Kvar tredje: Rogaland hadde 22 prosent av purkene i Norge i år 2000. Nitten år seinare har fylket hand om nær kvar tredje purke.

Vil du slå i bordet med klare landbruksfakta? Nå kan du enkelt finna tal og grafar ved å manøvrera rundt i Fylkesmannen sin nye statistikk.

Sjur Håland

Kor mykje dyrkajord er i drift i din kommune i dag kontra for 20 år sidan? Kva er talet på sauer i Vik i Sogn og kva tid forsvann den siste purka frå Tysnes i Hordaland? Fylkesmannen Vestfold og Telemark sin omfattande oversikt over landbruket i heile landet er nå lett tilgjengeleg i form av eit brukarvenleg rekneark kor tal frå søknad om produksjonstilskot dei siste 20 åra er lagt til grunn.

– Her kan du bla mellom fanene og arbeida med tal og grafar på ein heilt annan måte enn om du går inn på andre offentlege statistikkar, seier Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Alle med tilgang til ein datamaskin og internett kan enkelt få fatt i reknearket.

– Fila er frikopla frå den originale fila. Brukarane kan dermed bla fritt og gjera som dei vil i reknearket utan at noko blir øydelagt, seier han.

Større og færre

– Kva nytte ser du føre deg at statistikken vil ha?

– Nytteeffekten blir stor. Sjølv laga eg nyleg kjapt ein figur basert på statistikken som synar strukturutviklinga i landbruket i Rogaland. Bruka blir i hovudsak færre og større. Det er snakk om store endringar berre på 2000-talet.

Anfinn Rosnes, Fylkesmannen i Rogaland

Statistikken synar også meir stabile tendensar.

– Du finn ting som er kjekke å fortelja også. Til dømes når det gjeld sauehaldet i Dalane og mjølkeproduksjonen på Finnøy. Her held tala seg stabile. Dette synar at det også er mogleg å finna positive utviklingstrekk i statistikken, seier Rosnes.

Anten du vil posta noko på Facebook, skriva eit lesarbrev i lokalavisa eller ha handfaste argument når den kommunale landbruksplanen i din kommune skal reviderast, er statistikken aktuell.

– Ja, og talmaterialet er grundig og blir vedlikehalde. Her er ei kopling mellom Statistisk sentralbyrå og Landbruksdirektoratet med tal som elles hadde vore svært tidkrevjande å henta fram og utarbeidd.

– Har du funne noko som overraska deg?

– Ferien har gjort at eg ikkje har fått studert tala grundig så langt, men endringane innan svin- og kyllingproduksjonen i Rogaland har vore større enn eg var klar over.

Rosnes seier at statistikken illustrerer problemstillingar som at større einingar og færre produsentar i Rogaland gir utfordringar blant anna når det gjeld gjødselhandtering.

– Eg har gjennom statistikken blitt minna om at også dyrehelseutfordringane blir større når einingar i sentrale område veks og fører til at til dømes grisen forsvinn frå distrikta.

1789 færre mjølkebruk

I Rogaland var det i år 2000 2930 bruk med mjølkeproduksjon. I 2019 var talet 1141.

Det er, i følgje Fylkesmannen sitt nye statistikkverktøy, ein reduksjon på 1789 mjølkebruk på 19 år i det store matfylket. For heile landet under eitt i same perioden var talet mjølkebruk i 2000 20.710. I 2019 var det 7512 bruk att. Ein nedgang på 13.198 bruk.
Det er kring 600 båsfjøs att i Rogaland. Eit spørsmål som meldar seg er om me ut frå statistikken kan kalla bruksreduksjonen ei «tilpassing» til lausdriftskravet. Ei tilpassing som vil enda opp med at me ikkje lenger har landbruk i heile landet eller heile fylket når me kjem til 2034.
Assisterande landbruksdirektør i Rogaland, Anfinn Rosnes, synar til funn dei gjorde blant mjølkebøndene i Suldal og Vindafjord, kor talet på mjølkeprodusentar er redusert med høvesvis 39 og 35 prosent sidan 2010.

– Me registrerte den store delen båsfjøs i desse kommunane og opplevde stor uvisse kring framtidsvalet desse bøndene må gjera. Eg fryktar dessverre at me vil sjå ei ytterlegare avskaling, men me ser heldigvis også at det er fleire som vil vera med framover.

Rosnes seier at dei frå kartleggingsprosjektet Bjøllekua i Vindafjord ser at det er vilje til å satsa vidare. Av dei som svarte på undersøkinga sa 52 prosent at dei vil byggja ny driftsbygning.

– At desse bygger og satsar gir ein utruleg viktig smitteeffekt, noko me har sett ekstra tydelege døme på i Finnøy og i Bjerkreim siste tida, seier han.

Nyttige tal frå fylkesmannen sitt rekneark:

Purker og slaktekylling: Rogaland hadde 22 prosent av purkene i Norge i år 2000. Nitten år seinare har fylket hand om nær kvar tredje purke. Rogaland hadde 15 prosent av slaktekyllingproduksjonen i 2000. I 2019 er Rogaland desidert størst også her, med 31 prosent.

Mjølk: Frå statistikken i Suldal kommune. I 2010 hadde kommunen 61 føretak med mjølkeproduksjon. I 2019 er talet redusert til 37, ein reduksjon på 39 prosent. Talet på mjølkekyr er redusert med 25 prosent i same perioden. Grafen synar ein betydeleg auke i talet på føretak med ammekyr. To produsentar dreiv med mjølkegeit både i 2010 og 2019. Dei to har auka talet på geiter monaleg.

Frukt og bær: Dyrking av frukt og bær har vakse formidabelt i Rogaland dei siste ni åra, med høvesvis 39 og 24 prosent. Talet på bærdyrkarar er redusert med 15 prosent, medan det er fire prosent fleire som dyrkar frukt.

Stikkord denne saka: