Julian Østberg Egeli, Pernille Waage og Tollak Nedreggard Karlsen var god hjelp då det skulle sås rundt baurtasteinen.

Julian Østberg Egeli, Pernille Waage og Tollak Nedreggard Karlsen var god hjelp då det skulle sås rundt baurtasteinen.

Stafettpinnen har gått vidare. No er to bautasteinar reist i jordvernet sitt namn i Rogaland. Den siste på Austrått i Sandnes kommune.

 

Jane Brit Sande

 

–    Jordområda her på Austrått er sterkt truga av utbygging. Med denne bautasteinen ynskjer me å rette merksemda mot den store verdien matjord har, og at dei vala som blir tatt i dag har store konsekvensar for dei komande generasjonane, fortel Tore Oftedal frå jordvernsutvalet i Sandnes Bondelag. Det er jordvernsutvalet som er initiativtakerane til å få på plass dette monumentet. Dei har sjølv fått steinen på plass.
–    Området her meir er no, er verna mot utbygging, men store jordbruksareal er truga av dei som vil ha områda inn i byutviklingsplanane. Me vil visa at bynært landbruk og byutvikling kan gå hand i hand, held han fram.

Stafettpinne

Tilstade på avdukinga var Helge Todnem. Han og Randaberg Bondelag avduka ein bautastein for jordvern på Randaberg i slutten av april, og håpa fleire ville gjere det same. Bondelagsleiaren sa seg nøgd med at det ein månad seinare var eit nytt monument på plass.
–    Eg synast dette er så flott! Det skulle ha vore ein bautastein i kvar bygd, helst i kvart kryss, seier Todnem entusiastisk.
–    Eg veit det er fleire lokallag som har veldig lyst å få til noko liknande, og håpar dei får det til. Det må ikkje vere ein bautastein slik som her på Austrått og på Randaberg, det kan for eksempel vere tre store steinar i ei klynga, føreslår han.

 

Born frå Strutsen Barnesenter song to songar-

Born frå Strutsen Barnesenter song to songar-

Tore Oftedal frå jordvernutvalet i Sandnes Bondelag.

Tore Oftedal frå jordvernutvalet i Sandnes Bondelag.

Milla Strømland Norum og Hannah Sletten hjelpte Sandnes-ordførar Stanley Wirak med avdukinga.

Milla Strømland Norum og Hannah Sletten hjelpte Sandnes-ordførar Stanley Wirak med avdukinga.

Ei info-tavle om jordvern på Austrrått blei òg avduka.

Ei info-tavle om jordvern på Austrrått blei òg avduka.

Julian Østberg Egeli var nøgd med ein kartong Litago som takk for innsatsen.

Julian Østberg Egeli var nøgd med ein kartong Litago som takk for innsatsen.

Stikkord denne saka: