Meiner Bondelaget har levert: Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag, meiner det ikkje er fråværet av innspel til opptrappingsplan det står på, men manglande politisk vilje og evne til framdrift og gjennomføring. Foto: Bondevennen

Åtvarar mot konstant støy

5. september 2023

Det er regjeringa som har fått i oppdrag å levera ein plan for opptrapping av inntekta i landbruket. Dei har til og med fått beskjed om å samhandla med landbruket i dette arbeidet. Ei slik samhandling kan bli vanskeleg viss konstruktiv hjelp bikkar over til å bli konstant støy.

Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag

Dette er eit tilsvar til Bondevennen-saka – Noko eige opptrappingsdokument blir det ikkje, og uttrykker avsendars meining.

Høgare inntekt i landbruket er svært naudsynt, og har vore landbruket si målsetjing lenge før debatten om talgrunnlag og opptrappingsplan. Bønder har slutta, fjøs står tomme og store areal går ut av drift.

Bondeopprøret gjorde mange merksam på at den dårlege økonomien dei opplevde, og opplever, i eigen kvardag, ikkje nødvendigvis skuldast dårleg drift og manglande uttak av inntektsmoglegheitene. For mange var det ei lette å endeleg kunne snakka med andre bønder om dårleg økonomi. Gjennom godt politisk arbeid, drive fram av Bondeopprøret, gjekk landbruket samla i kravet om eit nytt talgrunnlag og inntektsutjamning. Eit krav som fekk gjennomslag i politiske parti, i Hurdalserklæringa og til slutt i Stortinget.

Dette er bakteppet for dagens debatt om talgrunnlag, opptrappingsplan og inntektsutjamning.

«Den einaste måten ein frå landbruket si side kan få framdrift i denne prosessen igjen, er å opna for kompromiss.»

Ståle Hustoft

Tydeleg landbruk
Arbeidet med korleis inntekta i landbruket skal målast har kome lengst. Grytten-rapporten blei omfattande i sidetal og vart utsett tre månader før rapporten vart levert og lagt ut på høyring. Grytten utreia og lanserte eigentleg berre éin modell. Hybridmodellen baserer seg på skattedata, men med faktorar som avgrensar kven som skal vera med i utvalet som til slutt dannar eit gjennomsnitt. Landbruket har vore tydeleg på at det ikkje må vera høve til politisk justering av faktorane i inntektsmålinga, og begge faglaga avviste hybridmodellen.

Kompromisse?
Etter høyringsfristen på Grytten-rapporten gjekk ut, ventar me, stadig meir utolmodig, på vidare framdrift frå regjeringa si side. Bondelaget får mykje kritikk for å venta, men det kjem få konstruktive innspel til kva alternativet er. Sjølvsagt driv ein påverknadsarbeid og etterlyser framdrift i både formelle og uformelle møter med politikarar. Eit samla landbruk applauderte ei revidert totalkalkyle, avviste hybridmodellen og faglaga lanserte sine eigne alternative metodar for inntektsmåling. Eg oppfattar heldigvis ikkje at nokon tek ordet og ber om at Bondelaget skal opna for hybridmodellen, og dermed invitera til eit kompromiss som kunne fått fortgang i prosessen.

«Sjølvsagt driv ein påverknadsarbeid og etterlyser framdrift i både formelle og uformelle møter med politikarar.»

Ståle Hustoft

Stadig arbeid
Stortinget har bede regjeringa laga og gjennomføra ein plan for opptrapping av inntekta i landbruket. I Bondelaget har desse prosessane gått fortløpande. Interne innspelsrundar til Grytten-rapporten hausten 2022, studieringar og innspel til jordbruksforhandlingane vinteren 2023, og innspel til internt arbeid med opptrappingsplan i mars 2023.

Det vart utarbeida eit kunnskapsgrunnlag som presenterer verkemidla som påverkar inntekta i landbruket, og lokal- og fylkeslag vart bede om å peika på dei verkemidla ein ville inkludera sterkast i opptrappingsplanen.

Engasjement i sørvest
Rogaland bondelag starta sitt innspel til opptrappingsplan med forutsetninga: «Inntektsløftet skal ikkje vera strukturdrivande og sentraliserande, det må auka sjølvforsyninga og gje varig effekt.»
Utover det peika me på priselementet som særleg viktig i Rogaland, og me omtala kjedemakt, toll og handelsavtalar som faktorar som påverkar prisuttak i marknaden.

I den lokale handsaminga av opptrappingsplan vart det tydeleg at engasjementet om inntektsmåling var betydelig større enn planen for korleis inntekta skal kunna aukast. Fleire gav innspel om at opptrappingsplanen må bestå av kravet i jordbruksforhandlingane + toll + skatt + kjedemakt.

Snakk om det viktige
Eg har etterlyst ein større debatt om verkemiddel i opptrappingsplanen. Inntektsmåling er ikkje eit verkemiddel, kun eit mål på behov og måloppnåing, men inntil nå har dette hatt mest fokus. Me må ikkje gjera same feil som dei internasjonale klimatoppmøta; bruka all tid på å bli einige om målemetodar, kvotar og fordeling, og ikkje nok energi på dei verkelege tiltaka som skal få ned klimagassutslepp. Eller, i vårt tilfelle, snakka så mykje om realrente og nivå på kapitalavkastning at me ikkje diskuterer verkemidla som faktisk skal få opp inntekta.

«Spørsmålet blir om det hadde endra noko viss me leverte ei liste over verkemiddel til ein statsråd som allereie er lommekjent i verktøykassa.»

Ståle Hustoft

Dårleg kommunikasjon
Eg er av dei som ikkje har fått med meg endringa i strategi, og leiinga i Bondelaget har også tatt sjølvkritikk på at dette er for dårleg kommunisert ut i organisasjonen. Men spørsmålet blir om det hadde endra noko viss me leverte ei liste over verkemiddel til ein statsråd som allereie er lommekjent i verktøykassa. Kunnskapsgrunnlaget, innspelsrunden til opptrappingsplanen, og dei ni punkta som kom fram i sluttnotatet, peikar alle på innspel som allereie er spelt inn i tidlegare krav til jordbruksforhandlingane og til budsjettarbeid.

Ventar på regjeringa

Så burde kanskje ein opptrappingsplan vekta kva verkemiddel me ville bruka mest og minst i dei ulike produksjonane. Her er min påstand at alle verkemiddel har avgrensa verdi, mellom anna på grunn av regelverk i WTO og omsynet til norske landbruksvarer si konkurransekraft. Me må bruka alle verkemiddel i verktøykassa, og kanskje utvikla nye.

Like mykje som me ventar på ein opptrappingsplan som me kan vurdera og gje innspel til, ventar me også på at regjeringa skal avsløra kor stor vilje dei har til å gjennomføra opptrappinga, endra på toll, kjedemakt og utforska grenser i WTO-regelverk. For det er ikkje manglande innspel til opptrappingsplan det står på no, men manglande politisk vilje og evne til framdrift og gjennomføring.