Held att: Roboten kan rapportere avdrått, men ikkje celletal. Utan celletal kan ikkje dyrevelferdsindikatoren godkjennast. Dermed krev Tine at bonden sender inn mjølkeprøvar av enkeltkyr to gonger i året om dei vil ha to øre i berekraftstillegg. Per i dag er det 86 prosent av kubøndene som oppfyller krava til dyrevelferdsindikatoren. Foto: TINE/ Einar Engdal

Tine innfører eit såkalla berekraftstillegg på to øre per liter mjølk. Eit av krava er å levere to mjølkeprøvar av enkeltkyr per år. – Meiningslaust, seier bonde Tarald Magne Oma.

Liv Kristin Sola

Mjølkebonde og Tine-eigar Tarald Magne Oma er oppgitt. Å akseptere klimakalkulatoren og dyrevelferdsindikatoren er éin ting. Men kravet om å sende inn mjølkeprøvar på enkeltkyr, to gonger i året for å oppfylle dyrevelferdskravet, har fått bonden til å reagere.

– Eg kan ikkje forstå korleis to tilfeldige prøvar kan seie noko som helst om velferda til kyrne mine. Det er eit spel for galleriet, seier han.

Roboten dokumenterer

Oma minner om at over seksti prosent av mjølka her til lands blir mjølka i robot. Mange bønder har investert i utstyr som måler celletal i mjølka frå enkeltkyr fleire gonger i døgnet. Prøvane viser at celletalet kan variere mykje i periodar.

– To tilfeldige prøvar har ingen verdi. Det er toppen av vas, seier han.

Jærbonden forstår verdien av å dokumentere god dyrevelferd, men viser til at Tine tar analysar av tankmjølka minst ein gong i veka, og roboten kan dokumentere celletal på enkeltkyr langt tilbake i tid.

– Å sende to prøvar til eit laboratorium når me har alt på roboten, er å gå baklengs inn i framtida. Me må ha eit system med edruelege krav, både til klima og dyrevelferd, seier mjølkebonden.

Må gi meining

Oma trur berekraftstillegget er eit forsøk frå Tine på å vere forkant med tanke på krav frå kundane.

– Blir det feil?

– Nei, men landbruket har ein klimaavtale med staten. Då må me halde oss innanfor dei rammene som er lagt i avtalen. Me kan akseptere mykje, men det må gi meining. Me har nok frå før, seier han.

Oma meiner Tine heller må bruke tida på å få på plass ein avtale som gjer det mogleg å overføre opplysningar frå robotane til Kukontrollen.

– Dette er mine opplysningar. Dei bør eg kunne dele til kven eg vil, seier han.

Eit minstekrav

Nettopp overføringa av data frå mjølkeroboten er noko av kjernen i problemet. Organisasjonssjef i Tine Medlem, Gunnar Dalen, seier til Bondevennen at han langt på veg forstår Oma sin frustrasjon. Til liks med bøndene ønsker også Tine at dei som har robot med sensorar skal kunne overføra data direkte frå robotane. Etter bonden sitt samtykke.

– Det er i dag mogleg å overføra mange data frå mjølkerobotane gjennom datautvekslingssamarbeidet NCDX, men me får ikkje all informasjon som dyrevelferdsindikatoren treng. Dette vert det arbeidd med å finne ei løysing på internasjonalt, seier Dalen.

– Men to prøvar i året gir eit tilfeldig bilete av status for celletal. Forstår du at eit slikt krav er vanskeleg å akseptere?

– Bøndene er pressa frå alle kantar, så eg forstår at nye krav er ei påkjenning. Men for at dyrevelferdsindikatoren skal fungera og gi ein verdi for buskapen, må den ha data frå minst ein kontroll med analyse dei siste seks månadane. Det er eit absolutt minimum, og fleire kontrollar med analyse gir sikrare verdiar, seier Dalen.

Me kan akseptere mykje, men det må gi meining.

Tarald Magne Oma

Må finne eigne tal

Bakgrunnen for å innføre berekraftstillegget er, ifølgje Dalen, stadig strengare krav frå kundane om å levere produkt som er produsert på ein dyrevenleg, berekraftig og klimasmart måte.

– KSL er ein del av dette. Men også krav til klimautslepp og dyrevelferd blir skjerpa, både frå kundane våre og frå det offentlege, seier han.

Organisasjonssjefen understrekar at utan dokumentasjon av status kan ein korkje vete kor ein står eller korleis ein kan bli betre.

– Me er sikre på at dyrevelferda generelt er god og at klimautsleppa er låge, seier Dalen, og viser til ein Cicero-rapport frå 2016 som konkluderer med at utslepp per kilo mjølk her til lands truleg er godt under halvparten av det internasjonale snittet.

– Men utan dokumentasjon vert internasjonale snitt-tal lagt til grunn, også for norsk mjølkeproduksjon, seier Dalen.

Også på dyrevelferd ligg Noreg eit stykke bak dei beste, i alle fall på dokumentasjon, skal me tru organisasjonssjefen.

– Dyrevelferdsindikatoren er basert på verdas dyrehelseorganisasjon sin standard for å vurdere dyrevelferd. Me har ikkje kome på dette åleine, og det er liknande system i andre land. Me har langt igjen før me blir best, seier Dalen.

Gulrot eller pisk?

Berekraftstillegget på to øre vert finansiert ved at tilskot til eigenregistrering vert avvikla. I så måte er det ikkje eit tillegg, men ei omfordeling. For Tarald Magne Oma betyr det trekk i mjølkepris på 12.000 kroner i året dersom han lar vere å sende mjølkeprøvar til analyse.
På spørsmål om kvifor berekraftstillegget ikkje kan vere reelt tillegg, ei gulrot, svarar Dalen slik:

– Tine Råvare betaler ut målpris, minus kostnad med råvarehandtering, og har ikkje lov til å auke mjølkeprisen ut over målpris. Endra prioritering vil alltid bety ei omfordeling. Styret har difor vedteke å flytte to øre frå å motivere til eigenregistrering til å motivere til dokumentasjon av dyrevelferd og klimatiltak, seier Dalen.

– For bønder som ikkje har utstyr til å ta ut mjølkeprøvar krev det ei ekstra investering på fleire titals tusen kroner. Her ligg det an til kreative løysingar?

– Eg trur ikkje at fleirtalet tenker slik, men eg forstår behovet for å kunne overføre data. Det jobbar me for å få til, seier Dalen.

– Kvifor er det så krevjande å få tak i celletal, når andre data allereie vert overført?

– Det kan eg dessverre ikkje svare på, men eg veit at desse tinga vert det jobba med internasjonalt, seier Dalen.

– Kunne Tine ha venta med å innføre kravet til celletalsprøvar til overføring kom på plass?

– For å få eit tal for energikorrigert mjølk og jurhelseparameter så treng me minst to analysar av enkeltkyr, seier Dalen.

Stille i båten

Oma er leiar av Time Bondelag og har hatt mange frustrerte bønder på telefon sidan det nye tillegget vart kjent.

– Medan Tine gjer seg lekre for kundane sit Q stilt i båten, seier han.

Sjølv har samvirkebonden ingen planar om å skifte meieri, men han har vore i kontakt med fleire som vurderer nettopp det. For Gunnar Dalen i Tine er slike reaksjonar ikkje uventa.

– Bøndene står sjølvsagt fritt til å levere mjølka der dei vil, men norske bønder er tente med eit solid meierisamvirke, seier Dalen.

Oma fryktar ikkje berre overgang til Q. Med skjerpa krav både i 2024 og ikkje minst fram mot 2034, er det mange som tel på knappane om dei skal halde fram. Ikkje minst i vest og i sør.

– Tine må ikkje legge stein til børa. Mange slit med å få endane til å møtast og arbeidsdagen til å strekke til. Legitimiteten til norsk matproduksjon er avhengig av eit landbruk i heile landet. Stadig nye meiningslause krav kan bli dropen som får begeret til å flyte over, seier Oma.

Berekraftstillegget

Frå og med avrekninga for mjølk levert i januar innfører Tine eit berekraftstillegg på to øre per liter mjølk levert til meieriet. Tillegget vert finansiert ved at kompensasjonen til eigenregistratorar vert avvikla.
For å få utbetalt berekraftstillegget må bonden registrere seg i klimakalkulatoren og ha ei berekning i dyrevelferdsindikatoren på plass i løpet av januar.

Klimakalkulator: For å få berekraftstillegget er det nok å logge seg inn i klimakalkulatoren og gi kalkulatoren tilgang til tilskotsdata. Hugs å krysse av for at Tine skal få informasjon om at du har gitt klimakalkulatoren tilgang til tilskotsdata.
Gir du i tillegg tilgang til at avrekningsdata, informasjon frå Husdyrkontrollen og skifteløysing kan overførast, blir berekningane av klimagassutsleppa meir nøyaktige for din gard.

Dyrevelferdsindikator: For å oppfylle dyrevelferdsindikatoren må du ha vore medlem i kukontrollen dei siste tolv månadane og ha tilstrekkeleg data registrert. I tillegg må du ha minst éi mjølkeveging med prøveuttak frå enkeltkyr dei siste seks månadane.  

Stikkord denne saka: