• Mari Oline (9) og Amanda (6), syns det er spennende når det skjer noe på gården.
 

Bøndene på Refsnes i Byremo hadde gitt opp husdyrhaldet. Skogen kom snikande innpå.

Liv Kristin Sola

– Utan beitedyr, vart det ein arbeidskrevjande og lite meiningsfull innsats å prøva å halda beitemarka open. seier Trond Refsnes og Odd Magne Refsnes.

No er situasjonen annleis. Grunneigarane byr fram beiteareala til sauebønder i andre bygder. Eit fruktbart samarbeid mellom grunneigarar utan dyr, og bønder med behov for beite, hindrar at kulturlandskapet gror att.

SMIL-tilskot

Fire grunneigarar danna Refsnes beitelag. Etter eit år med nøye planlegging, søkte dei SMIL-midlar i 2013. Av det totale budsjettet på 260.000 kroner, fekk dei løyve om 70 % tilskot, og dei gjekk i gang med gjerdinga.

– Me brukt ein del tid på å få ei god oversikt over dei ulike ordningane. Det er viktig å skaffa seg god informasjon, gjerne frå fleire instansar, rådar dei to grunneigarane.

180 dekar allsidig beite

Dei gjerda inne eit areal på 180 dekar, der 1/3 av arealet er fulldyrka, 1/3 er innmark, og om lag 1/3 er å rekna for skog.

− Totalt vart det 3.400 meter med gjerde, der 1.650 meter var nytt gjerde, og 1.800 meter gammalt.

− Dei har sett ned rundt 1.300 kløyvde stolpar med om lag 1,5 meters mellomrom.

− Dei har brukt 470 timar på møter og planlegging, rydding og gjerding med topptråd og grinder.

− I gravemaskinen har det gått med rundt 66 timar.

− Utgifter til materiell kom på 85.000 + mva, og arbeidsvederlag er sett til 65.000 + mva.

Effektivt arbeid

For å effektivisera gjerding og rydding, nytta dei ein liten gravemaskin. Ein maskin som var passe liten og passe stor til å koma til rundt heile beitearealet. Odd Magne sveisa eit feste med gjenger på skuffa på gravemaskinen. Eit feste som passa til eit borerøyr han hadde liggande. Når pålane skal i jorda, festar dei borerøyret til skuffa og fyller skuffa med pålar. Ein person i gravemaskinen og ein til å sette ned pålane, gjorde arbeidet svært effektivt. Noko av skogsområdet vart rydda, og ein del av den dyrka jorda er fornya. All dyrka jord skal pløyast i løpet av dei neste åra.

Etter ei vurdering av kvaliteten på beitet, har dei hatt 85 vaksne sauer, kvar med 2-3 lam. Sauene som kjem frå to bruk i Åseral, beitar området om våren før dei vert sende til fjells i starten av juni. Om sommaren leiger dei ut til storfe, før sauene kjem attende om hausten.

Beitehotell

Arbeidsfordelinga er ganske grei. Sauebøndene kjem med sau og lam. Grunneigarane ordnar resten.

– Me gjer alt jordarbeidet, gjødslar, held gjerdene i orden og har tilsyn med beitedyra når dei er her, seier dei to grunneigarane.

Dei har ein tiårs kontrakt som skal gi begge partar høve til å tenka langsiktig.

– Motivasjonen er å halda landskapet ope. Prosjektet går ikkje med overskot, men leigeinntektene dekker utgiftene, seier Odd Magne og Trond.

Fylkesmannen svært positiv

Fylkesagronom, Ole Steffen Gusdal hjå Fylkesmannen i Vest-Agder, er begeistra for prosjektet.

– Prosjektet er positivt både for bønder som treng beiteareal, grunneigarane, og for lokalsamfunnet som har gleda av å ha beitedyr rundt seg og eit ope kulturlandskap, seier Fylkesagronomen.

Dei som søker om SMIL-midlar, må vera søkarar av produksjonstilskot, ein endring som kom i 2015 og gjer det litt meir komplisert, men like fullt mogleg å søke støtte til denne type samarbeidsprosjekt.

Fylkesmannen i Vest-Agder har utabeida ein mal for avtal, både mellom grunneigarane, og mellom grunneigarlaget og leigetakarane. Ein mal som vart presentert og kommentert på møtet i Byremo.

 

Stikkord denne saka: