Dødeleg gass: Tappegropa er ei potensiell gassfelle i samband med røring og tapping av husdyrgjødsel. Arbeidstilsynet åtvarar også mot å stå over luka på gjødselvogna. Illustrasjonsfoto.

Arbeidstilsynet fryktar nye gassulukker i landbruket. No før våronna er dei ute med ei påminning om at ekstremt giftige gassar i kjølvatnet av husdyrgjødselhandtering og siloslått kan ta liv.

Sjur Håland

– Ikkje stå i tappegropa eller over luka på gjødselvogna når gjødselpumpa sviv. Om du har følgt dei same rutinane i 30 år utan uhell, kan du bli slått ut av dødeleg gass i løpet av eitt lite sekund, åtvarar seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet Arnstein Kartevoll.
Bakgrunnen for faktaarket, som i desse dagar blir gjort tilgjengeleg på nett og der bønder møtast, er til dels alvorlege gassulukker dei siste åra. Kartevoll vil gjerne sleppa å reisa ut på gardar etter tragiske gassulukker, det er betre å vera i førekant, erfarer han.
– Me har dessverre hatt tilfelle der menneskeliv har gått tapt. Mange bønder har opplevd, eller kjenner kollegar som har opplevd, å mista dyra sine på grunn av gass, så gassforgifting er noko som diverre skjer alt for ofte.

Bryt gjødselskorpa

Gjødselgassulukker skjer oftast i samband med røring, pumping og tapping av husdyrgjødsel. Og, dei fleste ulukkene skjer når skorpelaget blir brote i røreprosessen. I brosjyren frå Arbeidstilsynet, som er basert på råd frå Norsk landbruksrådgiving, blir det påpeika at åtte av ti forgiftingar av dyr skjer i bygningar med open forbindelse mellom gjødselkjellar og husdyrrom. Er du blant dei som stoler på at ventilasjonen fjernar gassane, får du ei velmeinande åtvaring av Arbeidstilsynet som held fram at ventilasjonsanlegget betyr lite for gassfaren, og at kjellarvifter og andre avtrekksvifter ikkje har tilstrekkeleg effekt for å fjerna gassane.
I grovfôrsiloane er det karbondioksid og nitrøse gassar som gir risiko for forgifting og død. Gjødselgassane er eit samleomgrep av fleire giftige gassar. Karbondioksid, hydrogensulfid, ammoniakk og metan er dei vanlegaste.

Sjekk rutinane

Arnstein Kartevoll ber bøndene om å stoppa opp og tenkja gjennom rutinane for å unngå gassforgifting.
– Viktigaste er at du heile tida er medviten på at arbeid med husdyrgjødsel og siloilegging kan vera livsfarleg. Ver i førekant og tenk gjennom rutinane dine. Tomt husdyrrom under omrøring er det beste. Syt uansett for å halda barn og vaksne unna.
Ventilasjon, frisk luft, er eit nøkkelord.
– Åpne dører og vinduer og kjør viftene på full effekt. Pass på at ikkje viftene trekker luft frå til dømes pumpegropa. Og så må du vurdera vêret. Ikkje rør i stille eller tungt vêr, understrekar Arnstein Kartevoll.

Arnstein Kartevoll

Stikkord denne saka: