Tørkestress: Graset i enga hjå Henning Kolnes er prega av tørkestress etter to månadar mest utan regn.
– Avlinga her er minimal, fastslår rådgivar Svein Lysestøl frå NLR-Agder t.v. og bonde Henning Kolnes. Grovfôrdyrkaren greidde i snitt 1250 fôreiningar per dekar i fjor. I år blir talet monaleg lågare.

Enga på femten mål skulle kvittert ut med 50 rundballar. I år fekk Henning Kolnes fem.

Sjur Håland

– Ein katastrofe, seier Kolnes og peikar mot område han har slege. I tillegg til det han alt har slått, har han svidde og visne enger som kunne trengt ei durabeleg rotbløyte, men som nå står for tur til å bli hausta før graset tørkar heilt inn.

700 mål

I april fekk bonden frå Lista 16 millimeter regn. Fram til 30. mai kom det ti. Det er alt for lite. Grasenga lir under den blå himmelen. Avlingssvikten på førsteslåtten hjå Henning Kolnes og andre kollegar i området er påtakelig. Kolnes dyrkar fôr på 700 mål på Lista. Mykje av arealet er sandjord. Ho var ypparleg i fjor då regnvatnet fløymde areala. I år er det stikk motsett.

– Nokre ventar i lengste laget med å slå, rett og slett for å få så stort volum som mogleg, men skal den strategien lukkast, må regnet kome no. Det gjer det dessverre ikkje, seier Kolnes.

Brune blad: Dei korte raigrasstråa har skote og er klar for slåmaskinen. Bladmassen vitnar om alt anna enn optimale tilhøve.

Svein Lysestøl er grovfôrrådgivar i Norsk Landbruksrådgiving Agder.

– I år har me sett at bønder som driv så langt inn som tre mil frå kysten slo graset nest siste veka i mai, det er bortimot rekord. Elles er hovudintrykket at bønder på kysten av Agder som dyrkar fôr til mjølkekyr og annan intensiv produksjon, haustar denne veka (veke 22). Det er ikkje mykje meir å henta på å venta lengre, særleg ikkje på lett jord.

Lenge sidan sist

Lysestøl stadfestar at situasjonen er krevjande for grasdyrkarane på Agder i år. Rådgivaren held fram at ein må ti år tilbake for å finna eit liknande tørkeår. 2017 og 2018 gav rikeleg med nedbør og gode avlingar hjå dei som fekk brukande haustetilhøve. Agder-bøndene hadde greitt med vinterfôr. Kystbøndene hadde generelt rikeleg, medan dei i indre strok hadde litt mindre å gå på. Våren starta med snøsmelting og brå varme.

– Det vart lite «mai kulde», dermed fekk ikkje graset buska seg særleg mykje. Me må nok rekna med jamt over lågare avling på førsteslåtten enn normalt. Med ein god andre og tredje slått, kan avlingsåret totalt sett jamna seg ut, understrekar Lysestøl.

1250 foreiningar

Henning Kolnes er entreprenør og driv med kjøt- og mjølkeproduksjon med ein kvote på 465.000 liter. Til saman har han 350 storfe på garden. Kolnes er rekna som ein av dei dyktigaste grasdyrkarane i landet. Den fruktbare jorda ytst ved havet på Listalandet gjer at han i normalår tar store avlingar. I fjor var snittet på garden heile 1250 fôreiningar per dekar. Det greier han ikkje i år.

– I går slo eg ei eng på 200 mål. Ho gav i snitt ein rundballe per dekar. Det er tragisk. I dag såg det ut til at me skulle få litt regn. Det enda opp med ein ynkeleg millimeter. Eg har heldigvis ein del myr. Her står graset fint, og eg reknar med normalavling på dette arealet.

– Kva med kvaliteten på fôret?

– Den trur eg blir grei. Men volumet er alt for lite. Sjå sjølv, graset visnar medan me står her og ser på.

Kolnes brukar mykje raigras. Den kalde vinteren med barfrost, klake og vind, herja med graset. Tørken på våren og føresommaren har ikkje bidrege til at enga har «reparert seg» slik ho normalt gjer.

Kan ikkje vatna

– Kan du ikkje vatna?

– Det kunne me gjort, om me hadde vatn. Bekkefara er tørre, medan grunnvatnet er så lågt i dette området at vatning er umogleg.

Kolnes driv leigekjøring og presser årleg 15-20.000 rundballar. Han held fram at det er store lokale skilnadar på Lista, og at ikkje alle er like hardt råka. Men i år blir det ingen presserekord.

– Heile Sørlandet er råka av nedbørsmangelen. Som om ikkje manglande nedbør er nok, var det enkelte stadar på Indre Agder så blautt etter snøsmeltinga at bøndene ikkje fekk ut husdyrgjødsla før graset hadde kome for langt.

– Kva tenkjer du om resten av sesongen?

– Løpet for førsteslåtten er kjørt. Det er heldigvis mykje att av vekstsesongen. Eg vonar det jamnar seg ut.

Breie smil på Jæren

– Heilt fantastisk. Våren og føresommaren er som natt og dag i høve til fjoråret, seier Kristian Vinningland, bonde på garden Time på Jæren.

Einaste skåret i gleda over fin vår og sommar er at han fekk to uvarsla millimeter regn på noko av graset han hadde slått.

– Det betyr at me har litt problem med at graset kiler seg i vognene under avlessing. Irriterande nok, men ein bagatell i den store samanhengen.

Vinningland har mjølkeproduksjon som hovudnæring på bruket. Han har både myr og lettare jord han dyrkar gras på.

– Graset på den gode jorda fekk ein kald start på våren. Det har retta seg. Myra lever sitt liv. Under bakken her varer vinteren lengre. Det ligg ein del fukt frå i fjor i myra, som graset og eg nyt godt av nett no.

Han fekk ikkje hausta alt på myrane i fjor. Noko hausteklart gras vart ståande att på rot gjennom vinteren.

– Det betyr at eg fekk litt ekstra vårarbeid med pløying og attlegg. Men når vêret er som i år, gjer det ingen ting. Det er fantastisk å vera bonde og sleppa å sjekka Yr dag for dag.

Kristian Vinningland

– Kva med avlingsmengda?

– Sånn midtvegs i slåtten er det vanskeleg å vera heilt eksakt. Eg har inntrykk av at me får godt med volum og grei kvalitet. Som vanleg er det dei nyare kjelvene som kvitterer med dei beste avlingane.

– No vil du vel ha regn?

– Ikkje nødvendigvis med ein gong. Eg har noko planering- og vedlikehaldsarbeid som skal gjerast på ei myr. Eg kan gjerne ha opphald ei stund til. Bøndene på Jæren har hatt det hektisk med våronn og slått mest på ein gong. Litt regn ville gitt ein pause, det hadde mange hatt godt av nå, smilar han.

Ventar på vatn i Hordaland

– Tørt er det beskrivande ordet, summerer Bodhild Fjelltveit. No må ho vatna det sturande attlegget på garden. Ikkje heilt vanleg praksis i Bergensområdet.

Fjelltveit og familien hennar driv med sau i Hausdal i Bergen kommune. Våren og sommaren har vore uvanleg.

– Sommaren kom rett etter vinteren. Alt eksploderte midt i lemminga. Me måtte sjølvsagt prioritera dyra, dermed vart me i seinaste laget med husdyrgjødsla i høve det som hadde vore optimalt. Noko av gjødsla fekk me regn på, men langt frå alt. Denne lagnaden delar me med fleire sauebønder i fylket.

Slåtten er ikkje langt unna (veke 22).

– Hjå oss haustar me to slåttar. Hadde det kome regn ville me truleg slege graset om ei vekes tid. Slik det ligg an no, kjem me til å venta.

– Korleis er den generelle stoda i Hordaland med omsyn til fôrberginga?

– Store variasjonar, så klart. Særleg med omsyn til produksjon. Me som driv med sau, kan venta og få meir volum, medan dei med mjølkekyr i fjøset i større grad må leggja vekt på fôrkvalitet og dermed slåttetidspunktet. Eg har medkjensle med dei som har kyr og står midt i dilemmaet, mengde eller kvalitet. Einaste trøysta er at det er tørt nok til å køyra utpå med maskinane. Slik var det ikkje i fjor.

 

Bodhild Fjelltveit

Stikkord denne saka: