Små lam og bakkehekkande fuglar blir eit lett bytte.

Eirik Stople

Se video tatt med viltkamera av Magne Helleland:

Bøndene, Magnus Søyland, i Gjesdal, og Magne Helleland, Tjelta, i Sola kommune, ser ein samanheng mellom aukande rovviltbestand og tilbakegang av bakkehekkande fuglar.

– I år har vi registrert ein dramatisk nedgang av symbolfuglen vår, vipa, fortel bøndene, og har ein klar oppfatning av at auka rovviltbestand er ein større trussel mot vipe, tjeld og andre bakkehekkande fuglar enn omlegginga av driftsformene i jordbruket.

Revebestand ute av kontroll

Magnus Søyland er leiar av Storavatn storvald, i Gjesdal kommune. Valdet er på 100.000 dekar og har 80 grunneigarar. I oktober 2015 søkte Søyland, på vegne av styret for valdet, kommunen om delegert myndighet til å ta ut revehi, innafor valdet, når det er dokumentert at reven har teke lam.

Bakteppet er at revebestanden, i følgje Søyland, er i ferd med å koma ut av kontroll og at storvaldet ønskjer å førebygge ein økologisk ubalanse i naturen, med svært alvorlege konsekvensar for sauenæringa og bakkehekkande fugl.

Kommunen/Fylkesmannen imøtekom ikkje søknaden om eigenforvaltning av revebestanden, men gav ein betinga fellingstillatelse i fredingsperioden; 15. april til 15. juli 2016 . Vilkåret for å ta ut hi, utan søknad, er at ein dokumenterer skade på lam. Det er sett visse vilkår, mellom anna skal hiet/kvelpar tas ut før mordyra.

– Med dette får vi vi raskar avgjerd og ei meir effektiv jakt, seier Søyland.

Bilde av vipa

Vipa er ein symbolfugl i kulturlandskapet. Foto: Arne Jostein Lyshol.

Dugnad for å dokumentere reirøving hos bakkehekkande fugl

– Storavatnet storvald ønskjer å dra i gang ein felles dugnad med ornitologar, jegerar, bønder og andre, i heile Bondevennen sitt nedslagsfelt, fortel Magnus Søyland. Finn ein bonde eit reir, får han jegeren i området til å sette opp viltkamera, som ikkje er så mykje i bruk på denne tida. Målet er å rapportere og dokumentere om hekkinga var vellykka eller om måren, reven eller andre predatorar tok egga.

Planen er å gjennomføre dette til neste år, fortel den entusiastiske bonden.

Har dokumentert i fleire år

bv17_aktuelt3e

Magne Helleland (t.v) og Magnus Søyland er opptekne av å dokumentere årsaka til at vipa og andre fuglar som hekkar på bakken er i sterk tilbakegang i kulturlandskapet.

Bondevennen har, saman med Magnus Søyland, besøkt Magne Helleland, på Tjelta, for å sjå nærare på bruk av viltkamera. Magne har i fleire år sett opp viltkamera, som dokumenterer at reven er ein stor reirrøvar.

– Eg har lenge registrert ein nedgang i vipebestanden, men i år er nedgangen dramatisk. I år registrerte eg berre fire reir, to av dei er plyndra av rev og andre rovdyr, fortel Magne Helleland. PS. Etter besøket blei også det tredje reiret plyndra av rev.

– Eg er ikkje i tvil om at Bernkonvensjonen av 1986, konvensjonen om biologisk mangfald som blei ratifisert i 1993, og den nyleg vedtekne naturmangfaldlova er ein stor trussel mot fuglane som hekkar på bakken. Vipe og rev går ikkje i hop. Ideen om biologisk mangfald skaper ubalanse. Utan bestandstal og bestandsmål er det uråd å drive forvalting. Og med inga forvalting er det den sterkaste som vinn. Det er det vi ser resultatet av, med tilbakegangen av dei markhekkande fuglane. Vi kan seie at dette er ei ønska utvikling, ein uunngåeleg konsekvens av ideen om biologisk mangfald, seier fuglekjennaren.

Dei to naturinteresserte bøndene er svært opptekne av å få dokumentert årsak og verknad til den store nedgangen av bakkehekkande fuglar i kulturlandskapet.

– Dokumentasjon, ved hjelp av viltkamera, er eit viktig steg i å bygga opp kunnskap om kva som skjer med reira. Det gir grunnlag for ein kunnskapsbasert dialog med naturforvaltinga, meiner Magnus Søyland og Magne Helleland.

Stikkord denne saka: , ,
Share This