DSC_1882

 

Med 49 av 49 stemmer vart Frøydis Haugen attvald som leiar i Hordaland Bondelag.

Liv Kristin Sola

Kjelde: Hordaland bondelag v/ rådgivar, Maria Makloufi Skjold

Årsmøtet i Hordaland Bondelag vart gjennomført 4. – 5. mars i Bergen, med 49 delegatar i tillegg til fylkesstyret, gjestar og æresmedlemmane Kari Valland og Nils T. Bjørke.

Bergensordførar Marte Mjøs Persen kom med ei helsing, og leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, fekk gode tilbakemeldingar på sine betraktningar til årsmøtet. Bondelaget hadde invitert Jostein Vik, seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforskning, og Kåre Gunnar Fløystad, fagsjef Zero til å halda faginnlegg.

 

DSC_1875

Ordførar Marte Mjøs Persen og leiar Frøydis Haugen

Les leiaren sin tale her

Les ordføraren sin tale her

Årets lokallag 2015

Prisen Årets lokallag, går til eit lokallag som har hatt god aktivitet og engasjement i året som gjekk. Nominasjon og kåring vart vurdert av medlemmane i fylkesstyret og er basert på årsmelding og innrapporterte aktivitetar. Årets lokallag 2015 vart Ullensvang Hagebrukslag. Dei får ei pengegåve på 10.000 kroner, og går vidare til den nasjonale kåringa som går føre seg under Bondetinget i juni.

 

bv10_aktuelt3b

Frøydis Haugen gratulerte utsendingane frå Årets lokallag, Ullesvang Hagebrukslag. Nyvald leiar Magnus Opedal, og styremedlemmane Olav L. Bleie og Endre Bjotveit. Foto: Maria Makloufi Skjold, Hordaland bondelag

«I dette lokallaget har styret samarbeidet godt og engasjert seg både for medlemmene og for bygda. De har hatt studiering og flere kurs, og de hadde stand på kampanjedagen i vår. De fikk til og med pressedekning! Lokallaget har sendt brev til ordføreren, svart på høringer og deltatt på mange møter lokalt der de har engasjert seg i ulike saker. De har også deltatt på møter andre steder i fylket, og i Oslo. I året som gikk arrangerte de for første gang Teknikkens Dag, en stor suksess,» skriver Hordaland Bondelaget på si nettside.

Gledeleg medlemsvekst

Hordaland Bondelag har 39 lokallag. Bortsett frå Fedje, har alle kommunar minst eit lag. Leiar Frøydis Haugen, melder om en positiv medlemsvekst i året som gikk. Hordaland Bondelag hadde som målsettingen å auka medlemstalet med 26 medlemmar i 2015. Då året var omme viste tala at målsettinga vart mest tredobla, med ei auke på 75 medlemmar.

«Vi er på tredjeplass i medlemsvekst av fylkeslagene», skriv Frøydis Haugen, på Hordaland bondelag si facebookside.

Nytt styre i Hordaland Bondelag

Styremedlem Leif Arne Lirhus og 3. vara Anita Jordalen gjekk ut av styret. Bodhild Fjelltveit kjem inn som nytt styremedlem.

bv10_aktuelt3a

Styret i Hordaland Bondelag 2016-2017 Foto: Maria Makloufi Skjold, Hordaland bondelag

F.v. Frøydis Haugen, leiar,  Knut Byrkjenes Hauso og Bodhild Fjelltveit, styremedlemmar,  Kari Heggenes Kvammen, 2. vara, Endre Bjotveit, 3. vara, Frode Handeland, nestleiar, Lars Bø, 1. vara og Åse Kleppe, repr. frå Hordaland Bygdekvinnelag.

 

Landbruket i Hordaland

Det er 13 880 landbrukseigedomar i Hordaland. Tal landbruksføretak var 3 132 i 2014, ned frå 5 595 einingar i 1999. Det er i all hovudsak dei minste føretaka som legger ned. 10 000 eigedomar er dermed utan aktiv drivar/drift i fylket.

Størstedelen av husdyrproduksjonen i Hordaland er knytt til dei grovfôrbaserte husdyrslaga. Hordaland produserer omlag 5 % av kumjølksmengda i landet, omlag 4 % av storfekjøtet og omlag 9 % av den totale sauekjøtproduksjonen i Noreg. Svine- og fjørfeproduksjonen har lite omfang i Hordaland samanlikna med elles i landet.

Figuren viser verdiskapinga i jordbruket i Hordaland, fordelt på produksjonar

Kjelde: Fylkesmannen i Hordaland

verdiskaping

 

Stikkord denne saka: