fortel om sitt arbeid med å samle historia.

Magnar Undheim, forfattar av Jæren Smalalag – 100 år på heiaveg, fortel om sitt arbeid med å samle historia.

100 år og tusenvis av sauer. Jæren Smalalag kan vise til ei rik historie. No er den skrive ned mellom to permar.

Jane Brit Sande

Kvar vår reiser 40.000 sauer og lam til fjella i Sirdal og Setesdal, og kvar haust blir dei henta ned igjen av spreke bønder og trena gjetarhundar. Totalt 18 heiasjefar leiger areala som utgjer det store beiteområdet. Jæren Smalalag fungerer som eit reiskap som står for organiseringa av beitinga, og har bygd både bruer og hytter gjennom tidene. Jæren Smalalag feira 100-årsjubileum i 2014, og no i haust gir dei ut ei jubileumsbok i avgrensa opplag. Magnar Undheim er forfattar.
– Magnar var invitert til jubileumsfesten til Jæren Smalalag, og då viste han verkeleg kor dyktig han er, skryt Asbjørn Haga, styreleiar i Jæren Smalalag.
Magnar Undheim tok festdeltakarane med på ei reise gjennom 100 år, frå 1914, då pionerane såg moglegheitene og tok utfordringane, og fram til dagens drift av heiabeitene.
– Me hadde litt midlar igjen etter jubileumsmarkeringa, og i styret vart me samde om å nytta dei til å få samla og skrive ned historia. Det var ingen tvil om kven me ville skulle gjere jobben, seier Haga.

Gode kjelder

Undheim starta arbeidet med å samle historiemateriellet til Smalalaget hausten 2014. I samband med jubileumsmarkeringa hadde han allereie samla ein del historiemateriell. Undheim fortel at han i tillegg hadde nytte og glede av historia som allereie var nedskriven i «Driftesmalen: Gjætarliv på vegtråkk og villfjell», skriven av Sigurd Eikeland i 1966.
– Eg kallar denne boka eit standarverk. Det er ei god bok, og der var mykje bakgrunnsstoff som eg hadde god nytte av i arbeidet. Smalalaget har i tillegg ein heilt eigen historie, seier
Undheim.
Referat og oversikt over styremedlemmer og heiasjefar gjennom åra, med anna, har vore tilgjengelege frå Jærmuseet sine arkiv. Men Undheim fortel at han i denne boka har lagt vekt på historier gjennom 100 år med Jæren Smalalag. Både allereie nedskrivne historier og intervju har vore viktige verktøy for å få historia mellom to permar. Undheim trekk særleg fram intervjuet med Hanne-Elise Lindal, første kvinne inn i styret i Jæren Smalalag, i 2011, og seinare heiasjef.
– Ei spanande dame med ein spanande historie, seier Undheim.
I tillegg er det samla unikt bildemateriell, og Haga og Undheim trekk særleg fram arbeidet som er gjort med å få på plass kart med grenser.
– Dette er mykje arbeid, og me kan takke Rene Ravndal for at dette kom på plass, skryt dei.

Ein lærerik veg

Vegen mot siste punktum i boka har vore lærerik for forfattaren, og til tider overraskande, innrømmer han.
– Det skulle vere stormøte på Jæren, og stortingsmenn og andre sentrale personar var til stades. Ull og kjøtomsetnaden var dei mest sentrale tema som vart tekne opp. Aftenbladet ba Jæren Smalalag om å arrangere og invitere til møte. Smalalaget var òg sentralt i forhold til samvirketanken, fortel Undheim.
– Kva trur du har vore det mest revolusjonerande for Jæren Smalalag?
– Det må vere då dei starta frakte sauene til heis med bil, dette var ei ny verd for begge partar. Det er imponerande det arbeidet som vart gjort i starten, då bøndene dreiv sauen til heis til fots. Det hadde nok ikkje gått med dagens sau, som er vesentleg tyngre, meiner Undheim.
– Både bønder og dyr måtte kryssa elv og vatn, og dei sumde over Fidjelandsvatnet. Brubygging var heilt klart bakgrunnen for at Jæren Smalalag vart stifta, fortel han engasjert.
Men frå to og fire bein til fire hjul har ikkje vore den einaste utviklinga. Vegane har blitt lettare tilgjengelege, både med trafikkveger og anleggsveger. Komforten på hyttene er betrakteleg høgare, og det er slutt på lagring av mjølk i myra, og kost beståande av kavring og heimelaga smør.

Avgrensa opplag

Om lag 1.000 bøker er komen i retur frå trykkeriet. Offisiell lansering av den unike boka blir på saueskiljinga på Kvævemoen i Suleskarheia den 3. september. Boka kan kjøpast av styremedlemmene i Jæren Smalalag, eller ved å kontakte Asbjørn Haga på tlf:  415 48 201 eller e-post: asb-haga(@)online.no

Jubileumsbok2

Asbjørn Haga (t.h), styreleiar i Jæren Smalalag er godt nøgd med arbeidet Magnar Undheim (t.v) har lagt ned for å få historia nedskrive.

 

 

Stikkord denne saka: