Gass og brems: Geir Heggheim er styreleiar i Norsvin. Organisasjonen gassar på med vidareutvikling av den norske suksesspurka, men må samstundes bidra til å finna løysingar for å avgrensa svineproduksjonen

Gass og brems: Geir Heggheim er styreleiar i Norsvin. Organisasjonen gassar på med vidareutvikling av den norske suksesspurka, men må samstundes bidra til å finna løysingar for å avgrensa svineproduksjonen

Svinebøndene har greidd det igjen. Kongressen Gris i 16 samla 600 deltakarar frå heile landet til to dagar på Hamar med sosiale samkome og full fagleg merksemd på svineproduksjon.


Sjur Håland


– No må du ikkje skriva for positivt om grisen, skjemta ein av møtedeltakarane til Bondevennen, rett før møtestart.

Superpurke

Uttalen romar kjernen i utfordringane til norsk svineproduksjon. Dei siste åra har vore gode. Den norske purka er ikkje lenger eit tilårskome moderatproduserande dvask eksemplar av Norsk landsvin, men den robuste superproduserande hybridpurka TN70. Med eit dyremateriale i verdstoppen innan avl, helse og fôrutnytting, saman med høgt kompetente bønder og optimale grisehus, går produksjonen så det suser, og litt til. Overproduksjon og komplisert marknadsregulering er utfordringar som vart diskutert i pausane mellom fagføredraga.

Påfyll

Norsvin sin styreleiar, Geir Heggheim, gler seg over stor deltaking og engasjement.
– Her samlast svineprodusentane og heile fagmiljøet rundt næringa. Tilbakemeldingane på arrangementet er udelt positive, seier han.
Det faglege nivået på føredraga ligg høgt. Her skal folk få påfyll, anten dei driv med slaktegris, smågrisproduksjon, kombinert, satellitt eller nav i purkering.
– Komiteane har lagt vinn på å setja dagsorden kring dei mest aktuelle utfordringane, fortel Heggheim.
Han er oppteken av å løfta fram svineproduksjonen saman med resten av det norske landbruket inn i den norske samfunnsdebatten.
– Ord som berekraft, klima og omdømme blir teke på alvor også blant svineprodusentane, noko programmet under Gris i 16 speglar, understrekar Norsvin-leiaren.

Krevjande fleskesal

Å få selt unna skinke, bacon og koteletter i den norske marknaden er krevjande. Overproduksjon kan fort koste flesk for produsentane.
– Marknadsbalansen er skjør, det ligg i bakhovudet på oss som produserer gris. Får me ubalanse, kan det bli dyrt. Difor har Norsvin og alle andre gode krefter kring svinenæringa retta merksemda mot å vera i førekant.
Heggheim omtalar 2014 og 2015 som gode år.
– 2016 ser også ut til å bli brukbart. Men prognosane tilseier at reguleringslagra vil veksa.

Må bremsa

Den effektive TN70 purka, eit resultat av avlssamarbeidet med Holland, genererer auka produksjon, slik at bøndene blir nøgde til å tråkka på bremsepedalen.
– Me treng å tilpasse oss marknaden med å redusera talet på mordyr, færre smågriser og i tillegg redusera slaktevekta, seier han. – To kilo lettare slakt reduserer svineproduksjonen med 3000 tonn, illustrerer Heggheim.
I tillegg til marknadsutfordringane, står oppgåvene i kø for Norsvin. SPF står for spesifikk patogen fridom. Dette inneberer at dyra i ei SPF-besetning er frie for definerte sjukdomsframkallande mikrobar (patogen). Stadig fleire svineprodusentar vel å sanera besetninga og oppgraderer statusen til SPF. Omlegging til SPF og kostnadane knytt til dette, saman med utfordringane kring MRSA blir utfordrande i tida som kjem. Men avlsarbeidet stoppar ikkje opp.

Ny seminstasjon

– Avlsarbeidet har sjølvsagt stor prioritet, det er jo det som er vår kjerneverksemd. Norsvin bygger nå ny seminstasjon, eit stort løft for framtida både for den norske bonden og forskningsmiljøet her på Hamar, fortel Heggheim.
Han held fram at Norsvin på mange måtar står ved ein krossveg der organisasjonen blir ein viktig leverandør av avlsmaterial inn til eksportselskapet Topgs Norsvin, som Norsvin eig i lag med hollenderane.
– Når det gjeld avlsdyra og genetikken vår, får me mykje gode tilbakemeldingar frå både bønder her i landet, og frå den internasjonale marknaden.

Stikkord denne saka: