bv43_aktuelt

Karoline Fagereng Kvamme frå NLR Rogaland og Martin Svebestad frå Klepp Rekneskapslag inviterar til kursserien: Betre Bonde – bedriftsleiing med bakkekontakt.

– Sjølvleiing er undervurdert, seier Martin Svebestad i Klepp Rekneskapslag.

 

Eirik Stople

I veke 44 dreg Karoline Fagereng Kvamme frå NLR Rogaland og Martin Svebestad frå Klepp Rekneskapslag i gang kursserien; Betre Bonde – bedriftsleiing med bakkekontakt.
Kurset, som går over fire kveldar, er utarbeidd i regi av Norges Bondelag. Økonomirådgivar Ole Chr. Hallesby har hatt det faglige ansvaret. Det første kurset går av staben i Strand i Ryfylke, målet er å halda fleire Betre Bonde- kurs i Rogaland utover hausten og vinteren.

Undring

– Har landbruket tilstrekkeleg merksemd på temaet leiing?
– Vi må sjå på leiing som eit fag, som bøndene har konkret nytte av på lik line med andre fag. Det undrar meg at enkelte kombinerer stor drift med tilsynelatande god tid og god kontroll, medan andre har ein svært stressa kvardag, seier Martin Svebestad.
Han trur at noko av svaret ligg i evne til sjølvleiing, at ein tek dei rette vala til rett tid.
– I eit litt vidare perspektiv handlar god leiing om å få eit betre liv, om motivasjon og om drivkraft.
Den første kurskvelden vil vi mellom anna drøfte tema som kompetanse og bedriftsleiing.
Kva blir kravd av meg? Bonden si rolle i samfunnet og korleis takle risiko. Vi kjem også inn på leiaroppgåver og sjølvleiing.

Den menneskelege ressurs

– Kva tenker du på då?
Eg tenker på noko så jordnært som administrative rutinar og papirarbeidet ein ikkje kjem unna som bedriftsleiar. Her har eg eit enkelt råd; jobb med papira om føremiddagen. Då tenker ein klarast, det er enklast å få ro og ein viktig ting til; på føremiddagen er det enklast å få tak i dei du skal ha fatt i, om det er ein kontorist eller ein handverkar. Den andre kurskvelden tek vi opp tema som; livsstil og livskvalitet, motivasjon og nettverk, kommunikasjon og ikkje minst, organisering av arbeidsdagen.

Økonomi

– Leiing handlar vel stort sett om økonomi?
– Det blir for snevert, jfr. det vi har snakka om. På økonomikvelden ser vi på korleis den enkelte bedriftsleiar kan styre sin økonomi. Kva styringsparameter styrer vi etter? Mange ser på driftskreditten som fasit for økonomisk status. Men økonomistyring er meir enn å tenka likviditet. Vi vil trekka fleire dimensjonar inn i dette temaet. Ellers kjem vi inn på spørsmålet; korleis skapar du ei bedrift? Og så er det alltid viktig å tenka litt framover. Denne gongen blir det mindre merksemd på dekningsbidrag og tal.

Framtida

– Kan du seie noko sikkert om framtida?
– Sjølvsagt ikkje, men overskrifta for kvelden er vegen vidare. Kvar er vi om 10 år. Ei viktig side ved leiing er å vite kor ein vil. Vi skal prøve å konkretisere vidløftige ord og omgrep som visjon, strategi, mål og handling. Kva grip vi fatt i nå og korleis er vi rusta til å takle endringar?

Oppsummering

– Kurset er ikkje nytt i Norge, men nytt i Rogaland. Det er aktuelt for begge ektefeller/sambuarar/generasjonar. Hugs at leiing også handlar om vegval som bind opp familien i fleire ti-år. Når ein skal drøfte føresetnadar for ei investering treng ein kvarandre som samtalepartnarar, ein må tenke som styremedlemmer i ei bedrift, avsluttar Martin Svebestad.

Stikkord denne saka: