– Problematikken kring fotråte er ikkje over, var gjennomgangsmelodien då prosjekt og forskingsarbeide kring fotråte på sau hadde avslutningsseminar.
Jofrid Åsland
– Prosjektet har vore vellukka. Det ser ut til at me har fått kontroll på fotråten, sa Magne Jakob Bjørheim, leiar av Rogaland Sau og Geit.
Han er sauebonde, og har vore med å snudd sauer på jakt etter sjukdom. Bjørheim ønska velkommen til seminaret . Han er spent på vegen vidare , og håper Mattilsynet vil nytte kunnskapen og systemet som finst i sitt vidare arbeid med fotråte.
Bønder og forskarar samla seg måndag på Høyland, i Sandnes. Dagen var sett av til avslutningsseminar for Friske føtter og forskningsprosjektet Fotråte hos sau og relaterte infeksiøse klauvlidelser hos storfe i Norge.
– Flinke folk har styrt dette, skrytte Bjørheim.
Det var Sau og Geit som tok initiativet til kartlegginga av fotråte.
– No har me kome over kneika. Det er viktig å framleis vere obs på fotråte, og ta eventuelle utbrot tidleg, sa Kjell Steinar Løland til Bondevennen før seminaret starta.
Han har snudd sauer sidan arbeidet byrja i 2008.
Vegen til kunnskap
– Me har hatt ei grundig kartlegging og skaffa oss god oversikt over fotråte, sa Synnøve Vatn, prosjektleiar for prosjektet Friske føtter, tilsett hjå Animalia.
I sitt innlegg fortalde ho om vegen til kunnskap om sjukdomen. Ho opplyste at ein berre kjenner til fotråte i Rogaland og Aust-Agder per i dag.
Prosjektleiaren er litt uroleg for at ordet avslutningsseminar vil føre til at folk tenker at fotråte ikkje lenger er eit problem.
– Det er viktig at me tek lærdom av erfaringane med sjukdomen, tenker førebyggande og er på utkikk etter sjuke dyr, sa Vatn.
Les meir om fotråte i Bondevennen nummer 44.
Stikkord denne saka: Sau