60 Liter rømme, 150 l mjølk, 160 brød, 35 kg laksefilet og 1.000 grillpølser. Det er noko av det som går med når nesten 100 vaksne og 200 barn i 4H skal ha fylkesleir 24.-27. juni.
Tekst: Linda Liem
Foto: 4H Rogaland, Fylkesleir 2015
Slike arrangement går sjeldan på skinner utan at det står eit større dugnadsapparat bak og får ting gjort. Sponsorar, klubbrådgjevarar, foreldre og andre eldsjeler er med og dreg lasset for at ungdommane skal utfordrar seg mellom «fjord og fjell» på leir.
– Det er til ei kvar tid om lag 30 vaksne som er på jobb for å arrangera Fylkesleiren», seier leirsjefen Ole Johan Østebø.
– Det er ni forskjellige komitear som arbeider under heile leiren. Dei tek seg av alt frå lyd og lys på scenar til matlaging, aktivitetar, vakthald og informasjonsarbeid.
Det er vaksne frå dei ulike klubbane saman med eldsjeler frå bygdene i Suldal som stiller opp på dette dugnadsprosjektet, og somme har jobba med dette sidan i fjor.
– Dugnadsarbeid er velkjend rundt om i bygdene, ynskjer ein at det skal vera forskjellige aktivitetar for born og unge krev det at ein er med og bidreg med dugnadsarbeid», påpeikar Østebø.
– Dugnadsarbeid er som oftast veldig kjekt å vera med på. Det er veldig sosialt og ein blir godt kjent med folk ein elles kanskje ikkje hadde treffe, mykje kaffi og god drøs høyrer med.
Østebø rosar innsatsen av både innbyggjarar og lokale bedrifter.
– Det er svært kjekt at også lokale bedrifter er med og bidreg i dugnadsarbeidet. Det hadde ikkje blitt leir utan dugnad.
No er ikkje dugnadsarbeid noko ukjend fenomen, verken for 4H eller andre tilsvarande organisasjonar. Snarare er det berebjelken i arbeidet med å gje ungdommane eit godt fritidstilbod i bygdene. Den frivillige innsatsen som blir lagt ned i Noreg kvart år svarar til 138 800 årsverk, og 61% av nordmenn over 16 er involvert i frivillig arbeid. Det er den høgaste del som er målt på verdsbasis, i følgje Frivillighet Norge.
– 4H er ein medlemsstyrt organisasjon. Her sit medlemane sjølv med styreverv og ansvar for arbeidet som skjer. I bakhand står klubbrådgjevarane klar til å legge til rette for god læring og eit positivt møte med frivillig arbeid. Dugnad skal vere sosialt, lærerikt og gi inspirasjon til den enkelte, seier dagleg leiar i 4H Rogaland, Synnøve Jørgensen.
Stikkord denne saka: ung i bygda