Dag Jørund Lønning er kåra til årets bygdeprofil.

Dag Jørund Lønning er kåra til årets bygdeprofil.

 Professoren frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)  er ein kjend mann i landbruket. No har Nationen sine lesarar kåra han til årets bygdeprofil.

Jofrid Åsland

Dag Jørund Lønning er rektor ved HLB på Jæren. Kriteria for å motta prisen var mellom anna at personen skulle vere kjend, og ha markert seg med særleg innsats for bygda, og profilert den norske bygda på ein særleg positiv måte.

I ei pressemelding frå HLB skriv Dag Jørund Lønning at han takkar alle som har stemt på han, og seier følgjande om å vinna denne tittelen:

– Dette er ei veldig ære for meg. Berre det å bli nominert var fantastisk. Når ein ser lista over dei som har vunne før blir ein både audmjuk og glad. Det er fantastisk at så mange set pris på arbeidet for nyskaping, for meir lokaldemokrati, for småskalalandbruk og for levande og livskraftige bygder og lokalsamfunn i heile landet. Dette gjev inspirasjon til å arbeida vidare for lokalsamfunn både heime og ute.

Lønning mottek prisen i Oslo 2 mars.

– Den deler eg så definitivt med familien. Som har levd eit omflakkande tilvære med ein arbeidsnarkoman forskar i 25 år: I Bergensregionen, i Jerusalem, Telemark, Trøndelag, Nordland, delvis Brussel og, dei siste åra, på Jæren. Eg deler den også med dei engasjerte og kunnskapsrike kollegaene mine ved HLB og elles med alle dei tusenvis av menneske frå sør til nord i dette landet som er med og gjer den norske bygda så mangfaldig og attraktiv både som bustad og reisemål.

Nationen si kåring starta i 2004, og tidlegare vinnarar er mellom andre Oddgeir Bruaset, Dansekompaniet Frikar, Yasmin Syed, Therese Johaug og Odd Nordstoga. Lønning er første akademikar som mottek prisen.

Dag Jørund Lønning kjem opphavleg frå Stord. Han har vore rektor ved HLB sidan 2010. Før dette har han bak seg ei lang karriere som forskar ved Chr. Michelsens Institutt, fagleiar ved Telemarksforsking-Bø, direktør ved Norsk Senter for Bygdeforsking og Seniorforskar ved Nordlandforsking. Dei siste åra har Lønning også vore knytt til EU-kommisjonen som ekspertrådgivar.

Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. Han er utdanna sosialantropolog (Cand. Polit.) frå Universitetet i Bergen, og har også ein Dr. Philos. grad i prosessfilosofi frå det tidlegare UMB. Fagleg hovudinteresse har vore menneskeleg nyskaping og det å skapa positiv endring nedanfrå.

 

 

 

Stikkord denne saka: