kyllingproduksjonen

Overproduksjon og utfordring med helsestatus i kyllingproduksjonen. Arkivfoto.

Vanskeleg år for slaktekyllingprodusentane.

Reidun Kristiansen,
Tilførselsleiar kylling, Nortura
Innsendt på oppdrag
frå Bondevennen

Dronning Elisabeth opplevde eit svært turbulent år i 1992, og karakteriserte dette året som ”annus horriblis” eit ganske fælt og vanskeleg år. Slik kan nok også 2015 oppsummerast for slaktekyllingpodusentane. Me har verkeleg fått merka kor stor makt både media og matvarekjedane har. Etter to-tre år med stor auke i kyllingsalet og stor optimisme, kom nedturen til fulle, hausten 2014.

Resistente bakteriar

Det vart skrive mykje om antibiotikaresistente bakteriar som var funne i kyllingkjøt. Det vart framstilt som om det var ein stor auke av desse bakteriane i kylling. Men det var ikkje ein reell auke, det var berre brukt ein annan metode for å finna desse bakteriane. Og når ein samanliknar resultata frå to heilt ulike metodar, så kan det sjå ut som om det var ein auke. Det ingen media var villige til å skriva eller snakka om, var at norsk kylling er den reinaste kyllingen ein kan få kjøpt. Først på vårparten 2015 vart dette publisert, og då vart det lagt fram som om det var ny forsking som hadde kome fram til dette. Kan vel ikkje kalla det ”ny forsking” når tabellane som viste kor lite antibiotika det vert bruk per kg produsert kjøt i Norge i forhold til andre land, faktisk var frå 2013…

Fleire grunnar til overproduksjon

Dette mediekøyret gjorde sitt til at salet av kylling raste nedover med 15-20 prosent. I tillegg hadde det nok vorte bygt litt for mange hus i 2013 og 2014. Desse husa har kapasitet til å produsera mykje meir enn det konsesjonsgrensa var då dei bygde. Når så denne grensa vart auka frå 140.000 til 280.000 kyllingar per år, sit ein att med altfor mange m2 kyllinghus. Med berre tre matvarekjedar, har det også vore ein del endringar i marknadstilgangen. Gapet mellom produksjonskapasitet og det reelle behovet har vorte for stort i Norturasystemet. Summen av alt dette har ført til stor nedgang i prisen til bonden, og mange slit økonomisk i dag. No, etter nyttår, må prisen ytterlegare ned for å gje kompensasjon til bønder som vel å slutta med kylling. Så det ser dessverre ut til at 2016 kan verta ”annus horriblis”, år to, for slaktekyllingprodusentane.

Kråsbetennelse, ei ny utfordring

I tillegg til låge prisar har det vore produksjonsmessige utfordringar det siste halvåret, problem som me aldri har stått overfor før. Stikkordet er kråsbetennelse. Det vert jobba iherdig for å finna ut av det, men i skrivande stund er problemet ikkje løyst. Konsekvensen vert at produsenten må bruka mykje ekstra tid i huset, flokkane vert ujamne, det vert større utplukk av småkyllingar, fleire kasserte, lågare vekter og høgare fôrforbruk. Den summen som skal dekka renter og avdrag på hus, samt eige arbeid (dekningsbidrag 2) har i snitt vorte redusert med over 55 prosent frå første til andre halvår i 2015. I same tidsrommet har prosent kasserte kyllingar, i snitt, auka frå 1,52 til 1,95 prosent og daude kyllingar frå 2,72 til 3,62 prosent. Om lag halvparten av inntektsvikten skuldast prisnedgang i juni, men resten er i stor grad grunna produksjonsproblema.

Mørke skyer, eller…

Sjølv om det no er mørke skyer på ”kyllinghimmelen”, så vil me koma oss opp av denne bølgjedalen også. Norske forbrukarar vil framleis eta meir og meir kylling. Og den kyllingen skal me produsera i Norge. Om prisen på kylling aukar med 1-2 kroner per kg, vil kyllingbonden kunne sjå den økonomiske framtida lyst i møte. Om prisauken vert den same i butikken, vil det utgjera 20-40 kroner per innbyggar per år. Så la oss håpa og tru at me som forbrukarar er villige til å betala litt ekstra for all den gode kyllingen bøndene produserer. Då kan 2016 verta eit gledenes år i staden for annus horriblis, del to…

Stikkord denne saka: