Har trua: Jostein Vik og May Britt Lode har trua på framtida for landbruket i Rogaland.

Er Rogaland eit annleisfylke? Ja, ifølgje Norsk senter for bygdeforskning.

Bothild Å. Nordsletten

– I Rogaland blir det generelt drive meir intensivt, seier Jostein Vik frå Norsk senter for bygdeforskning, og avslører dimed ein av skilnadane mellom Rogaland og andre jordbruksfylke.
Tysdag i førre veke lanserte den trønderske forskingsstiftinga rapporten «Trender i norsk landbruk 2016» hjå landbruksdirektøren i Rogaland, Geir Skadberg.
Spørjeundersøkinga er den åttande i rekka sidan 2002 og del av Bygdeforsknings nasjonale prosjekt  Landbruk og bønder i endring.
Undersøkinga blant 360 av dei om lag 4000 bøndene i fylket avdekker fleire tal og haldningar som set Rogaland i ei særstilling.

Meir nøgd

Noko forenkla sagt skil Rogalandsbonden seg ut ved at ho/han oppgir å ha ein noko sterkare bondeidentitet enn yrkesfellar andre stader. Kanskje har dette samanhang med at fleire bønder her hentar ut ein større del av inntekta si frå landbruket enn bønder andre stader i landet. Rogalandsbonden er også litt meir nøgd med fagmiljøet sitt enn andre bønder. I sør-vest planlegg bøndene også produksjonsauke i større grad enn mjølkebønder elles. Dei ser også generelt litt lysare på framtida enn bønder andre stader. Særleg gjeld optimismen blant mjølkebønder, dei med større bruk, dei yngste og for dei som legg ned flest arbeidstimar på bruket.
– Rogaland ligg godt an til å halda sin posisjon som matfylke, konstaterer Jostein Vik.
Samvirkeorienteringa er elles like sterk i Rogaland, som elles i landet. 47 prosent av dei spurde er samde i at samvirka best fremjar bøndene sine interesser.

Driftig og nøysam

Årets unge bonde, Ingve Berentsen og NRKs superbondekandidat May-Britt Lode er med på møtet som sjølve lekamleggjeringa av optimismen.
– Eg ser enormt med moglegheiter og er svært optimistisk på vegne av jordbruket i Rogaland, seier Berentsen. Han viser til FN som meiner at verda må produsera 70 prosent meir mat innan 2050.
– Matproduksjon kjem til å verta mykje viktigare om nokre år, enn det er no, konstaterer han.
– Ja, Rogalands-bonden er driftig og nøysam. Kanskje så nøysam at det ikkje er til hans eige beste, spør Lode, lett spøkande. Ho er opptatt av bondens økonomi, og av at forbrukaren har trua på den norske bonden, noko som fordrar at bonden viser opneheit, meiner ho. Lode fortel også om kor stolt ho blir av å sjå kjøtstykka frå eigen gard på tallerken på fine Stavanger-restaurantar.
– Det er ein stor, motiverande faktor, slår ho fast.

Positive på Kvitsøy

Ordføraren i Kvitsøy kommune, Mirjam Ydstebø, kjenner seg også att i dei optimistiske utsiktene for landbruksnæringa i fylket.
– Ja, i utgangspunktet gjer eg det. Kvitsøy er den minste kommunen målt i areal i Noreg, men landbruket er viktig her. Det er likevel stor skilnad mellom Jæren og min kommune. Dei fleste her har jobb ved sidan av garden, men mange har ein sterk identitet som bonde. Eg merkar framtidstrua i form av nybygg og nye robotfjøs. Bøndene i Kvitsøy er framoverlente, trass i mangel på utvidingsmoglegheiter, seier Ydstebø og trekk særleg fram den vellukka oppbygginga av merkevaren Kvitsøylam.

 

Ordførar i Kvitsøy: Mirjam Ydstebø (KrF)

Stikkord denne saka: