Bondens gull: Bonden sit på ein stor verdi i husdyrgjødsla. Ein verdi som vert endå større om den går gjennom ein biogassreaktor og kjem i retur til bonden, meiner Kristian Spanne.

Å sende husdyrgjødsla gjennom eit biogassanlegg vil bli heilt avgjerande for landbruket i dei husdyrtette områda. For bonden vil det bety betre agronomi, betre dokumentasjon og auka lønsemd, meiner Kristian Spanne i Bioenergi Finnøy AS.

Liv Kristin Sola

Biogass, husdyrgjødsel og spreieareal er stadig tilbakevendande tema i landbruksdebatten. Planar og tankar heng i lufta, men få prosjekt er realisert, så langt.
Med ei ny gjødselvareforskrift er i vente, tyder no mykje på at det blir meir alvor og realisme i planane. Med eit gigantanlegg under planlegging på husdyrtette Jæren, har samvirkeorganisasjonane også samla seg om eit felles prosjekt, i lag med fleire aktørar.

Lang motbakke

Medan anlegget på Jæren framleis berre er på tankestadiet, er Bioenergi Finnøy klar til å bygge. Om dei får den avgjerande finansieringa på plass. Det her teke 13 år å koma så langt. Finansiering har vore den største utfordringa.

– I 2009 sa landbruksdirektøren i Rogaland at 60 prosent av husdyrgjødsla i Rogaland skulle gjennom ein biogassreaktor innan 2020. Me reiste heim i fyr og flamme og etablerte Bioenergi Finnøy AS. Men sidan den gong har det vore mykje motbakke, seier Kristian Spanne, som er styreleiar og prosjektleiar i Bioenergi Finnøy.

Medan tida har gått har planane endra seg, og dagens anlegg er meir ambisiøse enn den første skissa som vart lansert.

Kristian Spanne
Foto: Oddbjørg Marie Måland, Øyposten.

– Anlegget har kapasitet til 40 000 tonn husdyrgjødsel i året, seier Spanne.

Han har merka at husdyrbøndene ikkje vil gi frå seg gjødsla utan å få betalt.

– Slik er ikkje verda, seier Spanne.

Per i dag er lønsemda så marginal at det er uaktuelt å betale for husdyrgjødsla. Planen er tvert om at transportkostnaden tur/retur skal finansierast ved at bonden og biogasselskapet deler på tilskotet som bonden får frå staten (rundt 100 kroner per tonn) for å levere gjødsla til ein bioreaktor.

– Hugs at den aller viktigaste gevinsten for bonden er at fosforinnhaldet i gjødsla vert meir enn halvert. Med venta skjerping i krav til spreieareal, vil bruk av biogjødsel vere heilt avgjerande for å oppretthalde produksjonsvolumet i eit så husdyrtett område som Finnøy. I tillegg vil utgifter til kunstgjødsel og sprøytemiddel bli redusert, og bonden kan dokumentere ein positiv effekt i klimarekneskapen, seier Spanne.

Bønder, organiser dykk

Om eit biogassanlegg ikkje er lønsamt i dag, betyr det ikkje at det vil vere slik for all framtid. Spanne rår bøndene til å organisere seg for å få informasjon og innverknad på kva som skal skje i framtida.

– Eg føreslår eit bondeeigd AS, Bondegass Finnøy til dømes, kor bøndene går inn med kapital, vel eit styre og ein styreleiar. Leiaren vert bøndene sin representant inn i styret til Bioenergi Finnøy. Aksjekapitalen i eige selskap kan de investere i biogasselskapet. Slik blir de medeigarar i biogasselskapet og får eit eventuelt utbytte på lik linje med andre aksjonærar, seier Spanne.

Oppdyrka: …og husdyrtett. Jordbruket på Finnøy utanfor Stavanger, produserer mykje gjødsel til eit biogassanlegg. Lausnes markert med kvit ring. Foto: Kilden, Nibio

Betre tilpassa gjødsel i retur

Det er mange fordelar med biogass, oppsummerer Spanne.

Meir nitrogen og mindre fosfor: For husdyrbønder med grasproduksjon er det den blaute delen som er interessant. Etter å ha vore gjennom ein biogassreaktor og separering, vil den våte delen (bioresten) ha rundt 70 prosent mindre fosfor og 70 prosent av nitrogenet blir med i den våte delen.

– Det betyr i praksis at bonden kan doble mengda tilført husdyrgjødsel (biorest) per dekar, gitt dagens krav. Det reduserer behovet for innkjøpt nitrogengjødsel, seier Spanne.

Meir tilgjengeleg nitrogen: Når gjødsla går gjennom ein biogassreaktor vil organisk nitrogen bli omdanna til uorganisk (ammonium), som er meir tilgjengeleg for plantene. Ifølgje Spanne vil det auke tilgjengeleg nitrogen for plantene frå 40 til 80 prosent.

– Den våte bioresten kan spreiast på beite gjennom heile vekstsesongen, ikkje berre om våren, slik som i dag, seier Spanne.

Sparte kostnadar: Bioresten er nærast fri for ugrasfrø og sporar, og den er tilnærma luktfri.

– I praksis betyr det betre mjølkekvalitet (der sporar har vore eit problem), mindre bruk av plantevernmiddel, – og mindre klagar frå naboar, seier Spanne.

Meir presis gjødsling: Gjødsla som kjem i retur vi ha ein deklarasjon på faktisk innhald av næringsstoff.

– I tillegg til redusert behov for kunstgjødsel, vil det betyr ei meir presis gjødsling. Denne dokumentasjonen er ikkje minst viktig for bonden sitt klimarekneskap, seier Spanne.

Satellittlager: Skal du ta imot biogjødsel må du ha ein separat tank eller lager (satellittank).

– Ein kostnad for somme, men sparte kostandar for dei som kan få transportert gjødsla til eksisterande lager der den skal nyttast, seier Spanne. I sum vil desse faktorane gi sparte kostnadar for bonden. Kor mykje er ikkje lett å rekne på før dei er i gang med drifta og får meir presise og sikre tal. Og ikkje minst får testa det ut i forsøk.

– Me har laga eit rekneark som viser lønsemda for kvar einskild gard, seier Spanne.

Med andre ord…

  • Biogjødsla vert homogenisert og tyntflytande og kan spreiast på beite gjennom heile vekstsesongen.
  • Nitrogenet er omdanna til uorganisk ammonium og blir meir tilgjengeleg for plantene.
  • Mindre avrenning.
  • Redusert behov for innkjøpt nitrogen og sprøytemiddel.
  • Biogassprosessen tar knekken på det meste av sporar og ugrasfrø, og gjødsla vert luktfri.
  • Du får ei analyse av innhald i bioresten og kan optimalisere gjødslinga.
  • Dokumentasjon på næringsinnhald vil bli viktig for klimarekneskapet.
  • Gjødsla blir levert der du vil ha den.

Prosessen på anlegget

  • Reaktoren treng «fersk» gjødsel, og husdyrgjødsla blir henta på garden ein gong per månad.
  • Husdyrgjødsla vert blanda med fiskeslam og avfall frå slakteri og veksthusnæringa. Husdyrgjødsla utgjer opp mellom 80 og 90 prosent av det såkalla substratet.
  • Avfallet frå slakteriet blir hygienisert før den går gjennom biogassreaktoren.
  • Når gassen er fjerna går bioresten gjennom ein separator som skil gjødsla i ein tørr og ein våt del.
  • Mellom 70 og 80 prosent av fosforet i husdyrgjødsla vert skilt ut med den tørre delen.
  • Opp mot 70 prosent av nitrogenet følgjer den våte delen.
  • Den våte bioresten vert køyrt i retur til garden eller til eit eksternt lager dersom bonden ønsker det. Den skal etter planen innehalda 500 gram fosfor per tonn.
  • Målet er at den fosforrike tørre bioresten kan seljast kommersielt og den blaute delen må nyttast heilt lokal.

Ta ei hand på roret

Kai Petter Flesjå er ein av finnøybøndene som tidleg engasjerte seg ved å kjøpe aksjar og få ein plass i styret til Bioenergi Finnøy. Han driv med mjølk, sau og kylling, og er ein av dei som må transportere gjødsel vekk frå garden.

– Det viktigaste for min del er å få dokumentasjon på kva eg tilfører av fosfor, og at eg får ei gjødsel eg kan nytte meir agronomisk korrekt. At dette kan køyrast på beite i beitesesongen er også ein stor fordel, seier bonden.

Korleis dette vil sjå ut i framtida avheng av kva som skjer med spreiearealkrava. Flesjå har eit håp om at meir dokumentasjon på avling og tilført gjødsel kan gi eit meir individuelt tilpassa regelverket. Alt set inn i ein større samanheng, eit klimarekneskap.

– Bør bøndene få betalt for gjødsla?

– Ja, den dagen prosjektet er oppe og går og er rekningssvarande, men å forlange betaling frå eit prosjekt som ikkje går i pluss er ikkje mogleg. Men her er det ikkje berre kapitalen som på sikt skal tene pengar. Difor må me bønder ta ei hand på roret og ta del i prosessane i ein tidleg fase. Det er no mykje vert avgjort, og me bønder bør nok organisere oss, seier Flesjå.

Stikkord denne saka: ,