12022 Todnem: Oksen er svart og kolla og spesielt god på fruktbarheit og jur – ein god «robotokse». Foto: Jan Arve Kristiansen/Oksekatalogen.

På det tradisjonelle julemøtet på Geno-loftet tok Ommund Todnem imot avlsdiplomet for oksen 12022 Todnem. Ein god robotokse med 32 i avlsverdi, var konklusjonen.

Liv Kristin Sola

– Mora var ei grei ku som ikkje skilde seg ut i flokken. Ei slik ku som er frisk og gjer jobben utan at eg strengt tatt legg merke til henne i det daglege.

Slik karakteriserer eigar og mjølkebonde, Ommund Todnem, mor til eliteoksen 12022 Todnem. 12022 Todnem er født på Todnem på Randaberg, hjå Wenche S. og Ommund Todnem. Under Geno sitt årvisse julemøte på Genoloftet på Særheim rett før jul, fekk dei tildelt avlsdiplomet, som ein takk frå Geno.

Paret overtok garden i 2007 og har i dag ein kvote på 410 tonn mjølk i robotfjøs og disponerer 450 dekar dyrka jord.

Avlar på usynlege kyr

Ommund minnast mange kyr med dårleg lynne den gong dei overtok. Heldigvis er lynne ein svært arveleg eigenskap og dagens buskap har godt lynne og er trivelege å arbeide med.

– I løpet av fire år fekk me vekk alt som minner om farleg lynne. No har me fått ei heilt anna stemning i fjøset. Dei beste dyra legg me ofte ikkje merke med, seier Ommund.

Heilt sidan dei tok over har dei nytta seg av utvida avlsplan. Tilfeldigheiter har gjort at dei har hatt fem ulike avlsrådgivarar gjennom desse tolv åra. Ommund meiner dyktige avlsrådgivarar og eit engasjert avlsmiljø har gjort at avlsarbeidet i buskapen har gått i ein god retning, uavhengig av rådgivar. Sjølv held han seg lojalt til planane, der kjøt og feittprosent er dei viktigaste eigenskapane.

– Tørrstoffbetaling og eit godt slakt er også ein viktig del av butikken, seier Todnem.

Mjølkekyrne har ein gjennomsnittleg avlsverdi på 10,3.

Ein god robotokse

12022 Todnem har i skrivande stund 32 i avlsverdi. Han er født 01.11.2017, er svart og kolla, og stamtavla avslører mykje utanlandsk blod. Mor er etter 10971 Seim, mormors far er 28008 R. Haslev. Faren er 24000 Vr Bestman og farfar er 37325 Vr Boudi. 12022 Todnem er sterk på fruktbarheit og jur og har kombinasjonen A2A2 for betakasein.

Ekstra stas: Langsiktig avlsarbeid gir resultat, først og fremst i eigen buskap, men at Geno er interessert er ekstra stas, meiner Ommund Todnem.

Geno sitt avlsdiplom

Avlsdiplomet vert tildelt oppdrettarane av NRF-oksar som vert brukt som eliteoksar og NRF-embryokviger som har produsert godkjent embryo for frysing.
Diplomet vert tildelt éin gong per okse og kvige, og delt ut etter at oksen er vedteken brukt som eliteokse eller kvigene har produsert godkjent embryo for frysing.

Kjelde: geno.no

– Todnem er ein god robotokse som skal gi høge avkom med fint eksteriør, med godt jur og gode bein. Oksen er middels på produksjon av mjølk og kjøt, men har høgt tørrstoffinnhald i mjølka, konkluderer avlsrådgivar Lars Byberg Timpelen i Tine.

Godt avlsarbeid gir resultat. Det viktigaste for bonden er å avle fram gode bruksdyr i eigen buskap, men tanken på å få levere oksar som ein dag kan bli eliteoksar er alltid forlokkande, skal me tru Ommund Todnem. I løpet av 2019 har dei hatt ni oksar og åtte kvigekalvar til vurdering. Fire av kvart kjønn er framleis ikkje avklart om dei er aktuelle for Geno.

Stikkord denne saka: